Har nå det militære overtaket i Europa: Russland tar av silkehanskene og stiller ultimatum.
derimot.no:
Det som fremgår under i denne artikkelen var det vi skrev for et halvt år siden 2 måneder før ukrainakrigen brøt ut. Vi må si at vi var på ballen den gang da vi advarte mot det som kunne komme til og skje. Nå har det skjedd. tragedien er at det kunne vært unngått.
Knut Lindtner
Redaktør
Vi presenterer et innlegg fra Andrei Martyanovs blogg for å illustrere hvordan folk som er orientert om den russiske strategiske og militære politikk tenker. Bakgrunnen for dette innlegget er det avtaleutkastet som Russland nylig har sendt til USA (Nato) sin politiske ledelse med forslag til hvordan sikkerheten mellom Russland og USA (Nato) må reguleres fremover.
Forslag er dramatisk i forhold til Natos ambisjoner og praksis, Feks. ingen baser eller atomvåpen i noen av USAs og Russlands nabostater. I praksis innebærer det at USA må fjerne alle sin baser og soldater og missiler fra Øst-Europa; Baltikum og f.eks. må base-avtalen som skal inngås mellom USA og Norge skrinlegges.
Siden Russland ikke har slike innretninger i USAs naboland får dette bare den konsekvensen at de ikke kan gjøre slike avtaler i fremtiden, hvis det skulle være aktuelt.
En del av traktatforslaget innebærer at Nato-utvidelser nærmere Russland ikke skal forekomme (Ukraina og Georgia). Det inneholder også en rekke andre punkter med tildels vidtrekkende konsekvenser for Nato/USA i Europa. Og avtaleforslaget har en form som er krevende, som et ultimatum, men uten en klar tidsfrist.
Implisitt i dette er en trussel om umiddelbare reaksjoner (militære?) hvis USA/Nato fortsetter sin militære ekspansjon østover mot den russiske grensen, f.eks. med opprustning av Ukraina og forsøk på politisk å innlemme landet i Nato.
Det er med denne bakgrunnen en må forstå det som Martyanov her skriver. Martyanov er ekspert på russiske militære og sjømilitære tema. Han har militær utdanning fra sovjetisk/russisk kystvakt og flyttet til USA på 1990-tallet. Nå er han sjef for en kommersiell romfartsorganisasjon. Av de tre bøkene han har utgitt som særlig omtaler det politiske, militære og økonomiske utviklingen og forholdet mellom USA og Russland er en omtalt her på derimot.no.
Til orientering. Det han omtaler som 404 er Ukraina. 404 viser til en feilmelding som forekommer på nettet. Han omtaler Ukraina som er «feilmelding», som en mislykket stat. Det er ironi.
Knut Lindtner
Redaktør
Folk har spurt, eg svarar.
Andrei Martyanovs blogg den 18. desember, 2021
Hugs, eg har terpa på dette lenge: berre mektige stiller ultimatum. Svake kan ikkje stille ultimatum som betyr noko.
Russland stilte ultimatum til det samla Vesten. Men utkast til eit nytt rammeverk for ein ny tryggingsavtale mellom Russland og Vesten (NATO) er berre ein liten del av eit større ultimatum. Om enn det er presentert av høgt rangerte folk i Russlands utanriksdepartement, slik som viseutanriksminister Grusjko:
Omsett:
«Vi viser berre tydeleg at vi er klare for å samtale om korleis vi kan omsette det militære scenarioet, eller det militær-tekniske scenarioet, til ein politisk prosess som verkeleg vil styrke den militære tryggleiken […] til alle statane i området OSSE, Euro-Atlanteren, Eurasia. Dersom dette ikkje skjer, så har vi allereie peika dei ut (NATO), så vil også vi svitsje over til denne modusen med skaping av mot-truslar, men då vil det vere for seint å spørje oss korfor vi tok slike avgjerder, korfor vi har sett i verk slike system,» sa han.
Eg understreka det avgjerande viktige.
