Dagens Ukraina: Store deler av den nåværende ukrainske identiteten står på skuldrene til fascismen.

Den bisarre ukrainske radikalismen (Del 1)

Av Nat South for bloggen the Saker

Denne artikkelen dekkar tre aspekt ved konflikten som er på gang i Ukraina, nemleg ein oversikt over korleis ein avskyeleg type ukrainsk fascisme har forma ei alt-gjennomsyrande haldning på topp-nivå. Ein del tenestefeil blant toppane i den ukrainske regjeringa skal og fram i lyset. Artikkelen kjem også inn på korleis denne urovekkande tankegangen har sive inn i militær taktikk i felten. Del 2 av artikkelen inneheld ei skammeleg liste med vanlege hatytringar i Ukraina, for å vise kor utbreidd det reine hatet er.

Ein særskild type ukrainsk fascisme utvikla seg til den dominante politiske krafta ved å infiltrere alle aspekt av det ukrainske samfunnet, i tillegg til dei politiske strukturane. Spesifikke aspekt ved dette, har eg tatt opp i ein tidlegare artikkel (berre ei handfull…).

Å seie at det finst hundretals grupperingar med Bandera-tilhengarar rundt om i Ukraina, kan vere ei underdriving. Hyllinga av ogærefrykta for Stepan Bandera og Roman Sjukhevitsj (Роман Шухевич) er forbløffande, men velkjend. Det er surrealistisk og fullt av forvirrande motsetningar. I eit land som skal vere over 1000 år gamalt, er det på alle måtar bisart å basere sine mest æra nasjonalheltar på nazi-kollaboratørane frå Andre verdskrig. Faktisk er heile essensen av ukrainsk nasjonalisme understøtta av:

  • fremjing av hat mot russiske talarar;
  • framstilling av Russland som ein fiendtleg stat for det ukrainske folket;
  • glorifisering av dei ukrainske militære og frivillige gruppene i anti-terrorist-operasjonen (ATO) i Donbas;
  • glorifisering av dei ukrainske opprørsstyrkane (UPA og OUN) som dreiv utbreidd bruk av skrekkeleg etnisk utreinsking av jødar og polakkar under Andre verdskrig (og som kjempa mot sovjetarane, iblant i samarbeid med tyskarane).
  • tillating av hylling og idolisering av ukrainsk-bemanna SS-einingar og dødsskvadronar frå Andre verdskrig som nasjonalheltar.

Kort sagt: det å vere «pro-ukrainsk» dreier seg om ein mikstur av:

  • eit tarveleg hat mot russarar, sigøynarar, jødar og andre;
  • å raskt akseptere at etnisk utreinsking må til for å verne staten;
  • promotering av fascistiske ideologiar.

Korleis kan dette vere i det heile tatt i nærleiken av «sunt», eller ein akseptabel del av eit demokratisk samfunn?

Post-Maidan-Ukraina reflekterer ei rekke inkongruente samanstillingar. Mange av dei er forstyrrande og ville ha vore sjokkerande for vanlege europearar dersom dei hadde vore fullt medvitne og ikkje heile tida villeidde av medskuldige massemediekanalar. Ta eit døme der Ukrainas statssymbol er samanvove med opne UPA/OUN-element: «Makt og ære til Ukraina».  Så er det ein tweet (no sletta) frå det ukrainske parlamentet:

«Framifrå figurar i Ukrainas historie»

Den ukrainske regjeringa gjekk så langt som til å innføre lover som gav ein privilegert status til «protagonistar» frå Andre verdskrig og minnemarkeringar for UPA-veteranar, der Kiev legaliserte SS Galicia-symbol – ikkje sett på som nazistiske – og SS-medlemmar vart festa for i vestlege delar av Ukraina. Derimot vart omgrepet «Den store patriotiske krigen» offisielt avskaffa.

Svært få ukrainarar har slektningar som kjempa saman med UPA eller tilhøyrde OUN, ironisk nok inkludert bestefaren til Zelensky. Dei offisielle minne-seremoniane for dei som kjempa mot nazismen under Andre verdskrig vart undergravne og kraftig frårådde, medan dei som kjempa mot sovjetarane ope vart hylla utan at styresmaktene eller politiet på nokon måte hindra det.

To utdrag som viser kor normal fascismen er:

Når 15 000 menneske i 2014 (berre ein av mange marsjar til støtte for UPA/OUN-leiarar sidan 2014) ropar «Heil Bandera», smykka med ulike nynazistiske distinksjonar og flagg, særleg under marsjane på fødselsdagen til Bandera.

Ofte akkompagnert av rop som «Heng moskalane (i ein lyktestolpe/eit tre/ei grein)!» eller «Moskovittar til kniven» (knivstikk moskalane, «Москалей на ножи!») eller «Koffert, stasjon, Russland» («чемодан вокзал Россия») saman med lovsongar for Bandera, «Bandera, vår far».

Gjenta dette i månadar og år, i nesten eit tiår. Kopier dette ideologiske standpunktet i militæret, på skulane og i parlamentet.

Ukraina har lenge vore fiksert på Bandera. Ta til dømes frimerket som kom ut i 2009 til minne om at det var 50 år sidan Stepan Bandera døydde. Pluss eit anna frimerke dedikert til Roman Sjukhevitsj året før. Gav Noreg nokon gong ut eit frimerke til minne om Quisling dei siste 20 åra? Eller kanskje Frankrike, eit moderne frimerke til å ære Petain eller Laval? Rett og slett utenkeleg, men det var nett det Ukraina gjorde.

Eit anna enkelt døme: då bystyret i Kiev i 2016 endra namn på to hovudgater, som del av «dekommunisering»-prosessen, vart den eine til Bandera-avenyen og den andre, (du gissa rett), vart omdøypt til ære for Sjukhevitsj. Tidlegare hadde den hatt namn etter ein sovjetisk general, Vatutin, som under Andre verdskrig vart drepen av UPA. 

