Hvem står bak klimakampanjen? Storkapitalen er revene i hønsegården.
Vi legger ut denne artikkelen på derimot på nytt for å understreke at det er meget store penger bak den globale klima-kampanjen. Selv olje, gass- og kull -kapitalen er hoppet på klimavognen hvor Greta Thunbarg er gallionsfigur. Her gjelder det å overføre penger på meningsløse tiltak fordi noen tjener stort på det. Og det er i hvert fall ikke lønnstakerne og de brede folkemassene. Det er de som må betale for det.
Det mest meningsløse er at det ennå ikke er påvist noen klimaeffekt av CO2 utover økt plantevekst som kommer jordbruket til gode.
Knut Lindtner
Klima og pengesporet
av F. William Engdahl
Klima. Kven skulle trudd det. Dei same mega-korporasjonane og mega-milliardærane som står bak globaliseringa av verdsøkonomien dei siste tiåra, som i jakta på aksjeverdiar og kostnadsreduksjon har forårsaka så mykje skade på miljøet vårt – både i den industrialiserte verda og i dei underutvikla økonomiane i Afrika, Asia og Latin-Amerika – er dei førande støttespelarane til den dekarboniseringshungrige «grasrotsrørsla» frå Sverige til Tyskland, USA og vidare.
Er det samvitskvalar, eller kan det vere ein djupare agenda kring finansialiseringa av sjølve lufta vi pustar og meir?
Kva ein enn måtte tru om farane med CO2 og risikoen for at global oppvarming skal skape ei global katastrofe med 1,5 til 2 grader Celsius gjennomsnittstemperaturauke dei neste 12 åra, så er det verdt å merke seg kven som fremjar den straumen vi no ser av propaganda og klima-aktivisme.
Grøne finansar
Mange år før Al Gore og andre bestemte seg for å bruke ei ung svensk skulejente som poster-barn for klima-aksjon – eller, i USA, Alexandria Ocasio-Cortez si bøn om ei fullstendig omorganisering av økonomien rundt ein Grøn New Deal – starta finansgigantane planlegginga av korleis dei skulle styre hundretals milliardar av framtidige middel mot investeringar i ofte verdilause «klimaselskap».
I 2013 – etter fleire år med grundige førebuingar – skreiv eit svensk eigedomsselskap, Vasakronan, for første gong ut ein korporativ «Grøn aksje». Dei fekk seinare følge av Apple, SNCF, den store franske banken Credit Agricole med fleire. I november 2013 skreiv Elon Musks problemridde Tesla Energy ut det første verdipapiret med garanti i solare eigeluter. I dag er den samla verdien til slike Grøne obligasjonar, i følge organisasjonen Climate Bonds Initiative, på meir enn 500 milliardar dollar. Dei som fann på denne obligasjonsidéen seier målet deira er å vinne størstedelen av dei 45 billionane dollar som er blitt lova bort globalt til investeringar i «klimavenlege» prosjekt.
Den godaste prins Charles, Storbritannias neste monark, har saman med Bank of England og finansfolka i City of London promotert “grøne finansielle instrument”, med Grøne obligasjonar i førarsetet, for å omdirigere pensjonsplanar og verdipapirfond til grøne prosjekt. Ein nøkkelspelar i arbeidet med å knyte verdas finansinstitusjonar til Den grøne agendaen er direktøren for sentralbanken Bank of England, Mark Carney. I desember 2015 skapte Financial Stability Board-gruppa (FSB) til Bank for International Settlements, den gong med Carney som leiar, gruppa Task Force on Climate-related Financial Disclosure (TCFD) som skulle “rådgi investorar, kreditorar og forsikringsbransjen om klimarelatert risiko”. Det var visseleg eit bisart fokus for verdas sentrale bankierar.
I 2016 initierte TCFD, saman med City of London Corporation og Storbritannias regjering, Grøn finans-initiativet som skulle kanalisere billionar av dollar til “grøne” investeringar.
Bankierane i FSB utnemnde 31 personar til å danne TCFD. Under leiing av milliardæren Michael Bloomberg, inkluderer dei nøkkelpersonar frå
- JP Morgan Chase
- Black Rock, ein av verdas største eigedomsforvaltarar, med nesten 7 billionar dollar
- Barclays Bank
- HSBC, den London/Hong Kong-banken som gjentatte gonger har blitt bøtelagt for kvitvasking av narkopengar og andre svarte pengar
- Swiss Re, verdas nest største på reassuranse
- Kinas ICBC-bank
- Tata Steel
- ENI Oil
- Dow Chemical
- gruvedriftsgiganten BHP Billington og
- David Blood frå Al Gore sitt Generation Investment LLC.
