Derimot: Utleverer Sverige PKK-sympatisører? Ukraina er nå stor på organhandel. Kortnyheter fra hele verden.
derimot.no:
Kortnytt veke 25.
Nyhetene er hentet fra Voltairenet sine ukentlige nyhetsbrev bak betalingsmur. Det ble publisert fredag 23.06.
EU blir Ukrainas ammo-produsent
EUs Commissioner for Industry, Thierry Breton, stadfesta til Le Parisien at EU skal levere 1 million høgkvalitets ammunisjon til Ukraina dei neste 12 månadane. Men nærare info om det er hemmelegstempla. EU-parlamentet har røysta for å modernisere våpenindustrien for 500 millionar euro. Det er annonsert bygging av mange fabrikkar.
International Conference on the Recovery of Ukraine
Den internasjonale konferansen for gjenoppbygging av Ukraina gjekk av stabelen i London den 21. og 22. juni. Til stades var også Ukrainas statsminister, Denys Shmyhal. Tvert imot det ein kanskje trur, er konferansen ikkje ein følge av den russiske 2022-spesialoperasjonen, men av Maidan-kuppet i 2014. Konferansen vart halden første gong i London i juli 2017, leidd av Ukrainas (den gong) statsminister Volodymyr Groysman og Storbritannias (den gong) utanriksminister Boris Johnson. Den vart då kalla for Conference for the Reform of Ukraine. Den vart seinare halden i København (2018), Vilnius (2019 og 2021), og skifta namn først i 2022, då den fann stad i Lugano.
Ukraina hovudsenter for organhandel
Handel med menneskelege organ vart legalisert ved lov i Ukraina den 5. januar, 2022. Landet vart raskt den største eksportøren av menneskeorgan. Det er no lov å fjerne organ frå barn og døde som ikkje har gitt samtykke til organdonasjon medan dei var i live. Organhausting og -transplantasjon fekk momsfritak i april (Lov 5610). Same fenomen skjedde i Kosovo under NATO sin krig mot Jugoslavia.
Japans dobbeltspel i Ukraina-konflikten.
Japan har lova Ukraina omlag 100 militære køyretøy. Dei har allereie gitt Kiev verneutstyr som hjelmar og skotsikre vestar. Men no har Moskva snappa opp at Tokyo faktisk sender armerte køyretøy – eit brot på den grunnlovsfesta nøytraliteten deira. Russlands utanriksdepartement kalla inn på teppet den japanske ambassadøren og informerte han om at dette tiltaket ville føre til eskalert fiendskap og endå større tap av liv og helse.
Overeinskomst mellom Beijing og Kuomintang
Generalsekretær for Kommunistpartiet og president for Folkerepublikken Kina, Xi Jinping, sende eit brev til dei kinesiske og taiwanske leiarane på «Straits Forum». Han skreiv: «Det kinesiske folks forbund for venskap med andre land vil halde fram med å auke vitaliteten til utvidinga av ikkje-statleg utveksling mellom dei to sidene og fordjupinga av integrasjonen og utviklinga av Crossed Strait.» Nestleiaren for Kuomintang (Chiang Kai-shek sitt parti), Andrew Hsia, som var til stades på forumet, lova å støtte 1992-konsensusen og gå imot «eit uavhengig Taiwan». Det er tydeleg at Taiwans president, Tsai Ingwen, ved å stille seg på USA si side har distansert seg frå opinionen til fleirtalet av folket hennar.
I 1992 vart Beijing og Taiwan einige om å la tida gå fredeleg mot ei eventuell gjenforeining. I dei siste to åra har Biden-administrasjonen i staden støtta politikarar i Taiwan som er for uavhengigheit – eit brot på det som USA før har forplikta seg til og ein trussel mot freden i regionen. Beijing responderte med å understreke at dersom prosjektet held fram, så vil dei sikre kinesisk einskap ved å invadere øya.
Hemmeleg konferanse i Noreg
På ein avsidesliggande stad heldt Noreg eit møte bak lukka dører, der det deltok internasjonale figurar som har arbeidd med å få fri gislar eller løyse konfliktar, mellom andre Robert Malley (som mekla fram atomavtalen med Iran og står George Soros nær), oberst Douglas MacGregor (eks-rådgivar i Trump-administrasjonen) og Abbas Ibrahim (eks-direktør for libanesiske General Security).
