Oberstløytnant i USA: Ukraina vinner ikke. Forhandlinger er løsningen

Derimot.no

derimot.no:

Av Daniel Davis, tidlegare oberstløytnant i den amerikanske hæren. Henta frå 19fortyfive.com. Omsett av saksyndig.

Kan Ukraina verkeleg slå Russland? – I løpet av dei siste dagane har ein haug med høgtståande leiarar både i Ukraina og Washington kome med trassige påstandar der dei ikkje berre står i mot russisk aggresjon, men òg pressar på for beint fram siger. Medan slike ønske er fullstendig forståelege, er det uklokt å fastsetje ein politikk der ein søkjer eit føretrekt utfall dersom det ikkje eksisterer ein rasjonell måte som Ukraina kan oppfylle det målet på. På noverande tidspunkt støttar dei fleste indikatorar, fundamental krigslære og noverande slagmarks-trendlinjer at Ukraina vil tape.

___________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
___________________________________________________

I ein tale sist månad på Ukraina sin «Sigersdag» der ein minnest korleis Nazi-Tyskland vart sigra over i Andre verdskrig, erklærte president Volodymyr Zelensky kategorisk at akkurat som Ukraina slo sin fiende i 1945, «har vi ingen tvil om at vi vil vinne» krigen mot Russland. Zelensky sin utanriksminister gjekk eit steg lenger, og la til at Kiev ikkje berre var ute etter å vinne Slaget om Donbas, men definerte «siger for oss i denne krigen vil vere frigjeringa av» alle ukrainske territorium. Der har ikkje vore nokon mangel på vestlege stemmer som støttar denne ideen – og i eit tilfelle, har eskalert krigen.

Og det er ikkje alt. I ein appell til det ukrainske parlamentet sist veke, sa den britiske statsministeren Boris Johnson at Ukraina sin krig med Russland var eit regelrett tilfelle av «godt versus vondt», og at «Ukraina vil vinne; Ukraina vil bli fritt.» På laurdag sa republikanaren Seth Moulton at USA ikkje berre burde hjelpe Ukraina med å forsvare seg sjølv, men ope erklære at USA var «fundamentalt i krig» mot Russland, via stadfortredar, og «det er viktig at vi vinn». Ein skulle tru at alle desse stadig meir optimistiske ytringane kom av handfast bevis på at Russland taper. I staden skjer nesten det motsette.

persons right foot on white wall
Er Ukraina i ferd med å vinne krigen?

I vitnemål føre Senate Armed Services Committee tysdag, sa direktøren for Nasjonal etterretning Avril Haines at han trur Putin «førebur seg på ein forlenga konflikt i Ukraina» og framleis har ambisjonar som går forbi Slaget om Donas. Haines sa at han trudde at den russiske leiaren «sannsynlegvis» ville gje ordre om eit visst nivå av ei nasjonal mobilisering for å støtte slike mål. Bevis på bakken støttar slikt eit sannsyn og hjelper til med å forklare kvifor Putin sannsynlegvis vil føreta seg eit slikt trekk.

Etter den utførleg dekte katastrofen av Putins opningsrunde av åtak seint i februar og tidleg mars, har det russiske militæret gjort eit tal effektive trekk for å reorientere seg sjølve, korrigere taktiske og operasjonelle manglar, og presse mot oppnåelege militærobjektiv. Den siste månaden og lenger har Russland overført desse endringane til metodisk, om langsam, slagmarksuksess.

I midten av april tok Russland det viktige transportknutepunktet Izyum nær den nordlege kanten av Donbas-linjene. For berre nokre dagar sidan, etter eit slag som har vart nesten to månader, tok Putins troppar nok ein nøkkelby i nordlege Donbas som kontrollerer fleire essensielle vegknutepunkt i Popasnaya. Kreml-styrkar har no rykt djupare inn i Severdonetsk, noko som set ukrainske troppar i fare ved Lusuchansk, like sørvest for Severdonetsk.

Russland ser ut til å bruke taktikkar som kopierer det som fungerte for dei i Mariupol: å omringe ein by med bakketroppar, stengje av ukrainske styrkar si evne til å få forsterkingar (eller mat, vatn og drivstoff), for deretter å ustoppeleg pepre laus på ukrainske posisjonar med artilleri, raketteld og luftåtak, noko som progressivt krympar ringen rundt byen.

Til slutt rykkjer russiske troppar inn med infanteri og skjold for å slå ned forsvararane når dei er på sitt svakaste, noko som tek byen. Mønsteret har vist seg effektivt og er no på nytt teke i bruk i talrike ukrainske festningar i Donbas. Russlands strategi i Donbas kjem i eit skarpare relieff med takinga av kvar større by, og det ser ikkje lovande ut for Kiev.