Det ser ut til at revane skriv reglane for det nye Grøne hønsehuset.
Bank of Englands Carney var også ein nøkkelaktør i arbeidet med å gjere City of London til eit finanssentrum for global Grøn finans. Storbritannias finansminister under Theresa May, Philip Hammond, gav i juli 2019 ut rapporten “Green Finance Strategy: Transforming Finance for a Greener Future” (Grøn finans-strategi: transformasjon av finansøkonomien for ei grønare framtid). Rapporten slår fast at “Eit av dei kraftigaste initiativa som har dukka opp er Financial Stability Board sin private sektor Task Force on Climate-related Financial Disclosures (TCFD), støtta av Mark Carney og styrt av Michael Bloomberg. Denne har fått tilslutning frå institusjonar som representerer verdiar for $118 billionar globalt.” Det verkar vere ein plan her. Planen er å finansialisere heile verdsøkonomien ved hjelp av frykta for eit verdas undergang-scenario, for å nå vilkårlege mål som “null nettoutslepp av drivhusgassar”.
Goldman Sachs Key Actor
Den overaltnærværande Wall Street-banken Goldman Sachs, som avla fram slike som presidenten for Den europeiske sentralbanken (ECB), Mario Draghi, og sjefen for Storbritannias sentralbank Bank of England, Carney, har nyleg kasta sløret av dei første globale indeksane for topprangerte miljøaksjar, utarbeidd saman med London-baserte CDP, før kalla Carbon Disclosure Project. CDP er, interessant nok, finansiert av investorar som HSBC, JPMorgan Chase, Bank of America, Merrill Lynch, Goldman Sachs, American International Group, og State Street Corp.
Indeksane, kalla Euronext CDP Environment World EW og Euronext CDP Environment Eurozone EW, har som målsetning å lure investeringsfond, statspensjonssystem som CalPERS (the California Public Employees’ Retirement System) og CalSTRS (the California State Teachers’ Retirement System) – med ein samla verdi på minst $600 milliardar – til å investere i deira nøye utvalde objekt. Toppranka selskap i indeksane inkluderer Alphabet, som eig Google, Microsoft, ING Group, Diageo, Philips, Danone og, har du sett(!), Goldman Sachs.
Inn kjem Greta, AOC & Co
Her tar historia ei kynisk vending, når vi blir konfronterte med vilt populære, tungt promoterte klimaaktivistar som Sveriges Greta Thunberg og New Yorks 29-årige Alexandria Ocasio-Cortez og Den grøne New Deal. Same kor oppriktige desse aktivistane måtte vere, finst det ei velsmurt finansmaskin bak, som promoterer dei for eigen vinst.
Greta Thunberg er ein del av eit kontaktrikt nettverk med nære band til mellom andre Al Gore sin organisasjon som blir kynisk og profesjonelt marknadsført og brukt av slike som FN, EU-komisjonen og finansinteressene bak klima-agendaen. Som den kanadiske granskaren og klima-aktivisten Cory Morningstar dokumenterer i ei rekke utmerkte innlegg, er dét som står på spel eit velspunne nettverk som har band til den US-amerikanske investoren og enormt rike klimaprofitøren Al Gore, styreleiar for Generation Investment group.
Gore sin partnar, før omtalte eks-Goldman David Blood, er medlem av det BIS-skapte TCFD. Greta Thunberg var saman med sin 17 år gamle klimaven Jamie Margolin frå USA listeført som “spesialrådgivar og tillitsvald for ungdom” i det svenske aksjeselskapet We Don’t Have Time, grunnlagt av direktøren der, Ingmar Rentzhog. Rentzhog er medlem av Al Gores Climate Reality Organization Leaders og av European Climate Policy Task Force. Han vart i mars 2017 skulert av Al Gore i Denver, og igjen i juni 2018 i Berlin. Al Gores Climate Reality Project er partnar i We Don’t Have Time.
Kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez (AOC), som laga store bølger hennar første dagar i USAs Kongress, då ho avduka ein “Grøn New Deal” for å totalt omorganisere USA sin økonomi til ein kostnad av kanskje $100 billionar, er heller ikkje utan kompetente rådgivarar. AOC har ope medgitt at ho stilte til val etter press om å stille frå ei gruppe kalla Justice Democrats. Ho fortalde i eit intervju: “Eg hadde ikkje stilt til val om det ikkje var for støtta frå Justice Democrats og Brand New Congress. Umm, det var faktisk desse organisasjonane, det var JD og Brand New Congress også, som begge … som bad meg om å stille i første omgang. Det var dei som ringte meg for eit og eit halvt år sidan…” No har AOC, som Kongresskvinne, rådgivarar som inkluderer Justice Democrats’ medgrunnleggar Zack Exley. Exley var ‘fellow’ i Open Society og mottok midlar frå blant andre Open Society Foundations og Ford Foundation til å skape ein forgjengar for Justice Democrats, som skulle rekruttere utvalde kandidatar til maktposisjonar.
