Klima, korona og krig. Tema for å mørne befolkningen til å godta storkapitalens overstyring.

Derimot.no

derimot.no:

FN sine berekraftsmål – kun pisspreik

av Gunnar Sortland

for Derimot, den 15/5-22

Straks pandemi- og vaksinebløffen var i ferd med å bli avslørt, dukka som bestilt krigen i Ukraina opp. Så når aksjekursen til Big Pharma sokk som ein stein i vatn, steig krigsindustriaksjane til himmels. Når vi veit at dei same kreftene eig begge desse bransjane, så har dei ultrarike eigarane i BlackRock, Vanguard og State Street berre blitt endå rikare.

For dei som tek seg bryet med å søke informasjon utanom MSM, er det no slått fast at «pandemien» var ein gigantisk bløff og at mRNA-«vaksinane» har verka som rein rottegift.

Forskarar i Italia har slått fast at det offisielle talet på korona-dødsfall, 36 000, var grunnfalskt. Kun knappe 4000 omkom grunna koronainfeksjonar. Fleire land er komne fram til same konklusjon.

I dei siste par månadane har talet på koronadødsfall vore skyhøge i forhold til tidlegare i «pandemien». Dette har skjedd trass i at alle har vore mest fullvaksinerte. Dei som er injiserte med boosteren utgjer dei største dødstala.

Skal vi beskytte oss mot virus må vi gå slik resten av livet.

Forskarar i Canada og fleire andre land har no funne ut at mRNA-vaksinane har ført til kraftig svekking av immunforsvaret. Med to dosar er det oppimot ei 70 prosent svekking, med tre dosar 80 prosent. Dette er sjølvsagt særs dramatisk, då dei injiserte (som ikkje har fått placebo) vil døy i hopetal av mange slags sjukdommar, t.d. kreft.

Statistikk frå Statistisk Sentralbyrå syner at i siste kvartal av 2021 var dei ei overdødelegheit i Noreg på 15 prosent, noko som burde få alarmen til å gå hos Stortinget, regjeringa, helsestyresmaktene og MSM. Men det er stille som i grava, og krigspropagandaen rår grunnen åleine.

No er styresmaktene sikre på at nye virusvariantar vil dukke opp til hausten/vinteren, og då vil det bli fullt køyr igjen med restriksjonar. Mest sannsynleg verre enn dei førre. Det er snakk om å ta ifrå dei uvaksinerte jobben og at dei skal tvangsvaksinerast.

Koronasertifikatet skal takast i bruk, endå styresmaktene veit at dei «vaksinerte» blir smitta og smittar nett like mykje som dei uvaksinerte.

Det er svært skummelt at WHO er komen langt med planane om å overta styringa av «pandemi»-handteringa i alle dei 193 medlemslanda. Desse landa skal underteikne ein juridisk bindande avtale som forpliktar dei til å følje forskriftene for kva for restriksjonar som trengst. Dermed kan nasjonale styresmakter gøyme seg bak WHO. Når vi veit at WHO er kontrollert av dei sterkaste kapitalkreftene i verda, som mellom anna eig Big Pharma, er det grunn god nok til å bli skuggeredd.

World Economic Forum (WEF) sin Agenda 2030, som dei kallar «The Great Reset» er i full gjenge. «Pandemien» er eit av dei viktigaste verktøya for å få dette til, i tillegg til krigen i Ukraina, som er fullt og heilt eit USA/NATO-prosjekt. Det same kan seiast om klimahysteriet, som er ei viktig brekkstong for å skremme og temje folket, for lettare å flå dei med diverse avgifter og upopulære tiltak. Det er nok å nemne t.d. bompengane.

photography of white smoke
Klimaskremselen sammen med corona- og krigs-skremming bidrar til en oppmykning av befolkningen slik av vi godtar at kapitalkreftene skal styre oss.

Alt dette, «pandemien», krigen og «klimakrisa» er med på å mørne folk slik at WEF-kreftene kan rane til seg alt av verdi utan nemneverdig motstand.

I åra som kjem vil store delar av folket i verda bli utsett for ein kraftig nedgang i kjøpekraft. Med skyhøge bensin/diesel-prisar, kraftige kutt i velferdsgode, mangedobla straumprisar, sterk prisvekst på matvarer og galopperande renter, vil store delar av folket, også i Vesten, hamne i rein fattigdom. Og i dei fattigaste landa vil hungerskatastrofane herje som eld i tørt gras.

Ein kan spørje seg om det ikkje er mogleg å stanse denne skrekkelege utviklinga. Til det kan svare: det blir ikkje enkelt. BlackRock, Vanguard, State Street og nokre titals andre finansgigantar kontrollerer det aller meste i verda i dag. Dei eig Big Pharma, krigsindustrien og all anna industri, turistnæring og mykje mykje meir. At dei også kontrollerer medieindustrien, er heilt avgjerande for å greie å manipulere folk flest til å godta kva som helst av informasjon og desinformasjon.

Men er det ingenting ein kan gjere for å unngå dette ragnarokket? Jo, det finst nokre lysglimt. Alternative medium som dukkar opp fleire stadar i verda, kan vise vegen ut av uføret. I Noreg har vi steigan.no, derimot.no og nokre få andre som greier å grave fram fakta som MSM ikkje spreier. Desse faktaopplysningane står i skarp kontrast til internasjonale kapitalinteresser, og blir dagleg sensurert på ymse måtar.

Desse alternative media er spiren til å skape masserørsler rundt om i heile verda som kan rokka ved makta til storkapitalen. Døme på slike rørsler er Dei gule vestane i Frankrike, trailersjåførane i Canada og fleire andre land, og masseopptøyane på Sri Lanka. Felles for desse opptøyene er mangel på sterk styring og grunnleggande analysar og klåre målsetjingar.

Forsidebilde: Oscar Keys

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 17

Les artikkelen direkte på derimot.no