Der skjer ei forming av lommer rundt dei ukrainske troppane på den nordlege kanten av Donbas. Russland er ute etter å omringe UAF-troppane i denne lomma ved å mette ukrainske nøkkel-festningar med tungt bombardement, der dei prøver å skrelle vekk fleire byar på utsida av lomma, noko som i aukande grad tvingar UAF-forsvarar anten lenger vest – eller fangar dei i lomma og deretter øydelegg dei med eld og sidan bakketroppar.

yellow and blue crane near body of water during daytime
Fra Mariupol

Etter å ha teke Izyum, Popasnaya, og rykt vidare til Severdonetsk, investerer Russland no tungt i Lysychansk, Kramatorsk og Slaviansk, kvar av dei byar med 100 000 innbyggjarar eller meir. Der er titusenvis av Ukrainas beste, mest erfarne troppar som bemannar frontlinjene i Donbas. Dersom Russland med suksess tek nok byar der, som stengjer ute UAF-troppane, kan dei gjenta dei blodige taktikkane som dei brukte for å øydeleggje Mariupol.

Russland vil prøve å omringe forsvararane i det nordlege hjørnet av Donbas og sakte svelte dei for forsyningar medan dei nådelaust peprar dei med tunge våpen. Dersom det nordlege hjørnet blir teke av Russland, vil dei gjenverande UAF-posisjonane i dei sentrale og sørlege delane av Donbas – som allereie er under ustanseleg russisk eld – bli umoglege å halde.

Om Putin har nok troppar, ammunisjon og tid til å fullføre øydelegginga av UAF-posisjonar i Donbas utan å mobilisere ein del av sine reservestyrkar, er eit ope spørsmål. Det som derimot er tydeleg, er at Russlands noverande operasjonar sakte kveler ukrainske troppar i Donbas, og at trass optimistisk retorikk frå Kiev og vestlege hovudstader, tenderer slaget mot russisk taktisk suksess, kanskje innan to månader.

Om ein snakkar militært, er det svært lite håp om at sjølv all den lovde støtta av tunge våpen og ammunisjon frå Vesten kan bli levert til fronten, at dei ukrainske troppane blir tilstrekkjeleg trena, og at våpen hamnar der i tide for å endre kursen.

Der er alltid høvet for at Russland kan gå tom for damp før dei fullfører omsirklinga, at Ukraina er i stand til å hale ut slaget meir enn to månader, og at ein fastlåst situasjon kan bli vunnen av Kiev. Men det fell meir i kategorien «håp» og er eit dårleg grunnlag å basere forventningar på. Ved å ignorere denne slagsmarksrealiteten, gjer Vesten klar scena for ei potensiell opphoping av problema sine.

Leiarane i Ukraina og Vesten held fram med å kome med påstandar som får publikummet deira til å tru at ting blir betre, at krigen trendar i deira favør, og at dei vestleg-lovde tunge våpena snart vil stoppe det russiske avansementet. Det forblir i beste fall eit fjernt prospekt. Å basere politikken på forventninga om noko so usannsynleg (men høgst føretrekkjande) utfall, heller enn den realistiske moglegheita for at Russland kan ta Donbas, er uklokt og farleg. Ta til ettertanke konsekvensane av denne uviljen til å stå overfor harde sanningar.

white and brown rooster on grassy field
Haner brisker seg. Er det Ukrainas politikk for å holde motet oppe?

Ved å halde fram med å søkje militær siger i Ukraina, vil Ukraina sine troppar halde fram med å kjempe, ingen forhandla avtale vil bli realistisk søkt etter, og mest sannsynleg vil russiske troppar halde fram med å gjere framgang. Som eit resultat vil fleire ukrainske sivile og troppar halde fram med å bli drepne og såra, fleire byar øydelagde, og økonomi- og matkrisene – for både Ukraina og verda – vil bli verre. Det mest sannsynlege utfallet vil ikkje endre seg (ei forhandla avtale, ikkje ein ukrainsk militær siger), men kostnaden for Kiev vil bli mykje, mykje verre.

For USA og Vesten, kvar dag denne krigen held fram, vil risikoen halde fram for at gjennom nokon si feilrekning, ei eller anna ulykke, eller berre ei toskete handling av den eine eller andre sida, resulterer i eit direkte samanstøyt mellom Russland og NATO, noko som utløyser ein Artikkel 5-situasjon som kan hale USA inn i ein krig med ei atomvåpen-supermakt. Same kor altruistisk det kan vere å ville hjelpe Ukraina med å forsvare seg mot denne russiske invasjonen, er det ingenting som står på spel i Aust-Europa som gjer det verdt å bli trekt inn i ein potensiell atomkrig med Russland; ein krig vi kanskje ikkje vil overleve.

Å gamble med at noverande slagmarkstrendar ikkje held, å håpe at Ukraina kan halde ut i Donbas, og å tru at UAF til slutt vil drive Russland tilbake til landet sitt, gjer det ukrainske folket ei bjørneteneste. Sjølv om det utspeler seg på den måten – noko som er usannsynleg – kan dette ta fleire år å oppnå, og vil resultere i slikt eit omfattande tap av ukrainsk liv at det vil vere ein hòl siger. Ein betre kurs er å gå inn i forhandlingar for å gjere kva enn som krevst for å stoppe kampane, stoppe drapet på ukrainske menneske, og få nærmare i tid den dagen gjenoppbygginga kan starte. Å derimot halde fram med å basere politikk på stoltheit og håp vil nesten sikkert forårsake tusenvis av fleire unngåelege dødsfall i Ukraina.

Forsidebilde: Fauzan Saari

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 3

Les artikkelen direkte på derimot.no