Den reelle agendaen er økonomisk
Sambanda mellom verdas største finansgrupper, sentralbankar og globale korporasjonar og det noverande ropet om ein radikal klimastrategi for å gå bort ifrå fossilt brensel-økonomi til fordel for ein vag, uforklart Grøn økonomi, ser ut til å handle mindre om genuin omtanke for å gjere planeten vår til eit reint og sunt miljø å leve i. Det er heller ein agenda, intimt knytt til FNs Agenda 2030 for ein “berekraftig” økonomi, og for å skaffe bokstaveleg talt billionar av dollar i ny rikdom for dei globale bankane og finansgigantane som utgjer den reelle makta.
Etter ein tale av Greta Thunberg til EU-komisjonen i Brussel i februar 2019, såg det ut som Jean-Claude Juncker, dåverande president for EU-komisjonen, etter å ha galant kyssa Greta si hand var rørt til reell handling. Han fortalde Greta og pressa at EU skulle bruke hundretals milliardar euro i kampen mot klimaendringar i løpet av dei neste ti åra. Juncker føreslo at mellom 2021 og 2027 skulle “kvar fjerde euro brukt av EU-budsjettet gå til handlingar som dempar klimaendring.” Kva den slue Juncker ikkje sa, var at avgjerda ikkje hadde noko med den unge svenske aktivisten si bøn å gjere. Den hadde blitt tatt eit heilt år tidlegare, den 26. september 2018 på toppmøtet One Planet Summit, saman med Verdsbanken, Bloomberg Foundations, World Economic Forum og andre. Juncker brukte listig mediemerksemda den unge svensken fekk, til å promotere sin eigen klimaagenda.
Den 17. oktober 2018, nokre dagar etter EU-avtalen ved One Planet Summit, signerte Junckers EU eit Memorandum of Understanding for å etablere Breakthrough Energy Europe der medlemskorporasjonane vil ha tilgang til alle midlar etter eige ønske.
Medlemmane av Breakthrough Energy inkluderer Virgin Air’s Richard Branson, Bill Gates, Alibaba’s Jack Ma, Facebook’s Mark Zuckerberg, HRH Prince Al-waleed bin Talal, Bridgewater Associates’ Ray Dalio; Julian Robertson of hedge fund giant, Tiger Management; David Rubenstein, founder Carlyle Group; George Soros, Chairman Soros Fund Management LLC; Masayoshi Son, founder Softbank, Japan.
La deg ikkje lure. Når dei mest påverknadstunge multinasjonale korporasjonane, verdas største institusjonelle investorar – inkludert BlackRock og Goldman Sachs, FN, Verdbanken, Bank of England og andre sentralbankar av BIS stiller seg bak finansieringa av ein såkalla grøn agenda, kall det Grøn New Deal eller kva som helst, så er det på sin plass å kike under overflata på klimaaktivistkampanjar og spotte den verkelege agendaen. Bildet som dukkar opp er forsøket på ei finansiell omorganisering av verdsøkonomien, der dei brukar klima – noko sola og hennar energi har kolossalt mykje meir med å gjere enn noko menneskeslekta nokon gong kunne vere i stand til – til å prøve å overbevise oss vanlege folk om å gjere tallause offer for å “redde planeten vår”.
Tilbake i 2010 sa dr. Otmar Edenhofer, sjefen for Arbeidsgruppe 3 i FN sitt Intergovernmental Panel on Climate Change, i eit intervju: ”… ein må seie klart og tydeleg at vi de facto omdistribuerer verdas rikdom med klimapolitikken. Ein må fri seg frå illusjonen om at internasjonal klimapolitikk er miljøpolitikk. Dette har nesten ingenting å gjere med miljøpolitikk lenger, med problem som avskoging eller holet i ozonlaget.” Sidan den gong har den økonomiske politiske strategien blitt langt meir utvikla.
Omsett av Monica Sortland
(som ikkje er utdanna økonom. Viser derfor til kjelda: https://www.globalresearch.ca/climate-money-trail/5690209, der artikkelen var publisert den 25. september i år)
Tidligere publisert på derimot.no
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 475 ganger.
Post Views: 3 882