Derimot.no

Derimot: WHO anbefalte aldri det som virket mot Corona. Dermed sviktet også de norske helsemyndigheter fundamentalt.

derimot.no:

Dette er et kort sammendrag av innledningen som kardiolog Peter McCullough holdt i Strasbourg nylig på en konferanse i EU-parlamentets regi. Det han sier i løpet av svært kort tid er svært viktig og meget lett forståelig. Vi har presenter dette innlegget tidligere i en annen publisering. Vi presenterer det nå som et selvstendig vitnesbyrd. Under har vår medarbeider laget en kort oppsummering.

Vi anbefaler dette for alle som vil vite noe mer om hvorfor alle korona-tiltakene var en katastrofe. Og nå vil de (myndigheter, legemiddelfirmaene i samarbeid med de store mediene) kanskje starte en ny runde med masker, nedstengning og vaksiner.

De forbød virksomme medisiner og nevnt aldri vårt innebyggete immunforsvar. Det er skandalen.

Knut Lindtner
Redaktør

Dr. McCullough ber om full stopp av covid-vaksineringa

av Monica Sortland, den 17. sept., 2023

Verda har opplevd to skadebølger. Den første var infeksjonen med SARS CoV-2. Den andre bølga var vaksinane mot covid-19, sa kardiolog og epidemiolog Peter McCullogh på onsdag til EU-parlamentet i Strasbourg. Han ber om at Covid-injeksjonane må takast ut av marknaden, då dei gjer langt meir skade enn gagn.

I det 16 minutt lange innlegget sitt snakka han om korleis legar og andre folk har blitt loge til og narra av Verdshelseorganisasjonen (WHO) i maskepi med eit biofarmasøytisk kompleks. Samrøret har utvikla seg til eit syndikat, seier han, som inkluderer WHO, FN, Verdsøkonomisk forum (WEF), Gates Foundation, Rockefeller Foundation, Welcome Trust, GAVI, CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness and Innovation), USAs utanriksdepartement, NHI, CDC og FDA, Storbritannias NHRI, Australias TGI, Sør-Afrikas SAMRC (?) og Europas EMA. Denne grupperinga av NGO’ar og offentlege helsestyresmakter arbeider som ei nøye samkoordinert eining, og fleire representantar har blitt avslørte i Kongress-høyringar i USA, der det har kome fram at dei har konspirert for å dekke over noko dei alle visste: at viruset var skapt i eit laboratorium.

WHO har skifta rolle, meiner dr. McCullough. Frå å ha vore eit organ som fremja folkehelsa, er dei no blitt det tvert motsette. For å kome best mogleg ut av covid og unngå dei to einaste farlege utfalla – innlegging på sjukehus og/eller død – er det berre to ting som hjelper, seier han: rask/ tidleg behandling og naturleg immunitet. Under dei siste tre («pandemi»)åra har WHO aldri gitt slike råd. Heile fokuset har vore på dei nye vaksinane.

Grunnen til at vaksinen må stoppast, er dei kolossale mengdene med biverknadar, særleg av dei eksperimentelle mRNA-vaksinane. Han seier det finst 3400 studiar som viser ei mengd alvorlege biverknadar av typen hjarte- og kar-lidingar, blodpropp (som ikkje lar seg løyse opp av dei vanlege blodproppsmedisinane), nevropati og immunrelaterte sjukdommar. Det at til dømes mange unge idrettsutøvarar desse siste åra har døydd av hjarteatakk, seier han er eine og aleine på grunn av at mRNA-vaksinane forårsakar myokarditt hos mange. Ein atlet som har myokarditt, får hjarteatakk, seier han.

McCullough, som har gått igjennom det meste av covid-19-forskning (om ikkje alt), slår fast at det ikkje finst ein einaste studie som beviser at dei syntetiske, vaksineinduserte piggproteina forsvinn frå kroppen etter injeksjon. Éin studie viser at dei er der ein månad etter sprøyta (lengda på studien), og ein annan studie påviser lipoproteina i ulike organ seks månadar etter injeksjonen. Men ingen veit enno kor lenge dei blir i kroppen – og særleg ikkje sidan det stadig blir fylt på på nytt, med booster-dosane. Ein obduksjonsstudie viste at nesten 3 av 4 av dei obduserte hadde døydd på grunn av vaksinen.

WHO må ikkje få lov å dominere pandemi-politikken, insisterer dr. McCullogh. Covid-vaksinane må trekkast frå marknaden.

Forsidebilde: Jonas Denil

Les artikkelen direkte på derimot.no