Derimot: WEF-rådgiver: KI-teknologien gjør en stor del av verdens befolkning overflødig og unyttig. – Derimot
derimot.no:
De som har lest noe av det Hariri har skrevet vet at han argumenterer logisk og kraftfullt for disse synspunktene. Men siden menneskene som sosiale vesener egentlig er skapt av sine relasjoner, kan ikke menneskene fjernes uten at det får uoversiktlige følger for alle. Og så har en problemet med hvem som skal velges vekk.
Slik Hariri tenker (jeg oppfatter det slik) er det bare de skarpeste hjernene som skal være tilbake. Jeg ville tenke annerledes: Bare de sosiale vil vi ha bruk for, altså de som bryr seg om andre og om sine relasjoner.
I dag styrer psykopatene verden – altså de som elsker makt og å herse med andre. Og Hariri sine tanker oppfatter jeg kommer fra slike mennesker, men naturligvis har han noen poenger det er vel verdt å tenke gjennom og å diskutere.
Knut Lindtner
Redaktør
WEF-rådgivar Hariri: Planeten treng ikkje lenger «det store fleirtalet» av befolkninga
Som eit potensielt remedium til å gjere folk «utdaterte», har Yuval Noah Harari føreslått statleg omdistribuering av goda, ikkje berre nasjonalt, men globalt.
Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) sin topprådgivar Yuval Noah Harari erklærte nyleg at verda ikkje «treng det store fleirtalet» av folk i verda på grunn av teknologiske framsteg.
Harari kom med den dristige utsegna i eit intervju med Chris Anderson, sjefen for den populære mediegruppa TED, som eit ekko av tidlegare spådommar om ein “ubrukeleg klasse” av “utilsettbare” menneske.
Harari føreslo at, til skilnad frå det 20. hundreåret – då “dei store heltane” i politiske systems rådande narrativ alltid var “vanlege folk” – er folk no i det 21. hundreåret “ikkje lenger ein del av framtidas historie”. I staden har dei, ifølge Harari, blitt erstatta av kunstig intelligens (KI) og fortrengde av ein høgteknologisk økonomi.
Forfattaren, og førelesaren, presenterte til Anderson “hypotesen” om at frykt for å bli fortrengde av KI og ein høgt utdanna “teknologisk” klasse i framtidsøkonomien, delvis ligg til grunn for verdas “desillusjonertheit og motreaksjon på den liberale ordenen.”
“Ein del av det som kanskje skjer, er at folk innser – og dei har rett i å tru det – at ‘framtida treng ikkje meg … Kanskje vil dei, viss dei er snille, kaste nokre smular min veg, til dømes grunnløn’. Men det er psykologisk sett mykje verre å kjenne seg ubrukeleg enn å kjenne seg utbytta,” sa Harari.
“No, spol fram til det 21. hundreåret, når vi berre ikkje treng det store fleirtalet av befolkninga,” heldt Harari fram, “fordi framtida handlar om å utvikle meir og meir sofistikert teknologi, til dømes kunstig intelligens og bioengineering.”
Harari la til at “desse teknologiane vil stadig meir gjere overflødig” “kva det no måtte vere av det folk framleis gjer som er nyttig,” og vil såleis “gjere det mogleg å erstatte folket.”
Sjølv om han innrømma overfor Anderson at teknologiar som KI vil opne opp for nye og “meir interessante jobbar,” argumenterte Harari for at “det er ikkje klart at mange menneske vil vere i stand til å gjere dei, fordi dei vil kreve høg kompetanse og mykje utdanning.”
Anderson kom iherdig med forslag til korleis menneske kunne – og burde – halde fram med å spele ei verdifull rolle i verdsøkonomien, eller i det minste i samfunnet.
“Så igjen, i eit desperat forsøk på å finne ei meir håpefull vinkling på dette … mange av jobbane som blir fortrengde er eigentleg ganske kjedelege jobbar som ikkje eigentleg rører ved kjernen av kva det vil seie å vere menneske,” sa Anderson.
Han påpeika så at “Når ein tar eit steg tilbake, så er det ingen mangel på ting som treng å bli gjort,” inkludert å ta tak i verdas “millionar av einsame menneske.”
“Folk er verkeleg flinke til å få einsame menneske til å ikkje kjenne seg einsame, og praktisk talt kven som helst kan gjere det,” sa Anderson. “Du veit, samfunn er rotete. Bortimot kven som helst som bur ein plass, kunne i prinsippet gjere eit eller anna for å gjere samfunnet betre. Dei kunne måle eit gjerde, eller gjere noko frivillig arbeid eller kva som helst.”
Harari svara med at for å “anerkjenne aktivitetar som samfunnsbygging og det å danne familie som jobbar, … treng vi ein ny økonomisk og sosial modell.”
Då Anderson spurde Harari om han kunne sjå “noka anna løysing på det problemet enn” meir statleg omfordeling av skatten, svara Harari at “Det er den tradisjonelle rolla til styresmaktene. Når marknaden ikkje er tilstrekkeleg effektiv i omfordeling av gode, så er dette styresmaktene sin jobb.”
Harari gjekk så langt som til å føreslå at goda ville måtte bli omdistribuerte globalt, slik at profitten til teknologiselskap i USA og Kina kunne kome folk i land som er mindre avanserte på teknologifeltet til gode.

“Eg skulle ville seie at det aller største problemet ikkje ligg på nasjonalt nivå,” sa Harari, og la til at sjølv om han kunne sjå føre seg omdistribuering av gode frå “tech-gigantar i California” til “mødrer i Pennsylvania,” så ser han ikkje slike gode bli omdistribuerte til “Honduras eller Mexico eller Brasil.”
Til sist peika Anderson på den uerstattelege rolla til menneske, og spurde Harari:
“Finst det noko scenario der vi kunne skrive oss sjølve tilbake inn i denne historia på ein ganske viktig måte som dei einaste tinga vi veit om i universet som er i stand til tinga som betyr mest i universet – altså kjærleik, glede, kreativitet, den kjensla av fred du snakka om.
Teknologi kan ikkje gi oss råd om dei tinga som ligg djupast i hjarta våre. Vi bør ikkje la den gjere det, vi bør halde på kontrollen, faktisk få teknologien vår til å tene dei tinga. Og på ein måte, forholdet mellom teknologi og oss – [teknologien] bør sjå på sansande ting som gudar som har superkrefter som den sjølv ikkje veit noko om. Ikkje sant? Er det latterleg?»
Harari svara ikkje direkte på Andersons poeng, men fokuserte på “spørsmålet om sansing og medvit” som “det viktigaste spørsmålet i denne samanhengen,” og “vitskapens største gåte.”
Hararis unngåing av spørsmålet stammar kanskje frå hans mindre transcendente syn på menneska, slik det blir gjenspegla i påstanden hans om at “Homo sapiens styrer verda fordi det er det einaste dyret som kan tru på ting som utelukkande eksisterer i artens eigne fantasi, slikt som gudar, statar, pengar og menneskerettar,” som er grunntanken i boka hans, “Sapiens: A Brief History of Humankind”.
Idéen blir gjentatt i hans vidkjende påstand om at vi “burde venne oss til idéen om at vi ikkje lenger er mystiske sjeler, men “no hack-bare dyr”.
Som topprådgivar for WEF sin sjef og grunnleggar, Klaus Schwab, kan ein lure på om Harari sitt syn – at verda no har ein overflod av “unyttige” folk, kombinert med hans opne nedgradering av menneske som jamstilde med dyr – også har forma WEF sine målsetningar, og i så fall: kor mykje.
Faktisk plasserer WEF miljøet, og ikkje menneska per se, i sentrum for prioriteringane sine. Dei har inngått partnarskap med FN, som er tungt pro [retten til sjølvbestemd] abort og prevensjonsmiddel, og WEF sin Great Reset-agenda har reist uro om utilsikta skadeverknadar på livsgrunnlaga og velværet til folk rundt om i verda.
Det finst til dømes dei som meiner at WEF prøver å fase ut fossile drivstoff altfor tidleg til fordel for “grøne”, men dyre og upålitelege, energikjelder på ein slik måte at det totale energiforbruket blir avgrensa, til skade for heile økonomiar via ein rippel-effekt.
Meir bevis for eit slikt verdssyn gir WEFs støtte til COVID-nedstengingane (lockdowns) som resulterte i bølger av tapte jobbar, ein massiv auke i depresjon, vald i heimane og andre skadelege effektar. Faktisk bad WEF om “strengare” nedstengingar, trass i slikt verdsomspennande elende, og hylla nedstengingane for effekten dei hadde på reduksjon av drivhusgassutslepp og forureining.
Fra LifeSiteNews 12.august 2022
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert