Derimot: Verden deles stadig mer i to uforsonlige blokker.Ny USA-rapport anbefaler handelskrig med Kina hvis de angriper Taiwan.
derimot.no:
Topp-panel ber om stans for USAs normale handelsrelasjonar med Kina viss landet bryt WTO-reglane
Kongressen tilrår også større innsats med å førebu økonomisk svie og militær motstand dersom Beijing angrip Taiwan
Årsrapport seier USA må «ta resolutte steg for å bevare og forsvare våre interesser og ideal»
Bochen Han og Jacob Fromer i Washington
Publisert den 16. nov, 2022 på SCMP
Kongressen bør suspendere dei normale handelsrelasjonane med Kina dersom Washington meiner Beijing ikkje har følgd krava i marknadstilgangsavtalen med Verdshandelsorganisasjonen WTO, som vart signert for fleire tiår sidan, sa USAs øvste rådgivande panel for Kina-politikk, US-China Economic and Security Review Commission, på tysdag.
I årsraporten for 2022, som legg fram 39 rekommandasjonar og dekker nesten alle aspekt ved det bilaterale forholdet, ber panelet også om at lovgivarane skal granske om det er mogleg å blokkere kinesisk energi-import om det skulle oppstå ein militær konflikt som involverer Beijing, særleg rundt Malakka-sundet.
Og med det Washington tolkar som veksande teikn på at Kinas leiar Xi Jinping kan kome til å prøve å invadere Taiwan, hevdar panelet det er tvingande nødvendig å tilsette fleire folk til å førebu økonomisk straff og militær resistans mot Beijing dersom dei skulle angripe den sjølvstyrte øya.
«Xi sine personlege og strategiske ambisjonar for sin eigen og Kinas plass i historia er tydelegare enn dei har vore nokon gong,» sa kommisjonens styreleiar Alex Wong på tysdag. «Og det er også USA sitt behov for å ta resolutte steg for å bevare og forsvare interessene og ideala våre som respons.»
Den 785 sider lange rapporten kjem medan spenningane mellom Washington og Beijing er på sitt høgste nivå på mange år, og og den gjenspeglar den enorme mistilliten som Washington har mot Beijing på så å seie alle aspekt av forholdet – alt frå handelspolitikk til menneskerettar og sabelrasling mot Taiwan.
Den kjem også berre ein dag etter at USAs president Joe Biden og Xi møtte kvarandre ansikt-til-ansikt for første gong sidan Biden inntok presidentsetet tidleg i 2021. Dei to leiarane forplikta seg til å samarbeide om klimaendringar og vart einige om å kommunisere meir, men er elles standhaftig ueinige om nesten alle andre spørsmål.
«Vi vil ikkje klare å finne løysingar på alt,» sa Biden etter det tre timar lange møtet på måndag. «I’m not suggesting this is kumbaya.»
Xi, som i førre månad sikra seg tredje periode som leiar for Kommunistpartiet, har pakka sin indre sirkel av rådgivarar med lojalistar, har observatørar sagt.
«Kritiske avgjerder om alt frå utdanning og populærkultur til krig og fred ser no ut til å kvile i hendene på éin mann,» står det å lese i rapporten.
Biden, på den andre sida, møter intenst press frå medlemmar av begge partia i Kongressen om å halde på ei hard linje mot Beijing. Etter mellomvala i førre veke vil Demokratane behalde kontrollen over Senatet, medan Republikanarane sine framsteg i Representanthuset tar dei eit steg nærare til å ta over dét kammeret.
Blant sakene som Biden tok opp med Xi, var Kinas «ikkje-marknadsøkonomiske praksis», sa Det kvite hus etterpå. Tysdagens rapport fokuserer tungt på handelspolitikk.
«Etter mange år med forsøk på å engasjere Kina og overtale dei til å gi opp sin forvridande handelspraksis, er det tydeleg at denne tilnærminga ikkje har vore vellykka,» seier rapporten.
Særleg seier den at USAs handelsrepresentant bør vurdere om Kina fyller «vilkåra for 199-avtalen om marknadstilgang», som Beijing og Washington signerte før Kina gjekk inn i WTO.
Dersom den vurderinga «konkluderer med at Kina ikkje har greidd å etterkome forholdsreglane dei gjekk med på for adgang til WTO, bør Kongressen vurdere lovgivning for å straks suspendere Kinas Permanent Normal Trade Relations» (PNTR), seier rapporten.
«Etter suspensjonen av PNTR bør Kongressen vurdere nye vilkår for ei fornying av normale handelsrelasjonar med Kina.»
Kommisjonen, eit uavhengig panel som Kongressen oppretta i oktober 2000, rapporterer direkte til lovgivarane om nasjonale sikkerheitsimplikasjonar ved handelen og det økonomiske forholdet mellom USA og Kina.
Tysdagens rapport er produktet av sju høyringar med til saman 74 involverte ekspertar frå politiske, forretnings- og forskingsorganisasjonar under det siste året. Dei 12 kommisjonsmedlemmane bak årets rapport er ikkje lovgivarar, men dei er utnemnde av Kongressen.
Kurt Tong, tidlegare generalkonsul og no partnar i det Washington-baserte risiko-konsulentfirmaet The Asia Group, kallar kommisjonens rapportar for «ein oversikt over årets dårlege nyhende om Kina». Han seier at lovgivarar og akademikarar brukar rapportane til å utforme sine politiske rekommandasjonar om Kina.
Rapporten viar eit kapittel til Taiwan, ei av dei viktigaste sakene for dei som utformar USAs politiske retningslinjer, og som har fått høgare prioritet etter Russlands invasjon av Ukraina i februar. Der står at Kina betydeleg har trappa opp sin diplomatiske og økonomiske tvang overfor øya, på toppen av framvisninga si av militær styrke.
«Ukraina-konflikten er ei påminning om at krig av og mellom stormakter er ein reell trussel i dag,», seier Wong.
«Det bør tvinge oss til å få opp farten og gjere ei realistisk vurdering av korleis vi kan redusere avhengigheita vår av Kina når det gjeld kritisk viktige varer, korleis vi skal støtte opp under midla vi har til konfliktavskrekking, og korleis vi skal bygge sterke koalisjonar for å respondere på konflikt og tvang.»
Fem av kommisjonens topp 10 rekommandasjonar handlar om respons på potensiell kinesisk militær aktivitet på Taiwan, inkludert oppretting av ein permanent komité som får ansvaret med å implementere sanksjonar mot Kina, nye fullmakter for presidenten til å tvinge US-amerikanske firma til å trekke seg ut av Kina i tilfelle krig, og ein Pentagon-rapport om USAs militære sin «kapasitet til å stå imot tvang». Panelet bad også om auka budsjett til forsvaret og støtte til ei sams forsvarsplanlegging med taiwanesiske militære.
Beijing gjer hevd på Taiwan som ein del av deira territorium, og har sagt dei til sist vil foreine øya med fastlandet, med tvang om nødvendig. Beijing opponerer mot andre nasjonars kontakt med taiwanesiske styresmakter.
Washington anerkjenner ikkje offisielt Beijings hevd på suverenitet over Taiwan, men «erkjenner» at kravet eksisterer.
USA har ikkje hatt formelle diplomatiske relasjonar med Taipei sidan 1979, då Washington skifta si diplomatiske anerkjenning til Beijing. Men ifølge 1979-lova Taiwan Relations Act, opprettheld Washington ein uoffisiell relasjon til Taipei og er forplikta til å selge Taiwan våpen til «defensiv» bruk.
Rapporten skuldar kinesiske tenestemenn for å spreie «falskheiter om ein global konsensus som understøttar ’eitt-Kina’-prinsippet» og for å blokkere at Taiwan kan «dele sin verdifulle ekspertise på saker som spenner frå global helse til oseanografi».
Den inneheld også bitande kritikk av Xi sin «null-Covid»-politikk, og seier at den stygt har svekka Kinas økonomi og ført til auka undertrykking av det kinesiske folket.
«Trass den økonomiske skaden forårsaka av nedstengingane, fører CCP [Kinas Kommunistiske Parti] framleis sin null-Covid-politikk, og demonstrerer evnen sin til å oppretthalde politisk kontroll sjølv under fråvære av økonomisk vekst,» seier rapporten. «Kinas strenge truskap til null-Covid-politikken i 2022 demonstrerer kor langt den topp-ned-sentraliserte styringa har erstatta lokal varsemd under Xi.»
Rapporten legg til at Beijing, trass økonomisk nedgang, «heldt fram med si hardnakka våpenopprusting» med auka budsjett for militæret. Den seier at energistrategien til Kina – som søker å redusere landets sårbarheit overfor maritime energi-flaskehalsar – vil intensivere den teknologiske konkurransen mellom USA og Kina, og at Kina sine aktivitetar i cyberspace og det at dei strekk seg utover til sør-Asia og sentral-Asia utgjer ei eskalerande utfordring for USA.
Liu Pengyu, talsmann for den kinesiske ambassaden i Washington, har sagt at kommisjonen har «lenge vore fordomsfulle mot Kina», og at Kommunistpartiet og den kinesiske regjeringa sin politikk er «open og transparent».
«Vi er ikkje ute etter å angripe nokon, endå mindre utgjere nokon trussel for andre land,» seier han.
Rapporten viar også eit heilt kapittel til Hong Kong, og set fokus på byens stadig djupare underordning under Beijings kontroll og at den framleis er viktig som ei bru for Kina til globale finansmarknadar.
«Med Beijings handplukka sjef no ved roret, har Kina fast kontroll med alle greiner av Hong Kongs regjering, og varslar om ein ny æra med total kontroll for fastlandsautoritetane,» seier rapporten.
«Med ettersynet av valprosessen skapte dei eit nikkedokke-parlament fullt av såkalla patriotar, og dei har også auka den nye sjefen si makt til å kunne utnemne dommarar.»
Det gjorde at Kongressen fekk det travelt med å eliminere dei diplomatiske privilegia til Hong Kong-kontora for økonomi og handel sine filialar i USA, som tener som offisielle representantar for byens regjering i USA, med mindre Beijing forhandlar fram avtalar med Washington om at kontora skal inkluderast under Beijing sin diplomatiske kontroll eller at byen blir løyvd større autonomi.
Rapporten ber også lovgivarane om å raskt gjere meir for å trygge USA sine forsyningskjedar for kritisk viktige ressursar som halvleiarar, sjeldne metall og livreddande medisinar, og seier Russlands våpenisering av energi har vist at det å vere overdrive avhengig av potensielt fiendtlege makter er ein trussel.
Rapporten oppmodar særleg til at ein skal slå ned på importen av medisinar frå Kina, og ber det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet (FDA) om å identifisere alle medisinar som har aktive ingrediensar frå Kina «og utvikle alternative kjelde-arrangement».
Fritt omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland
Forsidebilde: Tommy Tsao
7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.
Post Views: 26