Derimot: Våpenindustrien med gode tider. USA selger våpen som Europas befolkning betaler. – Derimot
derimot.no:
Svein Grødaland: Press på Putin?
Trump er smart. Han leverer amerikanske våpen til Ukraina og krev at Europa skal betala. Veike politikarar her heime vik unna, og betaler. Kvifor er både EU og Norge så blinde at me trur me kan vinna krigen i Ukraina. For det er oss det gjeld. Det er me, Europa, som er lokka med på ein krig som berre tener til å arma ut den gamle verdsdel.
Ein gjennomsnitts gymnasiast veit frå historietimane at ingen nasjon har klart å vinna over russarane på slagmarka. Fleire har prøvd, med sørgeleg resultat. Napoleon prøve. Det vart starten på slutten for det franske keisardømmet. Hitler prøvde seg. Historia gjentok seg. Også for han vart det starten på slutten.
Våre politiske nikkedokker vert nok sitjande til det er valg. Eit tapt felttog har ingen konsekvens før valget. Då er det opp til oss å kasta globalismen sine nikkedokker.
I dette landskapet skal Europa leggja press på Putin. Berre Slovakia er vaken nok til å innsjå at dette er ris til eigen bak. Ungarn har også vist takter til å forstå kva det handlar om, ved å tala den europeiske globalismen midt i mot, for å sitera fedrelandsongen. Det gongen gjaldt det kong Sverre, som sette eige land framfor Roma.
***
Til overskrifta. NRK melder at nå skal Europa setja Putin under press. Europa skal straffa alle som handlar med Russland, land som Kina og India. Javel. Korleis skal Europa klara seg utan varer frå Kina? Vil Europa akseptera at dei rettar pistolen mot eige hovud ved å sanksjonera mot land som handlar med Kina? Er europeiske politikarar så blinde for eigen kvardag at dei ikkje veit kor mange saker i heimen som kjem frå Kina? Det kan vera grunn til å sitera nok eit litterært standardverk: Tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. Eller, veit dei det?
Foto: Denne bilen er definitivt ikkje laga
i Russland, Kina eller India.
For interesserte:
Dette er ein Morgan,
engelsk sportsbil med gammalklassisk karossseri og moderne motor.
Foto: Svein Grødaland.
Innlegget er hentet fra Politikus