Hufvudstadsbladet: 0,25 % vaksinerte i Kongo. Men få døde og nesten ingen smitte.

Derimot.no

Av Edvard Mogstad

Hufvudstadsbladet (Helsingfors) for 14. januar har ein artikkel («Låg vaccinationsgrad i Kongo-Kinshasa») som er eit ekko av liknande stoff i dei største avisene i Norge; om kor ille det er for dei stakkars u-landa i Afrika at dei får så lite vaksine. Artikkelen tar for seg Sentral-Afrika, og i spesielt Kongo-Kinshasa er det ille; der er berre 0,25 % vaksinerte!

Sjokk!

Men ulikt dei norske avisene, så viser samtidig artikkelen to grafar, rett nok heilt utan kommentar, som fortel ei stikk motsett historie. Grafane samanliknar Finland og Kongo. Finland har mange fleire daude per millionar innbyggarar enn Kongo (graf 2). Dette kan muligvis forklarast delvis med mykje eldre finsk folkesetnad. Men samstundes har smitten gått ned mot null i Kongo, medan den er skyhøg i Finland (graf 1).

Frå Hufvudstadsbladet 14.1.2022

Korleis kan dette forklarast? Kan det vera at flokkimmuniteten er blitt mykje betre i Kongo pga naturleg immunitet, frå naturleg smitte?

På TV2-nyhetene 19. januar sa Espen Rostrup Nakstad: «Det er jo ikke sånn at de kontinentene som har hatt minst vaksiner, har vært hardest rammet av pandemien. Det er kanskje motsatt, og det er det kanskje også noe å lære av. Og vi ser at Europa, for eksempel, til tross for en veldig vaksinert befolkning, er det kontinentet som har aller mest smitte.»

Eg er forviten etter ei forklaring frå våre offisielle ekspertar.

92 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 92 ganger.

Post Views: 106

Les artikkelen direkte på derimot.no