Derimot: Ytringsfriheten i Norge? Å forsvare ytringer vi liker.

derimot.no:

Ubrukelege folk

Av Hans Olav Brendberg

Prinsipplause folk kan vera hyggelege, empatiske, hjelpsame og på alle vis eit positivt bidrag til verda rundt seg. Men når det strammar seg til, og viktige fridomar er under åtak, er dei diverre heilt ubrukelege.

Ta td. gjengen i «Document». I nokre saker har dei vore av dei modigaste og mest leselege av norske nettaviser. Dei arbeider tolmodig, og får fram ting anna norsk presse ikkje tør ta i. Dei tør utfordra konsensus når det gjeld krigen i Ukraina. Alt saman vel og bra.

Dei siste ti åra har dei vore veldig opptekne av ytringsfridom. Ikkje berre formell ytringsfridom, men også dei meir subtile mekanismane for å hindra offentleg diskusjon om verkelege problem. Dei har – med rette – vore kritiske til «woke»-hysteriet, og har avvist at det er grunn nok til å undertrykka ein meiningsytring når nokon blir krenka.

Alt dette ville vore utmerka – om det hadde dreidd seg om prinsipp.

Det gjer det ikkje.

For nokre veker sidan vart ein norsk medisinarstudent – Marie Andersen – internasjonal kjendis i det sionistiske propagandaapparatet.

Ho heldt opp ein plakat – «Keep the World Clean» – der det israelske flagget vart kasta i søpla. Ein plakat som ikkje skada ei levande sjel – sjølv om mange vart krenka.

Bildet er hentet fra Facebook-artikkelen.

Nøyaktig som med Muhammed-karikaturane.

Og då greidde vel Document å innsjå kva prinsipp som stod på spel når denne studenten vart utsett for ein hysterisk kampanje, og til slutt kasta ut frå medisinstudiet?

Drøym om det.

Document fekk like vondt i den heilage kua si som ytterleggåande muslimar fekk etter Muhammedkarikaturane. Og forsvar av ytringsfridomen var plutseleg ikkje so viktig.

Document er – som mange andre – opptekne av å forsvara ytringar dei likar. Og akkurat so langt rekk det.

Dei er prinsipplause. Og difor ubrukelege.

Innlegget er hentet fra facebook

Forsidebilde: Ryk Naves

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...