Derimot: Vikeligheten kan betraktes med ulike briller: En alternativ vurdering av Ukrainakrigen.
derimot.no:
Denne artikkelen er hentet fra Larry Johnsons hjemmeside:
Helmholtz Smiths Prognosar
3. oktober 2022 av HELMHOLTZ SMITH
Eg ser mange ting føregå i bakgrunnen. Her kjem ei opplisting.
USA/VESTEN
Sullivan seier (Bidens rådgiver, red.) det har blitt opna eit kommunikasjonssamband med Russland. For å snakke om kva? Ifølge Washington si offisielle linje, er der ikkje noko å snakke om – Moskva må gi opp. Er det slik at Washington no førebur seg på ein annan konversasjon?
Etter skuldingane om at Russland vurderer atomvåpen, har [USAs utanriksminister] Blinken sagt at dei ikkje har sett teikn på førebuingar. Ei slags nedtoning av retorikken.
Zelensky søkte om hasteopptak til NATO, og vart straks jekka ned av Sullivan – «på eit seinare tidspunkt».
Uroen er synleg. Tre nylege meiningsmålingar i USA viser eit ønske om diplomati, «mindre innblanding» og at Ukraina ikkje er kvalifisert. Det får meg til å tenke på ein kommentar av Gonzalo Lira – at Russland berre burde gjere krigen kjedeleg for amerikanarane.
Dei økonomiske konsekvensane av boomerang-sanksjonane strammar seg nådelaust til i Europa. Vi høyrer no om at bankar kan kollapse, og vi les gladnyheiter om korleis ein skal halde muggen ute frå fuktige hus. Med Nordstream ute av striden, er det ikkje utsikter til betring. Tida er på Russland si side. På eit eller anna tidspunkt vil Europas folk ha fått nok. Protestane veks. Det tyske parlamentets overveldande nei til auka støtte til Ukraina, peikar den vegen.
USA har sloppe billigare unna, men føler óg boomerangen. Inflasjonen stig, og kva vil skje med bensinprisane når dei sluttar å tappe ut den strategiske oljereserven? Og viss Kina dumpar mange US-dollar, vil situasjonen forverre seg.
VESTEN GÅR TOM FOR VÅPEN
Vesten går tom for våpen dei kan sende til Ukraina. Ein CNBC-reportasje snakkar om at USA er tom for 155mm-våpen og -ammunisjon (ein søker produsentar); dei har allereie sendt av garde ti års produksjon av missilet Javelin! Dei sist «sende» HIMARS har enno ikkje blitt bygd.
Liknande historier frå Europa. Lageret dei hadde av eks-sovjetisk utstyr er borte – 28 («moderniserte» for 20 år sidan) T55-tanks kvarta frå Slovenia er det siste «vidundervåpenet».
Vesten har ikkje den industrielle kapasiteten til å halde gåande ein moderne krig. Alt som er sendt til Ukraina så langt, har blitt tatt frå eksisterande lager. Vestlege militære må enten byrje å kannibalisere sine ståande arméar eller stoppe. Kva då? Vestlege våpen mogleggjorde september-offensiven.
INTERNASJONALT
Vestens «mojo» fungerer ikkje. Scholtz fekk lite støtte ut av Golf-besøket sitt. Likeeins gjekk det med Biden i Saudi-Arabia. Kina, India og Brasil avstod frå å stemme då USA i FNs Tryggingsråd la fram forslag om å fordømme Russland etter at landet innlemma dei fire regionane i føderasjonen sin. «90 % av verda» følger ikkje regien til det såkalla «internasjonale storsamfunnet». Mange land ser verda endre seg og har vald side eller ventar for å sjå korleis det går (Til dømes har Egypt og Saudi-Arabia følarane ute overfor Shanghai Cooperation Organisation, SCO).
RUSSLAND
Det finst mange videoar av tog som fer vestover med tungt utstyr. Eg har sett stridsvogner, Msta, BM-21, Iskander og ei mengd av BMP’ar. Ingenting tyder på at Russland er i ferd med å gå tom for noko som helst. Det tyder på at den russiske arméen førebur ein væpna offensiv i stor skala parallelt med den vanlege doktrinen om djup inntrenging.
Statusen til dei fire nye regionane opnar for at dei russiske væpna styrkane kan bruke kraftigare metodar, ettersom dei forsvarer fedrelandet.
Det pågår ein del plausible spekulasjonar på om innkallinga av 300 000 menn kan fristille baktroppar. I så fall kan effekten av dei ekstra troppane vise seg raskare enn mange hadde venta.
Når det gjeld razputitsa (распутица, vår- og haustsesong når vegane blir mudrete og uframkomelege av teleløysing, haustregn o.l.), vinter og andre tema som TV-kommentatorane er spesielt glade i, så er det ikkje SSSR av 1941. Der er mange asfalterte vegar, og russarane er velutstyrte og erfarne i vinterkriging. Det finst derfor ingen garanti for at ting vil stilne i fire eller fem månadar.
«Vi oppmodar Kiev-regimet til å straks innføre våpenkvile og stanse all sin fiendskap; å stoppe krigen dei slapp laus i 2014 og returnere til forhandlingsbordet,» sa Putin for eit par dagar sidan. Var dette hans siste tilbod før det kjem eit kraftigare angrep?
KVA SLAGS PROGNOSAR?
Kort sagt fungerer ikkje Vestens plan. Sanksjonane kostar Vesten meir. Dei går lens for våpen å sende, og der er teikn til oppmjukning. Viss Moskva sin plan var å avansere sakte og vente og sjå, så fungerer det.
Ein bør ikkje sjå bort ifrå at eit framforhandla forlik kan inntreffe, og det kan hende at NATO i tide innser at dei har malt seg inn i eit hjørne der forhandling er einaste utveg. Men etter all opphausinga er det kkje lett å sjå korleis dei noverande herskarane av Vesten skulle kunne innrømme eit slikt gigantisk nederlag. Utskiftning etter val, går for treigt. Og korfor skulle Moskva nokon gong stole på noko Vesten seier? At Kiev einsidig skulle overgi seg er ikkje utenkeleg, men slik eg ser det, er det berre mogleg dersom Zelensky blir styrta. Derfor vurderer eg ein framforhandla slutt som ikkje umogleg på noverande tidspunkt, men svært lite sannsynleg. Men tida er på Russland si side, og oktobers usannsynlegheit kan bli mars’ desperate ønske.
Då trur eg det er meir sannsynleg at – for å bruke ein analogi frå Andre verdskrig – no som Kievs Operasjon Citadel i Kursk-fronten svinn bort, er tida inne for ein verkeleg kraftig mekanisert offensiv, følgd av angrep djupt inn i baktroppane utan å halde tilbake. Ein må hugse at Putin sa dei enno ikkje hadde verkeleg starta. Eg trur vi er i ferd med å få sjå kva han eigentleg meinte. Og før, heller enn seinare, gjettar eg. Eg kan ikkje førestille meg at nokon i Moskva ønsker seg at dette framleis skal pågå komande februar.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Anne Nygård
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1