Krigen var tapt for 15 år siden. Talibanmøtet i Oslo er sluttproduktet av en løgnaktig politikk.

Derimot.no

Taliban

Av Hans Olav Brendberg

NATO tapte krigen mot Taliban ein gong for lenge, lenge sidan. Truleg i mellom 2005 og 2008. Men den vestlege alliansen er djupt kløyvd, og USA er djupt kløyvd. Ingen ville ta ansvaret for å vedgå at ein hadde tapt ein krig, og ta soldatane heim.

I staden ausa ein ut milliardar på korrupte, afghanske »politikarar» som sylta ned pengar i Emiratane. Og ein lot soldatar døy i fjellandet – utan at vestlege tryggleiksinteresser på noko tidspunkt var tent med dette. Ein bomba livet ut av tusenvis av menneske, dei fleste sivile.

Prestisjen til ein uærleg og dysfunksjonell politisk kaste stod på spel.

Folk i vest trur på det politikarane seier, og når politikarane seier at det ein held på med i Afghanistan er «viktig for tryggleiken i verda», blir den løpande nyhendestraumen sortert etter denne malen.

Men alle leiande folk i den vestlege alliansen visste før år 2010 at krigen var tapt – men pynta på sanninga for å halda det heile gåande. Den lysande vona deira – Obama – måtte ikkje bli tilsmussa av eit «militært nederlag», trass i at krigen allereide vart tapt.

Då Trump – og Trump hadde gode instinkt i slike saker – freista å få soldatane heim frå Afghanistan, samarbeidde Kongressen og dei militære om å skyta ned initiativa hans.

Korallrev vokser ved at korallene vokser oppå hverandre

På eit fundament av løgn kan nye løgner veksa og trivast. Det blir som eit korallrev, som sakte byggjer seg opp. Dei gamle løgnene forsvinn ut av det massemediale kortidsminnet etter kvart som dei nye overtek. Om krigen mot Taliban var viktig for vestleg tryggleik – slik den politiske kasten påstod – blir reaksjonen mot vitjinga til Taliban-delegasjonen i Oslo heilt forståeleg. Dei som no får mot seg kulturkrig av amerikansk type, har sjølv dekka det bordet det no blir servert på.

For min del har eg alltid meint at dette »trugsmålet frå Taliban» var ei luftspegling, brukt for å legitimera ein krig som ikkje berre var meiningslaus, men i tillegg tapt. Og eg er for å driva diplomati andsynes alle statar – avdi alternativet til diplomati er verre. Men eg forstår godt at dei som trudde på denne krigen, og at dei etterlatne til dei som ofra liv i denne krigen reagerer. 

Ei regjering som ikkje greier gje folk det dei forventar og har krav på på heimebane har ikkje fundament for å spela ei internasjonal rolle. Den norske medlemsskapen i Tryggleiksrådet kjem på verst mogleg tidspunkt. Det finst inga kortsiktig løysing. Vi må stikka hol på dei mytene som genererer korallrevet av demagogi og desinformasjon.

15 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 15 ganger.

Post Views: 73

Les artikkelen direkte på derimot.no