Sverige utleverer PKK-sympatisør
Sverige har utlevert ein tyrkisk statsborgar som var dømd til 4 år i fengsel i landet sitt for innehav av 1,8 kg cannabis. Han hadde sete berre i 6 månadar før han vart sleppt fri. Men på grunn av koplingane hans til kurdiske PKK, bad Tyrkias statsanklagar om å få han utlevert for å sone resten av straffa i Tyrkia.
Den 4. juni autoriserte Sverige ein demonstrasjon til støtte for PKK. Tyrkia kritiserer framleis Sverige for støtta til PKK, og blokkerer framleis eit svensk NATO-medlemskap.
EU framleis imot gjenoppbygging av Syria
EUs High Representative for Foreign Affairs and Security Policy, Josep Borrell, sa: «Under turneen sin understreka delegasjonen frå den syriske opposisjonen behovet for å avvise normalisering med regimet etter at komponentane til Forhandlingskomitéen møtterst i Geneve i byrjinga av juni og einstemmig annonserte at dei nekta å normalisere det syriske regimet.» Han stadfesta at gjenopptaking av relasjonar med regimet ikkje står på agendaen no.
Pentagon utplasserer F-22A Raptor i Syria
Stillinga til dei US-amerikanske okkupasjonsstyrkane i Syria er trua av både Iran-trente militsgrupper, Den syriske arabiske arméen og luftvåpena til dei russiske styrkane. Så Pentagon annonserte utplasseringa av Stealth-jagarflyet F-22A Raptor. Flya er venta å kome til USA sin militærbase i Muwaffaq Salti (Jordan) før dei blir stasjonerte i okkuperte Syria. US Command for the Greater Middle East (CentCom) ser det slik at deconfliction-overeinskomsten mellom Russland og USA som galdt før krigen i Ukraina framleis gjeld. Syria og Russia, derimot, hevdar at USA er ei okkupasjonsmakt og må forlate syrisk territorium. Vestlege kommunikatorar forsikrar om at USA er der for å kjempe mot IS, men lokale medium rapporterer om at USA leverer støtte til jihadistane.
Jihadist-angrep i Uganda
Allied Democratic Forces (ADF), ein islamistisk milits som har sverga truskap til IS sidan 2019, angreip ein vidaregåande skule i Kasese, Uganda, før dei trekte seg attende til eit naturreservat i Den demokratiske republikken Kongo. Dei plyndra mat og myrda 41 menneske, for det meste studentar. I juni 1998 brende ADF 80 studentar levande i sovesalane deira og bortførte hundre andre.
Israel væpnar arabiske land
I 2022 var Israels våpeneksport oppe i $12,556 milliardar. 24% gjekk til arabiske statar, 30% til Asia-Stillehavet, 29% til Europa og 11% til Amerika. UAE, Bahrain, Marokko og Sudan signerte Abraham Accords med Israel.
Israel utviklar hypersoniske missil-avskjeringssystem
Israels Rafael Advanced Defense Systems Ltd sa dei held på å utvikle Sky Sonic, eit system som kan avskjere Irans hypersoniske missil Fattah. Systemet må både monitorere baneendringar og respondere på farten til missila. Om sant skal seiast, er det ingen som veit nøyaktig kva Fattah kan gjere, og Sky Sonic-systemet har aldri vore brukt i kampsituasjonar.
Donald Trump får munnkorg
Den føderale dommaren Bruce E. Reinhart har forbode Donald Trump og hans medtiltalte, butlaren Waltine Nauta, å offentleggjere bevis som er relaterte til saka.
Hunter Biden inngår forlik
Hunter Biden, sonen til president Joe Biden, sa seg skuldig i to tilfelle av skatteunndraging og kriminelt innehav av eit våpen. Ein uvanleg avtale lar anklagaren lukke saka utan at den tiltalte må gjere greie for inntektene sine. Lovgivarane som etterforskar korrupsjonen i Biden-familien hadde håpa på å få sjå ei utpakking av familiens bank-kontoar, som storbankane og FBI nekta å overlevere til dei.
YouTube sensurerer Robert Kennedy Jr.
YouTube har sensurert ein video av den Demokratiske president-kandidaten Robert Kennedy Jr. Han er advokat for pasientar som lir av skadar etter visse vaksinar. I eit intervju på kanalen til Jordan Peterson viste han til kroniske biverknadar som USAs helsestyresmakter ikkje anerkjenner.
