Derimot: Verden er en åpen bok og alle er gode og snille. Det finnes ikke hemmeligheter eller konspirasjoner. – Derimot
derimot.no:
Kva er «konspirasjonsteori»?
av Nowick Gray
New World Dreaming 21 August 2024
«Konspirasjonsteori» er alt andre folk trur ein ikkje gjer.
Eit omgrep oppfunne av CIA.
Omgrepa «konspirasjonsteori» og «konspirasjonsteoretikar» vart skapt av Central Intelligence Agency etter attentatet på president John F. Kennedy som eit middel til å diskreditere folk som tvilte på regjeringas offisielle rapportar. Joe Uscinski, professor innan politisk vitskap ved University of Miami og ekspert på konspirasjonisme, slo fast at merkelappen «konspirasjonsteori» ikkje var skapt av CIA. Han sa at den påstanden «ikkje er fornuftig i seg sjølv».
«Éin ting konspirasjonsteoretikarar seier, er at omgrepet vart enten skapt eller brukt til å skape eit dårleg inntrykk av folk som stilte spørsmål ved drapet på Kennedy,» fortalde han til pressebyrået Associated Press.
Men uttrykket «konspirasjonsteori» har ikkje automatisk ei negativ bibetydning, sa han. «Det er dét vi må tillegge det, ikkje sant? CIA kan ikkje kontrollere korleis språk blir brukt, eller korleis vi tolkar språk over tid.»
Ikkje-støtta teoriar om snikmordet på Kennedy er framleis veldig populære, la Uscinski til. «Så om det var eit etymologisk spel (ordspill,red.) som CIA spelte for å trakke ned dei einingane, så fungerte det ikkje.» (AP, January 6, 2023)
Alt som ligg utanfor bobla kalla realiteten, som informasjonsleverandørane dine bles for at medvitet ditt skal busette seg der, er du instruert til å kalle konspirasjonsteori.
Når du taper eit val, forklarer du det med å fantasere opp ein konspirasjonsteori. Når du stel eit val og andre klagar, er dei konspirasjonsteoretikarar.
Alle veit at konspirasjonar styrer verda, men om du seier det høgt blir du umyndiggjort og du får underminert uskuldskjensla og handlingsfridommen. Du tar tilflukt i ein teori om kaos, om blind tilfeldigheit, om hendingar som ikkje er innbyrdes tilknytte, om at ingenting gir meining, om eit narrativ som berre er i dine hender, og alt anna er konspirasjonsteori.
Du deltar umedvite i ein konspirasjonsteori som delegitimerer «det andre partiet» ved å avfeie følgarane deira som konspirasjonsteoretikarar.
Når partiet ditt konspirerer for makt, blir det rettferdiggjort med oppdraget «å redde demokratiet». Når den andre sida konspirerer for makt, er det ei straffbar handling, ei terrorhandling.
Same kva den andre sida trur, same kor basert det er på bevis og vitneutsegner, er det utanfor grensene og såleis «grunnlaus» konspirasjonsteori.
Same kva sida di trur – same kor kynisk og langsøkt, forsterka for å tene ein agenda – er det verna tale, og motseiing er grunnlag for rettsfofølging, kansellering, terminering.
CIA Memo 1967: CIA Coined and Weaponized the Label “Conspiracy Theory”
Alt som utfordrar det offisielle narrativet er konspirasjonsteori. Alt som regimet erklærer som feilinformasjon, desinformasjon, ikkje-informasjon: konspirasjonsteori.
Det kan finnast berre éi offisiell historie, berre eitt akkreditert kollegium av ekspertar, berre eitt konsortium av godkjende mediekanalar, berre éin kodeks for moral og politisk korrektheit, berre eitt godkjent sett med retningslinjer for akseptabel tale. Alle som stiller spørsmål ved legitimiteten til alt dette, eller som vågar å avdekke det dokumenterte opphavet, motiva og agendaen bak alt dette, er ein konspirasjonsteoretikar.