2. Eg har ope skrive om det i årevis: Russland har både overveldande militære fordelar og eskaleringsdominans i austre Europa; derfor truslane, om USA (NATO) skulle finne på å velje å framleis spele dumme:
a) Fjerne garantiane for ikkje-invasjon av 404 og førebu regimeskifte i Kiev. Om nødvendig kan ein utradere NATO sine etterretningsinstallasjonar (eventuelt utan åtvaring) som oppvarming.
b) Russland vil plassere hypersoniske våpen, inkludert med atomstridshovud, nær NATO-medlemmar (som dei baltiske statane) og kan i tillegg:
c) Danne fleire stridsvognsarmear;
d) Russland vil forsyne Kina med eldre versjonar av 3M22 (kanskje Kinzhal) og vil sikre at Kina har ein avgjerande fordel i høve til marinestyrkane til USA og Storbritannia innanfor sin del av Den første øykjeden (First Island Chain), medan dei samtidig forsyner Kina med det siste innan AD/AM-forsvar (Area Defense Anti-Munitions). S-500 kan dukke opp der til og med før det kjem til India.
e) Det finst russiske våpensystem vi enno ikkje har sett, og eg kan berre tenke meg kva dei kan gjere. Eg trur nokre i Pentagon har litt peiling, og at dei vil sleppe å bli utsett for dei.
f) Russland vil heilt sikkert akselerere gjenopprustninga av prosjekt 949A til 949AM og prosjekt 971M SSGN til å bere 3M14 Kalibr og P-800 Onyx og sette dei inn att i patruljering langs begge kystlinjene til Nord-Amerika.
3. Russland forstår brotet med Vesten og er reie til å ta konsekvensane, inkludert ei endå større innskrenking av handelen og ein reduksjon i forsyninga av hydrokarbonar til EU. La USA ta hand om det … Åh, vent, USA gjer det stort i sal av LNG til søraust-Asia, og EU er ærleg talt ingen rival for dei asiatiske økonomiane, som ikkje ein gong kjøpslår – dei berre kjøper all energien, same kva den kostar. Viss Europa ønsker å seie noko til Russland, kan dei kvar for seg dra til Moskva og sjå om Moskva bryr seg.
Dei som merksamt følger denne bloggen bør hugse dette frå ein månad sidan:
Som eg har gjentatt ad nauseam (til det kjedsommelige, red) – Russland er det einaste landet i verda som, utan å ty til atomvåpen, kan slå NATO i Europa. Det er dessutan det einaste landet i verda som kan vere økonomisk sjølvforsynte utan handel med EU. Denne handelen var så uansett på veg nedover. Og sjølv om Russland sin eksport til EU i det siste har vakse, er også mykje av den ein følge av at Russland gjer det stort på gass-spotmarknaden. Skal ein døme etter storleiken på Sibirkraft (Power of Siberia) og planar om å bygge gassrøyrleidningsprosjektet Sibirkraft-2, som Xi og Putin diskuterte for tre dagar sidan, så er Russland si strategiske reorientering mot stor-Asia i det viktigaste komplett, og hey, dei kan halde fram med å sanksjonere kva dei vil. Eg kjenner til nokre barnehagar der mor mi bur, som dei enno ikkje har kome med sanksjonar mot. Kor slurvete av dei.
Konklusjon: Russland er klar (ho har vore det ei stund no) og ho gir NATO ein siste sjanse til å redde ansikt og betre atmosfæren. Viss ikkje, så vil 404 bli eliminert. Pluss at NATO sin militære infrastruktur vil bli fjerna frå Baltikum.
I relevante nyhende, fungerer Russlands Orion UAV mot andre droner.
Hugsar du? Berre sterke kjem med ultimatum. Pluss, som eit russisk ordtak seier: Русские долго запрягают, но быстро ездят. Russarar brukar lang tid på å sele på, men dei rir fort.
Fritt omsett av Monica Sortland
http://smoothiex12.blogspot.com/2021/12/people-asked-i-respond-on-run.html
For de som vil bli nærmere orientert om Martyanovs forståelse av konflikten mellom Russland og Nato vil jeg anbefale denne videoen. Det er ganske dramatiske perspektiver han skisserer:
Forsidebilde: Jessica Weiller
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 803 ganger.
Post Views: 2 231