Nobelprisvinner som oppdaget HIV-viruset: Vaksinene vil ikke hindre, men fremskynde infeksjon.
To leiande virusekspertar sine skremmande åtvaringar om COVID-injeksjonar: Ignorert av staten og Big Media
Av Joel S. Hirschhorn, Global Research
Når to framifrå sinn kjem til liknande konklusjonar rundt den pågåande globale kampanjen for å vaksinere alle med dei eksperimentelle COVID-vaksinane, burde vi følgje nøye med. Begge dei høgt erfarne forskarane har eit fullstendig negativt syn på vaksineringsforsøket. Verre enn å vere ueffektive, peikar dei på negative helseutfall for den globale befolkninga. Desse to sannseiande, anerkjende medisinske forskarane får Fauci til å sjå akkurat so udugeleg, svikefull og farleg ut som han er.
Poenget i denne artikkelen er at ikkje berre har Fauci pressa gjennom den feile, potensielt katastrofale løysinga på pandemien, han har også blokkert den riktige.
Mykje av det dei to virologane seier er svært teknisk av natur. Denne artikkelen forenklar deira kontroversielle beskjedar utan å miste deira essensielle tydingar. Folket treng å forstå åtvaringane deira som motbeviser all vaksinepresspropagandaen frå staten og folkehelsebyrå so vel som Big Media.
Åtvaring: hald fram å lese og du kan bli deprimert.
Dr. Luc Montagnier
Ein vurderer fyrst tankane til Dr. Luc Montagner, ein fransk virolog (virusekspert) og mottakar i 2008 av Nobelprisen i medisin for hans oppdaging av det humane immunsviktviruset (HIV). Han har ein doktorgrad i medisin. Men det er mykje meir som konkluderer at han er ein stor ekspert: Han har motteke meir enn 20 større prisar, inkludert den Franske nasjonale fortenesteorden og Légion d’honneur. Han er mottakar av Lasker-prisen, Scheele-prisen, Louis-Jeantet-prisen for medisin, Gairdner-prisen og Golden Plate Award frå American Academy of Achievement, KIng Faisal International Prize (kjent som den arabiske Nobelprisen) og Prince of Asturias-prisen.
Han har jobba hardt for å avsløre farane til COVID-19-vaksinane, som framleis er eksperimentelle men som snart trist nok vil bli fullstendig godkjende. Vaksinane stoppar ikkje viruset, argumenterer den framtredande virologen, dei gjer det motsette – dei “matar viruset”, og lettar utviklinga deira til sterkare og meir overførbare variantar. Desse nye virusvariantane vil vere meir motstandsdyktige mot vaksinering og kan forårsake fleire helseimplikasjonar enn deira “originale” versjonar.
Montagnier omtalar massevaksinasjonsprogrammet som ein “uakseptabel feil” og er ein “vitskapleg feil so vel som ein medisinsk feil”. Påstanden hans er at “historiebøkene vil vise at… det er vaksineringa som skaper variantane.” Med andre ord: “Det er antistoff, skapt av vaksinen,” som tvingar viruset til å “finne ei anna løysing” eller døy. “Dette er her variantane blir oppretta. Det er variantane som “er eit produkt og resultat av vaksineringa”. Stopp og tenk på desse tankane. Har du høyrt ei betre forklaring av variantskaping? Eg tviler på det.
Han snakkar om mutasjon og styrking av viruset frå eit fenomen kjent som antistoffavhengig forsterkning (engelsk: Antibody Dependent Enhancement, ADE). ADE er ein mekanisme som aukar evna til eit virus til å trengje inn i celler og forårsake ei forverring av sjukdommen.
Data frå heile verda bekreftar at ADE finn stad i SARS-CoV-2, som forårsakar COVID-19, seier Montagnier. “Du ser det i kvart land, det er det same. Kurven for vaksinasjon er følgt av kurven for dødsfall.” Det høyrest ut som det som vi no høyrer meir om, nemleg eskalerande gjennombrotssmitte som drep enkelte menneske. Og denne spiralen til katastrofe kan vere endelaus.
I ein dokumentar frå november 2020 la han vekt på skadelege og irrasjonelle påbod om munnbind, so vel som nedstengningar, karantene, misbruk av statleg overreaksjon, og støtta bruk av effektive COVID-behandlingar slik som hydroksyklorokin. Filmen vart forboden av YouTube og dei fleste andre vanlege mediakanalar. På den tida hadde Fauci hatt suksess med å stengje for ved bruk av dei billege, generiske [ikkje patentbeskytta; oms.anm.] behandlingane for COVID, og følgde ventetida på vaksinestrategien.
Montagnier har vore ein høgttalande kritikar av massevaksineringskampanjen. I eit brev til presidentane og dommarane i den israelske stats høgsterett, som rulla ut verdas raskaste og mest massive vaksineringskampanje, argumenterte Montagnier for at det må setjast på vent. Han sa “Eg vil gjerne få oppsummere dei potensielle farane til desse vaksinane i ein massevaksinasjonspolitikk.”
Her er dei:
1. Korttidsbiverknader: desse er ikkje dei normale lokale reaksjonane ein finn i kvar ein vaksinasjon, men alvorlege reaksjonar som involverer livet til mottakaren, slik som anafylaktisk sjokk knytt til ein komponent i vaksinemiksturen, eller alvorlege allergiar eller ein autoimmun reaksjon opp til celleaplasi. I denne gruppa burde vi inkludere eit antal døyelege blodproblem som involverer proppar og tap av blodplater som forårsakar slag, hjerneblødningar og andre påverknader.
Mangel på vaksinebeskyttelse:
2.1. Induserte antistoff nøytraliserer ikkje ein virusinfeksjon, men snarare tvert imot forenklar det, avhenging av mottakaren. Sistnemnde kan allereie ha blitt utsett for viruset asymptomatisk. Naturleg induserte antistoff kan allereie konkurrere med antistoffa som er indusert av vaksinen.
2.2 Produksjonen av antistoff indusert ved vaksinering i ei befolkning som er høgt eksponert for viruset vil føre til eit utval av variantar som er resistente til desse antistoffa. Desse variantane kan vere meir virulente eller meir overførbare. Dette er det vi ser no. Eit endelaust virusvaksinekappløp som alltid vil dra nytte av viruset.
Langtidsbiverknader:
I motsetnad til påstandar frå produsentane av mRNA-vaksinar, er det ein risiko for integrering av viralt RNA inn i det menneskelege genom. Cellene våre har evnen til å reversere transkriptase frå RNA om til DNA. Sjølv om dette skjer sjeldan, kan ein ikkje utelukke at det passerer gjennom DNA frå kimceller og at det blir overført til framtidige generasjonar.
Hans konklusjon:
“I møte med ei uføreseieleg framtid, er det betre å avstå.” Men folk flest vil oppleve det som særs vanskeleg å motstå all tvangen og vaksineplikta.
Tilbake i april 2020, før alt snakket om variantar og før utrullinga av dei eksperimentelle vaksinane, oppfordra Montagnier folk til å nekte vaksiner mot COVID-19 når dei vart tilgjengelege. Hovudpunktet hans bør alltid bli hugsa: “istadenfor å hindre infeksjon, [ville] dei framskunde infeksjon”. I dag beviser dei nylege førekomstane av SARS-CoV-2-variantar denne tesen. Jamfør hans vitskaplege tenking, kjem massevaksinering til å forårsake ei ny, meir døyeleg bølgje av pandemisk infeksjon.
Om det mykje omtalte og håpet om flokkimmunitet, har han sagt: “vaksinane til Pfizer, Moderna, AstraZeneca hindrar ikkje overføring av viruset frå person til person og dei vaksinerte er like smitteoverførande som dei uvaksinerte. Difor er håpet om ‘kollektiv immunitet’ gjennom auke av talet vaksinerte fullstendig nyttelaust.”
På den positive sida, tok han til orde for dette: “Den tidlege behandlinga av smitte med ivermektin og bakterielle antibiotika fordi det er ein bakteriell medfaktor som forsterkar verknaden av viruset.”
Dr. Vanden Bossche
Dei sterke synspunkta til Montaigner har blitt delt av den anerkjende virologen Dr. Vanden Bossche. Òg han har ein betydeleg CV som gjer synspynkta hans verdt å vurdere. Han har ein doktorgrad i virologi frå Universitetet i Hohenheim, Tyskland. Han heldt fakultetsstillingar på universitet i Belgia og Tyskland. Han var i det tyske Senter for infeksjonsforskning i Köln som leiar i Vaksineutviklingskontoret. Han har vore i den private sektoren ved fleire vaksineselskap (GSK Biologicals, Novartis Vaccines, Solvay Biologicals), der han jobba med vaksine-FoU, so vel som vaksineutvikling. Han arbeidde òg med Global Alliance for Vaccines and Immunization (GAVI) i Geneve som Senior Ebola Program Manager.
Synspunkta hans har blitt analysert i ein nyleg artikkel. Òg han har høglytt oppfordra til å stoppe massevaksinasjonsprogrammet. Han trur at dersom vaksinane ikkje blir stansa, vil dei kunne føre til utviklinga av sterkare og sterkare variantar av viruset heilt til eit “supervirus” slår rot og utryddar eit stort antal menneske.
Dette er hans dristige synspunkt:
“Utifrå det høge talet av immunflykt som vil bli framprovosert av massevaksineringskampajnar og einsidige innesperringstiltak, er det vanskeleg å førestille seg korleis menneskelege inngrep ikkje vil kunne få COVID-19-pandemien til å bli omgjort til ein ufatteleg katastrofe for global og individuell helse.”
Her er eit vesentleg element i tenkinga hans. So godt som alt som er gjort i pandemien garanterer ikkje eliminering av viruset. Det som skjer er selektiv viral ‘immunutslepp’ der viruset held fram med å bli kasta frå dei som er smitta [både vaksinerte og uvaksinerte] fordi nøytraliserande antistoff ikkje hindrar kopiering og eliminering av viruset.
Det evolusjonære seleksjonspresset på viruset gjennom ‘immunutslepp’, skaper stadig meir virulente stammar av viruset som har eit konkurransefortrinn i forhold til andre variantar, og vil i større og større grad ha potensialet til å bryte gjennom antistoff-forsvaret. Forsvar som er gjeve av den vaksineinduserte immunsystemet. Dette er ‘vaksinemotstand’. Det som skjer er at vaksineprodusentar held fram med å forsøke å lure variantane, men mislukkast. So dei held fram med å trumfe gjennom ekstradosar og årleg vaksinering. Dette er ‘meir er betre’-tilnærminga. Dette blir støtta av undertrykking av mange negative fakta om vaksinane av Big Media.
Ein skremmande prognose frå Bossche er at det verste av pandemien gjenstår. Det er vanskeleg å tru utifrå all den dårlege nyheitspropagandaen om tilfelle, sjukehusinnleggingar og død. Men han trur at vi no opplever roa før den ultimate stormen. Førestill deg ei ny bølgje av smitte mykje verre enn noko vi hittil har sett, er korleis Bossche tenkjer.
Korleis skjer dette? Det vil bli fleire mutantar eller variantar som det av vaksiner tilpassa immunsystemet vil yte lite mostand mot. På same tid vil det vere redusert ibuande eller naturleg immuneffektivitet. Med mindre menneske tek ei rekkje steg for å auke deira naturlege immunitet.
Bossche peiker konsekvent på mangel på bevis for at det eksisterande globale massevaksineringsprogrammet som har blitt sett i verk medan det framleis er betydeleg smitte rundt omkring, har historisk samanlikningsgrunnlag, og at det er ingen vitskaplege bevis for at dette vil fungere. Dette er grunnen til at han i stor grad blir ignorert.
Han understrekar at historiske vaksineringsprogram alltid har lagt vekt på kor viktig det er å vaksinere befolkninga som eit førebyggjande tiltak i fråvær av smittepress.
Han argumenterer også for at dersom ulike vaksinetypar vart brukte som gav sterilisering av immunitet, altso som hindra immunutslepp og drap alle virusa i dei som vart vaksinerte, ville situasjonen ha vore fullstendig annleis. Folk flest forstår ikkje at dei noverande eksperimentelle vaksinane faktisk ikkje drep viruset; og at både vaksinerte og uvaksinerte skil ut viruset. Desse vaksinane stoppar ikkje virusoverføring. Og alle smitteverntiltaka er rett og slett ikkje effektive nok til å stoppe brei spreiing av viruset i dei ulike formene.
Her er det store heilskapsbiletet: “Det er berre éin einaste ting som står på spel no, og det er overlevinga av vår menneskelege rase, for å vere ærleg.”
Men der er fleire sterke ord som Bossche nyleg har sagt:
“Kvar person der ute som er ‘delvis’ eller ‘full’-vaksinert er eit vandrande virus-inkubasjonssystem” som set alle andre i fare for å få ein døyeleg, vaksineskapt ‘variant’ som kan ta livet av dei. Dei ‘vaksinerte’ er vandrande mordarar som spreier sjukdom til andre. Å bli injisert for Fauci-influensaen er ikkje berre idiotisk; det er òg ei form for drap i at uvaksinerte no står i fare for å få dei døyelege sjukdommane som er produsert inne i kroppane til dei vaksinerte. Om Trump aldri hadde introdusert vaksinen i utgangspunktet, hadde pandemien døydd ut for lenge sidan. Sidan vaksinen hans derimot held fram med å bli pressa fram, spreier ‘Delta’-varianten seg som eld i tørt gras, og blir snart etterfølgt av andre ‘variantar’ når vi nærmar oss haustsesongen’.
Dette er også eit svært sterkt synspunkt. “Massevaksineringsprogrammet er… ute av stand til å skape flokkimmunitet.” Dersom det er sant, er det lite håp om å sjå slutten på COVID-pandemien.
Kva er løysinga? Bossche har identifisert det naudsynte alternativet til den pågåande massive vaksineinnsatsen. Det er dette; “det fyrste kritiske steget kan berre bli oppnådd ved å umiddelbart stoppe massevaksineringsprogrammet og erstatte det med vidtrekkjande bruk av antivirale kjemoprofylaktikk medan ein bruker store folkehelsemessige ressursar til å skalere tidlege multimedisinske behandlingar av Covid-19-sjukdom.” Dette refererer til dei tidlege heime/utepasient-behandlingsprotokollane basert på billege, trygge og fullstendig godkjende, ikkje patent-beskytta legemiddel som ivermektin og hydroksyklorokin; desse fungerer også førebyggjande. Pandemifiaskoen gjev mykje data og råd om å bruke denne behandlingstilnærminga. So, begge virologane støttar bruk av det som Fauci har sett ein stoppar for.
Desse handlingsanbefalingane vart også gjort av Bossche
“Gje – utan kostnad – tidleg multimedisinsk behandling til alle pasientar som treng det. Utfør kampanjar for å fremje sunn diett og livsstil.” Med andre ord treng folk å setje i verk tiltak for å styrkje deira naturlege immunitet, dette burde innehalde vitaminar og kosttilskot, inkludert denne coctailen: vitamin C, vitamin D, sink og quercetin.
Konklusjonar
Ta ein augneblink til å tenkje på at Patrick Wood på The Bannon Show 21. august konkluderte at alle tilgjengelege data frå USA og Europa viser at vel 100 000 menneske har døydd av dei eksperimentelle COVID-vaksinane. Eg er einig i den vurderinga. Og innan du har lese dette, kan FDA ha gjeve full godkjenning til Pfizer-vaksinen.
Etter å ha vurdert kva desse to ekspertane har sagt, høver det seg å kritiserte det som noverande styresmaktpersonar seier, nemleg å skulde på dei uvaksinerte for auken av COVID-saker, sjukehusinnleggingar og død. Hovudalternativet til denne tankegangen er at det er dei vaksinerte menneska som skaper pandemiproblem, inkludert variantane. Den sterke konklusjonen er at dei noverande vaksinane er ineffektive, ikkje-beskyttande og farlege.
Det ein treng er ei fullstendig ny tilnærming til COVID-vaksinane. Kanskje finst det selskap som jobbar med dette. Dette vil truge billion-dollar-verksemda til dei noverande vaksineprodusentane.
Dersom folket, byråa og institusjonane med all makta lyttar til desse to svært smarte menneska, ville dei bruke all deira energi på å bruke alternativ til dei noverande vaksinane. Vi her dei. Spesielt behandlingsprotokollane som so mange fabelaktige legar har skapt og bruker til å hjelpe pasientane sine.
Mange andre legar og medisinske forskarar har bede om ein stans i den pågåande vaksine-bonanzaen til dei store legemiddelselskapa. I mellomtida, på ein dagleg basis for alle dei som er viljuge til å sjå på fakta, blir det meir og meir openbert at dei eksperimentelle vaksinane ikkje er effektive. Det er galskap å halde fram med å gjere og vidareutvikle det som ikkje fungerer. Det er den galne verda vi no opplever, sjølv om fleire og fleire menneske døyr av gjennombrotssmitte, blodproblem og andre helsepåverknader frå den dårlege vaksinen.
Kanskje vil den stygge sanninga om vaksinane berre bli avslørt når det er massive, utbreitte dødsfall trass alle sprøytene. Det vil vere for seint til å endre pandemihandtering frå penge-driven dumskap til livreddande, medisinsk moralske handlingar.
Omsett av HFANoreg
Tidligere publisert på derimot.no
Forsidebilde: Belinda Fewings
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 429 ganger.
Post Views: 2 835