Algerie forlet Frankrike til fordel for Russland
Eit dekret frå Algeries president Abdelmadjid Tebboune gjenopprettar det tredje verset i nasjonalsongen. Det er ein song som vart skriven under Uavhengigheitskrigen, og som seier den franske okkupanten er fienden. Verset går slik: «Å, Frankrike! Tida for tomsnakk er over; Vi stengde den slik ein stenger ei bok; Å, Frankrike! Her kjem dagen når du skal stillast til ansvar; Gjer deg klar! Her er vårt svar, dommen: vår revolusjon vil gi det tilbake; for vi har bestemt at Algerie skal leve; Ver eit vitne! Ver eit vitne! Ver eit vitne!»
Dette initiativet kjem etter at Frankrike har bede om reforhandlingar om privilegia som er løyvde til algeriske immigrantar, og president Tebboune sin planlagte tur til Paris vart avlyst til fordel for ein tur til Moskva. Han har signert fleire avtalar med Russland og presentert Algeries kandidatur til BRICS. Russland er no Algeries nest største handelspartnar, etter Kina og før Frankrike.
Iranske bankar går utanom SWIFT
Iranske bankar vil bli knytte til indiske, burmesiske, maldiviske, nepalske, srilankiske og bhutanske bankar via SEPAM, eit system som tilsvarer Vestens SWIFT, sa Asian Clearing Union (ACU).
Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°46 – 23 June 2023
Telegram:
(For å opne linkane til Telegram-meldingar, lyt ein ha brukarkonto på Telegram)
🇧🇩 Bangladesh har formelt søkt om medlemskap i BRICS
(https://t.me/SputnikInt/35199)
Kanalen Military Wave har lagt ut eit utdrag frå Putins reaksjon på Wagner-utspelet fredag/laurdag med engelsk teksting.
«Eg ber dykk innstendig om å stoppe,» seier general Surovikin i ei video-melding til PMC Wagner-leiinga og styrkane deira. «Saman har vi kome ein lang, hard veg. Vi kjempa saman. Vi tok risikoar saman. Vi leid tap saman. Vi tok sigrar saman. Vi er eitt blod. Vi er krigarar.» Han understrekar at samhald er viktig, at ein må løyse indre konfliktar med fredelege middel, og at ein må lyde ordrane til den valde presidenten. «Fienden ventar ivrig på eskalering» av interne konfliktar. Videoen er teksta på engelsk av Ukraine Watch.
Laurdag kveld:
❗️ Kreml-talsmann Dmitry Peskov om Wagner-gruppas væpna mytteri:
▪️ Situasjonen i dag vil på ingen måte påverke kursen til den militære spesialoperasjonen, krigarane slo med suksess tilbake den ukrainske motoffensiven, og operasjonen held fram;
▪️ Krigarane frå PMC Wagner som deltok i dagens hendingar vil ikkje bli straffeforfølgde;
▪️ Wagner-soldatane vil kunne signere kontrakt med det russiske forsvarsdepartementet;
▪️ Putin og Lukashenko vart på morgonen samde om at Minsk skulle mekle om eit forlik: det var eit personleg initiativ frå leiaren av Kviterussland;
▪️ Hovudmålet for Lukashenko var å unngå spilt blod og indre konfrontasjon;
▪️ Det kjem inga ny ytring frå Putin i nær framtid.
Subscribe to @SputnikInt. https://t.me/SputnikInt/35490
Laurdag kl. halv elleve på kvelden:
Alle PMC «Wagner»-styrkane har forlate hovudkvarteret til det sørlege militærdistriktet i Rostov-na-Donu, rapporterer ein Sputnik-korrespondent. (https://t.me/SputnikInt/35491)
🇨🇳 Kina fullfører konstruksjon av si lengste undersjøiske olje- og gassrøyrleidning
Det kinesiske National Offshore Oil Corporation fullførte nyleg ei ny røyrleidning som no knyter ein offshore-utvinningsplattform som jobbar med eit undersjøisk gassfelt i Sørkinahavet saman med ein «onshore-mottaksstasjon» på øya Hainan. Den 115,5 kilometer lange røryrleidninga har blitt eit nøkkelprosjekt for overføring, ifølge kinesiske medium. (https://t.me/SputnikInt/35513)
Forsidebilde: Gyuri Lohmuller