Derimot: X-CIA Larry Johnson: Krigen i Ukraina er i videste forstand også en kulturkrig.

Derimot.no

derimot.no:

Om å forstå skalaen og brutaliteten og det som står på spel globalt i krigen i Ukraina

Av Larry Johnson, henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er x-CIA analytiker

Ta ein titt på dette kartet (se under). Det viser tydeleg at kampar finn stad frå Svartehavet i sør til den kviterussiske grensa i nord. Det er omtrent 1000 miles [1609 kilometer]. No spør dykk sjølve, kven har mannskapet, våpena og ressursane til å presse kampen langs denne breie fronten? Enkelt svar, berre Russland.

Russland har framleis minst 500 000 soldatar i reserve som ikkje enno har blitt sendt til kampane. Ukraina har ikkje det. Ukraina går tom for artilleri og verken USA eller NATO har evna til å erstatte og oppretthalde Ukraina sin våpenbruk, ifølgje Washington Post og New York Times. Russland, sett vekk frå vestlege påstandar at dei òg er i ferd med å gå tomme, viser det motsette:

«Russiske styrkar lanserte eit massivt kamikaze-droneåtak mot mål i Ukraina i kveld.

Mål har blitt trefte (https://t.me/rybar/44768) i Novomoskovsk i Dnepropetrovsk-regionen, Konstantinovka, Dnepropetrovsk og Kiev-regionen. Eksplosjonar har òg blitt rapporterte i Zhytomyr, Rovno, Khmelnytsky og Volyn-regionen.»

Situasjonen på bakken, som eg rapporterte i mitt tidlegare innlegg, er dystrare enn dyster.

«Ukraina har degradert ein topp-slagmarkskommandør etter at han innrømte at eininga hans hadde blitt desimert i kampar rundt byen Bakhmut.

Bataljonskommandøren, kjent ved hans kallesignal Kupol, gav ei uvanleg ærleg vurdering av ukrainske tap i eit intervju frå frontlinjene tidlegare denne veka.

Han avslørte at alle dei originale 500 soldatane i eininga hans anten hadde blitt drepne eller skadde, ei sjeldan erkjenning frå innsida av dei ukrainske rekkjene, der tap er haldne strengt konfidensielle.

Den ukrainske høgkommandoen går ut av sitt gode skinn for å presentere ein positiv vri på det stadig blodigare forsvaret av Austen. Amerikanske embetsfolk har estimert at den ukrainske hæren kan ha lidd 120 000 omkomne samanlikna med 200 000 av den russiske hæren.

Kupol fortalde Washington Post denne veka at den ukrainske hæren si opptrening ofte var elendig, og at somme av den grøne erstattarane ikkje visste korleis ein kasta ein handgranat eller fyrte av ei rifle.»

Inga slags oppdikting kan dekkje over dei katastrofale tapa som ukrainske troppar lid på grunn av nådelause russiske artilleriåtak. Å degradere offiserar som vågar å fortelje sanninga om situasjonen, er nok eit symptom på den veksande dysfunksjonen og manglande effektiviteten i det ukrainske militæret.

Ein har òg den bevisst villeiande historia at russiske soldatar er inkompetente og at ukrainarane er meisterkrigarar. Meir nonsens. Sjå den følgjande videoen. De vil sjå ein russisk soldat, Alexander Maltsev, dukke opp på botnen av skjermen i ei godt forsvart ukrainsk skyttargrav. Han er i undertall minst seks til éin. Følg òg nøye med på dei ukrainske soldatane. Dei er tydelegvis dårleg trena og udisiplinerte. Sjå dei skyte riflene sine med den gamle «pray and spray»-metoden – altso at dei held rifla over hovudet utan å sikte, for deretter å tømme ammunisjonen. Maltsev, i motsetnad til dei, gjer det riktig. Han siktar og skyt nøyaktig, og drep minst to av dei ukrainske soldatane og tek resten som fangar. Skuggar av sersjant Alvin York.

