Derimot: Vil skape sosiale spenninger:EU pålegger Polen tyske velferdsordninger til ukrainske flyktninger. – Derimot

Derimot.no
Derimot: Vil skape sosiale spenninger:EU pålegger Polen tyske velferdsordninger til ukrainske flyktninger. – Derimot

derimot.no:

EU gjev Polen ordre om å gje same velferdsytingar til innvandrarar som Tyskland gjer – og det vil koste skattebetalarar ein formue

Grzegorz Adamczyk i Remix News rapporterer:

I tråd med eit nytt EU-direktiv, vil Polen få krav om å tilby velferdsytingar og buforhold for innvandrarar som tilsvarer dei til Tyskland. Ifølgje EU sitt asyldirektiv av 14.mai 2024, vil ulovlege innvandrarar ha rett på skattepenge-finansierte sosiale ytingar i alle EU-medlemsstatar. Dette inkluderer gratis bustad av høg standard, sosiale velferdsytingar, omfattande gratis helsetenester, og tilgang til arbeidsmarknaden for afrikanske og arabiske innvandrarar.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Jacek Saryusz-Wolski, ein politikar frå Lov og rettferdspartiet (PiS), sa i eit intervju med wPolityce.pl at intensjonen til direktivet var å sikre likeverdige ytingar for innvandrarar i alle EU-land.

I Tyskland utgjer dette rundt rekna 500 til 600 euro [5600-6800 kroner], «inkludert mat, bustad og familie-gjenforeining. Ein familie i Polen kan motta rundt 10 000 zloty (2300 euro) [26 100 kroner], som er vesentleg høgare enn den gjennomsnittlege polske arbeidsløysetrygda på rundt 1600 zloty (370 euro) [4200 kroner] i seks månader,» sa Saryusz-Wolski. Han la vekt på at denne nye politikken kan bli finansiert av polske skattebetalarar, sidan ingen EU-midlar har blitt øyremerkt dette føremålet.

Pawel Lisicki, konstituert redaktør i det konservative vekebladet Do Rzeczy, kritiserte direktivet i eit intervju med radiokanalen WNET, der han kalla det absurd og tilskreiv det den rådande immigrasjonsideologien i EU-etablissementet. Han sette søkjelys på bota på 200 millionar euro som vart pålagt Ungarn i EU-domstolen (ECJ) for å ikkje endre immigrasjonslovene sine. Lisicki uttrykte bekymring for at under Donald Tusk sitt venstreliberale styre, kan Polen måtte fullstendig lyde desse EU-retningslinjene, trass betydeleg offentleg motstand.

Tallet på ukrainske flyktninger, absolutt og relativt i OECD-sonen.

Lisicki peikte òg på at media kan kome til å framstille denne lydigheita som ein suksess, og det å stille seg på linje med den europeiske fortroppen. Han hugsa 2014-avgjerda til den Sivile plattformsregjeringa (PO) som tillét masseinnvandring til Polen, og som braut tidlegare avtalar innåt i Visegrád-gruppa, alliansen mellom Polen, Ungarn, Slovakia og Tsjekkia. Med tanke på det noverande EU-presset, tviler han på at PO-regjeringa kan motstå desse direktiva, og legg potensielt skulda på forgjengarane for å framstille det som fordelaktig for Polen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Redaksjonen har lagt til en graf.

Forsidebilde er AI-generert fra OpenArt

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar