En PR-kamp om opinionen: Det dreier seg ikke om sannheten, men hva folk tror er sant.

Derimot.no

Vi bringer denne meldingen for å helle litt kaldt vann i blodet til folk. Det som formidlers i våre medier om Ukraina-krigen er ofte svært langt fra sannheten. Når en kontrollerer alle de store mediene (alle sier det samme, men med forskjellige ord) kan en tillate seg å “tøye” litt på virkeligheten. Egentlig ganske mye faktisk.

Krigen i Ukraina er like mye en informasjonskrig som en militær konflikt. Denne har våre store medier i all hovedsak vunnet i forhold til den vestlige opinionen, mens Ukraina taper krigen. Det spørs hvor lenge en kan tøye virkeligheten før en overskrider en grense. Men det er utrolig hva folk får seg til å tro bare de ønsker det sterkt nok.

I vest finnes det store firma som har lang erfaring med hvordan en lyger troverdig. De kalles reklamebyråer og PR-firmaer. De lyger troverdig mot betaling. Uten disse ville opinionen i mange saker vært en helt annen. Disse firmaene er helt avgjørende også for å forme opinionen i denne saken.

Knut Lindtner
Redaktør

Dan Cohen avslører nettverket av utlandske politiske strategar, Washington DC lobbyistar og etterretningstilknytte mediekanalar bak Ukrainas PR-jippo.

av Dan Cohen

Mintpressnews den 22. mars, 2022

WASHINGTON DC — Sidan den russiske offensiven i Ukraina starta den 24. februar, har det ukrainske militæret dyrka eit image av ein djerv, liten armé som står opp imot den russiske Goliat. Til å støtte opp under persepsjonen av ukrainsk militær futt, har Kiev [«Kyiv»] spydd ut ein jamn straum av sofistikert propaganda som har til mål å vekke folkeleg og politisk støtte frå dei vestlege landa.

Kampanjen inkluderer språklege rettleiarar, nøkkelbodskap og hundretals propagandaplakatar – nokre av dei inneheld fascistisk bildespråk og til og med hyllar nynazistiske leiarar.

Bak Ukraina sine PR-stunt står ein armé av utlandske politiske strategar, Washington DC lobbyistar og eit nettverk av mediekanalar med band til etterretningsvesenet.

Ukraina sin propagandastrategi gjorde at dei fekk ros av ein NATO-kommandant som fortalde Washington Post : “Dei er verkeleg utmerkte på stratcom – media, info-operasjonar og psy-ops.” Avisa tilstod til sist at “vestlege tenestemenn seier at sjølv om dei ikkje uavhengig kan kontrollere sanningsgehalten til mykje av informasjonen som Kyiv sender ut om den skiftande slagmark-situasjonen, inkludert dødstal for begge sider, så representerer den likevel svært effektivstratcom.”

Ein hjørnestein for propagandaarbeidet er ein internasjonal legion av PR-firma som samarbeider direkte med Ukraina sitt utanriksdepartement om å drive informasjonskrigføring.

Ifølge industriens nyheitsnettstad PRWeek, vart initiativet lansert av ein anonym figur som skal ha grunnlagt eit Ukraina-basert PR-byrå.

“Frå første time av krigen bestemde vi oss for å slutte oss til Departementet for utanrikssaker for å hjelpe dei med å distribuere dei offisielle kjeldene som skulle vise sanninga,” fortalde den namnlause figuren til PR Week. “Dette er ein hybrid-krig: miksen av blodige kampar kjempar med ein kolossal misinformasjons- og forfalskingskampanje leidd av Russland [sic].”

Ifølge den anonyme figuren har fleire enn 150 PR-firma slutta seg til propaganda-blitzen.

Nicky Regazzoni 

I spissen for den internasjonale innsatsen står PR-firmaet PR Network sin med-grunnleggar Nicky Regazzoni og Francis Ingham, ein PR-konsulent-topp med nære band til den britiske regjeringa. Ingraham arbeidde før for Storbritannias Konservative Parti, sit i regjeringsorganet UK Government Communication Service Strategy and Evaluation Council, er sjef for International Communications Consultancy Organisation, og er avdelingsleiar i UK local government communicators, LG Comms.

“Vi har hatt privilegiet av å hjelpe til med å koordinere arbeidet med å støtte den ukrainske regjeringa dei siste dagane, “ fortalde Ingham PRovoke Media. “Fleire byrå har ofra heile team til å støtte Kyiv i kommunikasjonskrigen. Støtta vår til Ukraina sitt utanriksdepartement vaklar ikkje, og den vil halde fram så lenge den trengst.”

Med ein anonym ukrainsk figur saman med to av toppfigurane innan PR i Kiev-regjeringa sitt propaganda-jippo, delte Ukrainas utanriksdepartement ut eit dossier med materiale til å instruerte PR-byråa om “nøkkelbodskap”, godkjent språk, innhald for avslørte propagandakonstruksjonar, ekstremhøgre- og nynazistisk propaganda.

Dossieret blir drive av Jaroslav Turbil, omtalt på LinkedIn -sida si som “Sjef for Ukraine.ua — Ukraina sitt digitale økosystem for global kommunikasjon. Strategic Communications & Country Brand Promotion.” Turbil har arbeidd for fleire “sivil-samfunnsorganisasjonar” med nære band til USAs politiske styresmakter, og han har vore praktikant ved Internews, ein organisasjon med band til US-amerikansk etterretning som arbeider under dekke av å promotere pressefridom.

Henta frå: https://www.mintpressnews.com/ukraine-propaganda-war-international-pr-firms-dc-lobbyists-cia-cutouts/280012/

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Howie R

14 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 14 ganger.

Post Views: 75

Les artikkelen direkte på derimot.no