Fenomenet forkvakla ukrainsk nasjonal identitet har djupe røter i UPA/OUN.

Post-2014-regjeringar har gradvis søkt å endre og forby språket og den kulturelle identiteten til ungararar, grekarar, rusyn-folket og russiske minoritetar i Ukraina. Resultatet har blitt ei endring av imaget til ein ideologi og leiarar til noko som skal vere ein «immateriell» definisjon av «den rette typen» ukrainar.

Den avskyelege galskapen går mykje djupare

Vi trekk opp linjene mellom punkta og startar med dette utdraget av intervju med president Zelenskys rådgivar, Aleksey Arestovitsj, som tilbyr eit eksklusivt førstehands glimt inn i den nedtrampande mentaliteten i praksis, som ein finn på høgste nivå av det ukrainske embetsverket. Det andre segmentet er del av eit intervju på ukrainsk TV. Desse ytringane er fulle av absolutt embetsmisbruk og forakt for demokratiet, og merk dykk lovprisinga av IS-leiarane og deira inhumane framferd.

Video Player«Framsyning av vondskap. Det er inhumant, men det er på eit svært høgt nivå. Ein vis strategi.» For å se videoen trykk her

Så det var eitt døme. Her er eit anna glimt, så vi kan forstå det betre. Ein til banal innsikt frå nokon i ei regjering som var venta å implementere Minsk-avtalen, som skulle stoppe konflikten i Donbas. Diskursen viser ei blank avvisning av å i det heile tatt vurdere å implementere Minsk-avtalen, «ein langfinger til høgre og venstre på same tid – altså til Russland og Vesten».

For å se denne videoen, trykk her.

Video Player: Desse videoane seier mykje om kor mykje radikalisering som eksisterer i Ukraina. Vestlege embetsmenn har ikkje sagt noko om denne tankegangen eller om graden av reint hat som blir rekna som normalt.

Eit anna aspekt ved dette rådande embetsmisbruket, såg vi då president Zelensky kunngjorde at fangar med kamperfaring og eks-ATO-deltakarar skulle lauslatast frå fengsel. Samstundes vart det delt ut våpen til kreti og pleti i hopetal, noko som resulterte i ei bølge av skyteepisodar, drap, ran og væpna kampar mellom kriminelle gjengar. Den surrealistiske responsen til ein ukrainsk embetsmann, då han skulle rettferdiggjere frisleppet av kriminelle, er påfallande og gir oss igjen ein unik innsikt i mentaliteten.

Éin av desse fridde kriminelle: kviterussaren Daniil Dasjuk (eks-medlem av den notoriske spesialpolitigruppa Tornado-bataljonen). Den einaste «frivillige» avdelinga som ende opp med å bli oppløyst og få fleire av medlemmane straffeforfølgde og fengsla for inhumane framgangsmåtar medan dei tente i ATO, kjende for å valdta mindreårige framfor foreldra og utføre meiningslause drap. Ein av kommandantane var Ruslan Onisjtsjenko, ein ukrainsk bona fide-nazi. No sleppt fri av Zelensky for å krige, drepe og torturere igjen.

Konflikten

Vi skal tilbake til Aleksey  Arestovich, han som lovpriste IS-vondskapen, som også argumenterte for at «internasjonale humanitære lover eller reglar for krigføring gjeld ikkje for denne konflikten».

Ukrainsk militærstrategi er tungt fokusert på bruk av byar og sivil infrastruktur som dekke for militæraksjonar. Eit døme på dette er kjøpesenteret i Kiev som vart brukt til artilleri- og MRL-einingar (multiple rocket launcher, mobil utskytingsrampe for fleire rakettar samtidig) . Det finst overveldande bevis for at dei brukar sivile residensar som skytestillingar, til å plassere artilleri, til å plassere APC’ar (armored personnel carrier, ein type stridsvogn) nær sivile område. Vidare har Azov i Mariupol med vilje brukt mange blokker med sivile som gislar. Dette stygge aspektet vart plukka opp av avisaWashington Post.

Extract from Washington Post March 2022
Utdrag frå Washington Post mars 2022

Washington Post-artikkelen tilføyer:

I stadig aukande grad blir ukrainarane konfronterte med ei ukomfortabel sanning: Militæret sin forståelege impuls å forsvare mot russiske angrep kan sette [set] sivile i trådkorset [i våpensiktet, mrk.]. Nesten kvart einaste nabolag i dei fleste byar har blitt militariserte, […]

Azov tactics

Azov-taktikk

Intervjua folk som kjem ut frå Mariupol seier det ukrainske militæret og Azov aldri gav noka hjelp, verken vatn, mat eller hjelp med skadde, sjuke sivile eller barn. I staden skjedde det motsette, slik ein reporter frå Al Jazeera har merka seg:

«I staden skjer det motsette, som Al Jazeera har sett i Irpin, der ambulansar blir brukte til å frakte troppar.» Se videoen her:

Spørsmålet om korfor det ukrainske militæret brukar sivile som cover, blir til ein viss grad svart på med den kjenslekalde haldninga som Aleksey Arestovitsj viser i videoane.

Oppsummering

Svære bitar av den moderne ukrainske identiteten står på skuldrane til fascismen frå Andre verdskrig. Dei vestlege massemedia og «ekspertane» si nedtoning av og støtte dei ukrainske nasjonalistane sine gjerningar, er forakteleg. Det viser ein total forakt for sivile, som no blir sett på som noko som kan ofrast på alteret til Ukrainas nasjonale interesser.

Forsidebilde: Jon Tyson

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 20

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...