Dei som gjerne vil vere i in-gruppa, som ønsker å høyre til, som vil vere ein av oss, som vil vere framgangsrik og nyte konformitetens fordelar, som vil nyte godt av byttet til det rovgriske imperiet utan å skulda for det, skriv under her med berre ein drope av blodet dykkar, så vil vi reinske sinnet dykkar for alle latente konspirasjonsteoriar.
Konspirasjonsteori er for deg, ikkje for meg.
Ord brukt om konspirasjonsteori: meiningsavvik, fri tale, forskning, uavhengige medium, høgre-ving, uoffisiell, ikkje-godkjend, usensurert, usanksjonert, illegal, umoral, ulegitim, terrorist, hatefull, rasist, -fobi, fornekting, farleg, usikker, offensiv, skadeleg, ein trussel mot demokratiet vårt, ytterkant, ekstremist, sprø, gal, forvirra, forvilla, under utlandsk påverknad, radikal, av hengslene, uorganisert, utanfor, uregulert, suspekt, kriminell, sinnsforvirra, ugrunna, ujorda, inntektsindraging, manglar merkevarestempel, skeptisisme, kritisk tenkning, debatt, diskusjon, undersøking.
Når vår side konspirerer for eit større gode, er det ikkje ein konspirasjon; det er demokrati.
Når den andre sida konspirerer imot det større godet, er det ikkje konspirasjonsteori; det er ein trussel mot den nasjonale sikkerheita.
Når du anklager vår side for konspirasjon , er det ein grunnlaus konspirasjonsteori.
Når vi hevdar at di side har konspirert, er det ikkje konspirasjonsteori; det er ei sak for retten.
Det motsette av konspirasjonsteori er kognitiv dissonans (en opplevelse av at det er noe som ikke stemmer, red.): for å halde deg trygg og sikker.


Å vere utan konspirasjonsteori er å eige ingenting, vite ingenting, men likevel vere glad.
Utan konspirasjonsteori står vi frie til å tru …
– at alle attentat blir gjort av einslege galningar.
– at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen.
– at vaxinen redda oss frå ein dødeleg pest.
– at alle krigar er rettvise krigar, utkjempa for ære og heider og sjølvforsvar.
– at vi lever i den beste av alle verder, enten ein likar det eller ikkje.
– at landet vårt alltid har rett.
– at Joe Biden var sylskarp, fram til den dagen han ikkje var det lenger.
– at Kamala Harris var uvelgeleg, fram til den dagen ho vart installert som leiar av Partiet.
– at det betyr slutten for demokratiet (igjen) viss den andre sida vinn.
– at vår fria økonomi skyt i veret takka vere våre opne grenser.
– at alle verhendingar er forårsaka av menneskeskapt karbondioksid.
– at all elektrisiteten i verda kan kome frå (vi skal nok kome på noko …)
– at det er menneskets lagnad å kaste forelda oppfatningar om kjønn, familie, nasjon og rase.
– at med vårt parti ved makta vil alle våre behov og ønske bli oppfylde.
– at viss du stemmer på vårt parti, vil alle dine behov og ønske bli oppfylde óg.
– at alt vi seier er sant, må vere sant, per definisjon. Om du treng bevis, kan det faktasjekkast i vårt oppdaterte oppslagsverk, på vår ekspert-redigerte Wikipedia-side, vår nøye skrubba konto på sosiale medium og vår reviderte, autoritative historie.
Nokre spørsmål? Ver venleg og lever dei i skriftleg form til vårt Byrå for mistenkelege granskingar, saman med alle brukbare personlege idenfifikasjons- og sporingsdata.
Vi ser fram til samtykket ditt!
Get Your Free Copy of “Towards a World War III Scenario: The Dangers of Nuclear War”!
*
Denne artikkelen vart først publisert på New World Dreaming den 21. august, 2024
Nowick Gray er skribent, redaktør og forskar frå British Columbia, Canada. Han har skrive ei ny essay-samling: Covid Narrative Freedom: Two Years of Dissent. Besøk nettstaden hans her: NowickGray.com. Han bidrar hyppig til Global Research.
Copyright © Nowick Gray, New World Dreaming, 2024
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: KI-generert
https://www.globalresearch.ca/conspiracy-theory/5867369
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst