Derimot: Ved å avslutte avtalene om reduksjon av atomvåpen har USA skaffet seg et nytt problem.Et atomvåpen-kappløp som Russland vil vinne. – Derimot
derimot.no:
Vesten er ein tapar på området kjernekraft. Russland og Kina tar leiinga
Russland vinn framtidas atomvåpenkappløp
Global Research, 3. april, 2024
USA-EU-UK er heilt i bakevja innan kjernefysisk teknologi.
Frankrike kan tene som døme: Atomkraftanlegget Flamanville 3 går online her i 2024. Konstruksjonen starta i 2007, og planen var å bli ferdig berre 5 år seinare, innan utgangen av 2012 – det er no gått 12 år over tida. Total konstruksjonstid 17 år. Det er ei forseinking på 240%. Kostnaden har kome opp i € 12 milliardar. Planen var at det skulle koste berre € 3,3 milliardar. Det er ein kostnadssprekk på rundt 250%. Og Flamanville 3 skal etter planen levere underveldande 1,65 GW. Finland får atomkraftverk bygd av franskmennene, og Finland opplever liknande forseinkingar og kostnadssprekkar. Tyskland kuttar heilt ut kjernefysisk teknologi og Sverige ligg berre lågt med det dei har.
Storbritannia er ikkje noko betre enn Frankrike. Konstruksjonen av Hinkley Point C med 3,2 GW vart starta i 2017 og skulle etter planen gå online 10 år seinare, i 2027. I staden reknar ein no med at konstruksjonen ikkje vil bli fullført før 2030 – 13 år seinare. Byggekostnadane nærmar seg no £ 34 milliardar, og dei stig enno.
USA har verdas største atomkraftsproduksjon, men USA har dei har knapt bygd nytt dei siste tiåra.
Etter 30 år utan nye atomkraftverk, har USA no nyleg sett to nye reaktorar i drift, Vogtle 3 i 2023, og Vogtle 4 her i mars 2024. Vogtle 3 og 4 er begge 7 år forseinka, og byggekostnadane vart dobla, frå $ 14 milliardar til $ 30 milliardar.
Grandiose US-amerikanske (og britiske) ambisjonar om å bli leiaren innan små modulære reaktorar (SMR), har så langt vist lite framsteg.
Japan er framleis i «kjernefysisk» sjokk etter den fæle Fukushima-katastrofen.USA/Vesten er til og med heilt fråverande innan dei siste kjernefysiske teknologiane, som til dømes saltsmeltereaktorar, 4. generasjon, Thorium osb. som Kina implementerer no for tida. Det er tydeleg at atomkrafta er i ei djup krise i Vestlege land (med unntak av Sør-Korea). Og med godkjenningstider på 5 år eller meir, og konstruksjonstider på 15-20 år (!) er det ingen sjanse for at Vesten skal nå igjen Russland eller Kina i det store atomteknologikappløpet med det første.
Russland tar leiinga
Russland og Kina er leiarane av den globale atomteknologien. Kina har tatt leiinga innan bygging av Thorium- og saltsmeltereaktorar, som har uavgrensa mengder drivstoff (thorium finst i mykje større mengder enn uran) og kan fungere overalt utan vatn til kjøling. Dette er atomkraftsteknologiar som Vesten ikkje har noka praktisk erfaring med i det heile tatt. Men la oss først fokusere på Russland.
Russland , som bygger mange atomreaktorar I Tyrkia, Egypt og andre stadar, er den globale leiaren innan kjernefysisk teknologi. Russland ligg og i tet når det gjeld små modulære reaktorar (SMR). SMR er ein svært viktig teknologi for Afrika. Då dei allereie er her, gir atomkraftsteknologiar, frå det minste til det største, Russland ein stor konkurransefordel mot Vesten innan energiforsyning til Afrika. USA og Storbritannia har snakka om SMR i fleire år, men dei har ikkje kome nokon veg.
Medan USA og Storbritannia snakkar, gjer Russland det i praksis. SMR-teknologien er grøn – inga stråling. Den kan plasserast i fjerntliggande område. Den kan tene småsamfunn, men kan og skalerast opp mykje. Å bygge SMR’ar går raskt – 4 år. Dei driftar for det meste seg sjølve – få ekspertar trengst til å drive dei. Teknologien er svært trygg – alt køyrer uavhengig og er designa for å kunne stå imot kva som helst. Ikkje noko avfall I området. Resirkulering er førebudd – på slutten av sin livssyklus vil SMR’en bli fråkopla og køyrd bort som ei eining. Den vil ikkje bli opna på plassen.
Formeiring av kjernefysisk våpenmaterial
I den andre enden av kraftverksskalaen, frå den vesle enkelkonstruerte (men med moderne utforming) SMR til dei store, raske formeiringsreaktorane (fast Breeder reactors), finn vi her truleg det mest avanserte feltet innan kjernefysisk teknologi som er viktig både militært og sivilt.
Med sin innovative 1 200 GW formeiringsreaktor 42 km utanfor Jekaterinburg i Ural-fjella, bygger Russland no ein ny generasjon av større og meir avanserte formeiringsreaktorar. Vesten har ingen slike på tapetet.
Med den tida det no tar Vesten å godkjenne og bygge, ligg dei allereie 10-25 bak på dette feltet. Raske formeiringsreaktorar brenn kjernefysisk avfall frå andre reaktorar og omdannar den til nytt kjernefysisk “drivstoff”. Derav namnet “formeiring”; formeiringsreaktorar formeirer, dei produserer meir kjernefysisk “drivstoff” enn dei konsumerer. Ordet “drivstoff” står i gåseauge fordi det som kjem ut av formeiringsreaktorar kan brukast til meir enn berre drivstoff for fredeleg atomkraftsproduksjon. For den typen kjernefysisk “drivstoff” som kjem ut av formeiringsreaktorar, er Plutonium, som og blir brukt i atomvåpen. Faktisk er formeiringsreaktorar dei einaste som greier å produsere betydelege mengder plutonium av våpenkvalitet. Raske formeiringsreaktorar er uunnværlege for produksjonen av meir avanserte atomvåpen.
Atomvåpen som berre er basert på uran, har store problem med materialproduksjonen, som er innvikla og treg, med handteringa av bombene, med leveringa av bombene, med kor kraftige dei kan bli, kor mykje kjernefysisk material ein treng for kvar bombe, og kor mange bomber ein kan bygge. Derfor baserer nesten alle moderne atomvåpenmakter våpenarsenalet sitt på plutonium, ikkje uran. Hugs til dømes at atomavtalen JCPOA kravde at Iran skulle helle betong i sin einaste raske formeiringsreaktor, for å hindre at dei skulle bygge ein større angrepsstyrke med plutonium-atomvåpen. Iran gjorde det. Dei øydela sin einaste raske formeiringsreaktor for godt, og vart deretter narra av USA, som sa opp avtalen. Iran vil utan tvil ha lysst til å kjøpe ein ny rask formeiringsreaktor av Russland, for å gjenoppta plutoniumsproduksjonen.
Med nye, større formeiringsreaktorar aukar Russland kapasiteten sin for produksjon av plutonium dramatisk. Ei tid, etter atomvåpennedrustningsavtalane med USA, hadde Russland overskotslager av plutonium. Men USA droppa avtalane. Plutoniumslagera til Russland er kanskje også borte no – eller Moskva kan i dag tenke at Russlands plutoniumslager er for små for Russlands framtidige behov for atomvåpen.
Med Ukrainakrigen og eit nytt globalt sikkerheitsmiljø, har Moskva kanskje ønska å kraftig utvide sitt kjernefysiske arsenal og gitt ordre til eit nytt, mykje høgare produksjonsnivå for plutonium til ikkje-fredelege føremål. Uanset kva slags atomvåpenplanar Moskva måtte ha, så vil Russland relativt snart – med verdas største formeiringsreaktorar på treppene – ha ein svær plutoniumsproduksjonskapasitet til å bygge nær sagt uavgrensa mange atomvåpen. Moskva vil såleis om få år garantert vinne komande kjernefysiske våpenkappløp med USA, då Russland sin plutoniumsproduksjon til atomvåpen sannsynlegvis vil overgå USA sin. Med meir plutonium kan Russland bygge massive mengder kjernefysiske missil til å sikre 100% andre-angrepskapasitet, sjølv om dei skulle bli overraska med eit US-amerikansk atomangrep frå grensene til eit NATO-land som t.d. Finland. Russland vil og greie å lage eit grenselaust antal atom-missil til å overvelde USA sine anti-missil-forsvarsanlegg med atomstridshovud. Velkomen til ei framtid med grenselaust mange kjernefysiske stridshovud.
På toppen av at dei har meir material til fleire kjernefysiske missil, ligg Russland også langt føre USA i produksjonen av hypersoniske missil og atomdrivne missil og torpedoar. USA får ikkje ein gong éin av desse avanserte leveringsteknologiane i drift med det første. Russlands hypersoniske missil flyg med opptil 10 gongar lydfarten og kan til og med navigere opp-ned-til-sides for å overvinne missilforsvaret til USA/NATO. Russland sine atomdrivne kryssarmissil kan halde seg flygande i lufta evig – gå fleire gongar rundt Jorda om dei vil – før dei slår til mot USA frå kva vinkel som helst. Atomdrivne russiske torpedoar kan sameleis reise evig langs kva rute som helst, kor lenge som helst, halde seg i løynd aktive i dei djupe farvatna utanfor kysten av USA, og slå til når som helst. Russland er kjernefysisk overlegne – ikkje berre i antal, men også i evna til å levere atomstridshovud til kva hjørne av USAs NATO som helst, frå kor som helst, via kva tenkbar rute som helst, over det djupe havet eller frå lufta over Antarktis; i løpet av få minutt.
USA starta avskaffinga av avtalane om reduksjon av atomvåpen, og USA har no fått det som dei ville: eit grenselaust, nytt våpenkappløp.
Dette komande atomvåpen-kappløpet vil bli vunne av Russland.
Omsett av Monica Sortland
Forrsidebilde: Nicolas HIPPERT