Nederlands statsminister: Ukraina kjemper en stedfortrederkrig for Nato.
derimot.no:
Nederlands statsminister seier NATO brukar Ukraina som Proxy mot Russland
av Will Porter
Nederlands statsminister Mark Rutte har oppmoda til å utruste ukrainske styrkar med nok våpen og utstyr til at dei kan overvinne det russiske militæret. Han argumenterer med at Kiev må utkjempe kampen medan ein «direkte konfrontasjon» mellom NATO og Moskva enno ikkje er aktuelt.
Nederland var vert for eit møte med NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg og fleire europeiske statsleiarar på tysdag. Rutte fortalde reportarar etter møtet at ein ukrainsk siger framleis er mogleg, om berre den USA-leidde militærblokka forsyner tilrekkeleg med «dødeleg hjelp».
«Når det gjeld våpen, er vi her sameinte om at det er avgjerande viktigfor at Russland skal tapekrigen,» sa han, og meinte Ukraina burde tene som ein kanal for Vestlege våpen for å maksimere smerten påført Moskva.
«Og sidan vi ikkje kan ha ein direkte konfrontasjon mellom NATO-troppar og Russland, er det å sikre at Ukraina kan kjempe den krigen det vi treng å gjere, at dei har tilgang til alle nødvendige våpen.»
Kommentarane følgde liknande utsegner frå Stoltenberg, som sa at alliansen «trappar opp» forsyninga av fleire våpen til Kiev, og at «Ukraina bør få fleire tunge våpen.» På eit komande NATO-toppmøte i Madrid i slutten av juni skal medlemsstatane «bli einige om ei kraftig styrking av stillinga vår,» sa han, utan å gå djupare inn på kva det kan føre med seg.
Tidlegare på tysdag fortalde ein Pentagon-senior CNN at Washington kanskje ville annonsere nye våpenforsyningar allereie denne veka, at det kan skje når 50 nasjonar i «Ukraine contact group» møtest i Brussel på onsdag. Sjølv om dei ikkje gav nokre detaljar om kva for våpen som skulle leverast, så har dei siste leveransane frå USA inkludert tungt artilleri, MLR-system (multiple-launch rocket systems som skyt ut fleire rakettar samtidig), tusentals anti-tank-missilar og fleire helikopter.
Sidan Russlands invasjon starta seint i februar, har USA levert titals milliardar dollar i form av 11 separate hjelpepakkar til den ukrainske regjeringa. Dei har overfløymt ei kaotisk slagmark med våpena sine, sjølv om dei har ei «nær null» evne til å spore kor dei ender opp.
Under ei tilstelning på måndag erklærte viseforsvarsminister Kathleen Hicks at Washington er klare for å støtte Kiev i mange år framover. Ho antyda til og med at støtta kunne halde fram i opptil to tiår, om det skulle vere behov for det. «Vi prøver å tenke igjennom kva slags typar av både våpen og langsiktig trening og forsvarsetableringsinnsats dei vil trenge,» sa ho.
Sjølv om USA og partnarane deira i NATO-blokka har understreka at det å støtte Ukraina handlar om å støtte «demokratiske verdiar» som er under angrep av invasjonsstyrkane til ein russisk despot, har tenestemenn frå einskilde medlemsstatar hinta om andre motiv. Vestlege diplomatar som Washington Post siterte i april, sa at alliansen heller vil sjå at ukrainarane held fram med å «kjempe og døy» enn at det skulle bli «ein fred som kjem for tidleg». Meir nyleg sa Tyrkias utanriksminister Mevlut Cavusoglu at visse NATO-land «ser på framhaldet av krigen som ei svekking av Russland» og ikkje ønsker at kampane skal ta slutt, eit syn som verkar vere i tråd med det Rutter sa på tysdag.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: sterlinglanier Lanier
OmWill Porter
Will Porter er assisterande nyheitsredaktør ved Libertarian Institute og ein del av skribentstaben i RT. Finn meir av arbeidet hans hos Antiwar.com og Consortium News.
15 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 15 ganger.
Post Views: 21