Krigen blir ikkje berre kjempa på slagmarka. Like før neste vekes toppmøte mellom Russlands president Putin og den kinesiske presidenten Xi Jinping, erklærte Den internasjonale domstolen i Haag ein falsk, grunnlaus tiltale av Putin for påståtte brotsverk mot barn. Reint søppel, men sverting av folk er tydelegvis det einaste våpenet Vesten har igjen å bruke mot Russland. Vestlege media vart fylde av reportasjar som erklærte Putin for å vere ein krigsforbrytar, og fastslo at utanlandske leiarar burde sky han. Merkeleg dette med tiltalar – dei er påstandar om kriminell framferd og må bevisast i retten. Men dei fleste i Vesten sit ikkje og ventar på at den juridiske prosessen skal fullførast, dei har allereie bestemt at Putin er skuldig etter tiltale.

Dette vil ikkje ha nokon øydeleggjande effekt på Putin/Xi-toppmøtet neste veke. Om noko, vil det minne Xi på at den sokalla «regelbaserte internasjonale ordenen» er ei einvegsgate som berre blir brukt for å tene interessene til Washington. Som dei amerikanske grunnleggjarane i 1776, forstår Putin og Xi at dersom dei ikkje står saman, vil dei henge fråskilde om Vesten får det som dei vil.

Maria Zakharova

Russland si utrulege talskvinne for Utanriksministeriet, Maria Zakharova, peikte ut det hårreisande hykleriet av Vesten i å kome med slike tiltalar:

«Eksperimenta til det ‘opplyste Vesten’ med kjønnsskifte på barn, forfølginga av legar som trur at der berre finst to kjønn, den perverterte tolkinga av ungdomslov, øydelegginga av familien som institusjon, erstatninga av ‘mamma’ og ‘pappa’ med dei degenererte frasane ‘forelder A’ og ‘forelder B’, propagandaen om perversjon blant mindreårige – alle desse er ikkje irriterande uhell, men ein storskala-politikk i NATO-sentriske land. Og dei nasjonalstatane som, slik som Ungarn, prøver å stå imot innåt i Alliansen, blir gjenstand for ekte forfølging.

Sanksjonar og trakassering mot Leonid Roshal (kjent barnelege og leiar av Det internasjonale veldedigheitsfondet for å hjelpe barn i katastrofar og krigar) og Maria Lvova-Belova (president-kommisjonær for barnerettar i Russland) er teikn på dehumaniseringa av liberale diktatur.»

Kommentarane til Zakharova vil gje gjenklang blant foreldre i den vestlege verda som framleis trur på vitskap, spesielt biologi, og som kjempar mot den avvikande agendaen som prøver å utslette realiteten om skilnadene mellom menn og kvinner. Russland forstår at denne krigen ikkje berre handlar om å eliminere nazistar i Ukraina og redde menneska i Donbas. Der er ein global kulturkrig undervegs, og sjølve grunnlaget til dei kulturelle filosofiske og religiøse røtene til Vesten er i fare. Russland innser at dei kjempar for å bevare den religiøse sanninga som er omfamna av kristendommen, jødedommen og islam – Gud skapte mann og kvinne.

Russiske forsøk på å redde barn frå krigens øydeleggingar blir vondskapsfullt angripe medan dei fleste vestlege regjeringar og nyheitsformidlarar teier stille om mordet på ukrainske barn i løpet av dei siste ni åra av den ukrainske regjeringa der dei nådelaust ofrar sivile i Donbas.

Eg forventar fleire trekk frå Washington og NATO der dei prøver å øydeleggje møtet mellom Putin og Xi. Desse trekka vil mislykkast og toppmøtet vil gjere meir solid agendaen om å skape ei ny, multipolar verd som styrer unna vestleg kontroll.

Forsidebilde: Pat Whelen

Les artikkelen direkte på derimot.no