Derimot: Uten atomvåpen.Nato er en papirtiger. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Kan NATO overleve eit tap i Ukraina?

av Larry Johnson , 17. mars 2024

Å kvitte seg med eit byråkrati – enten det er sivilt eller militært – er nesten umogleg. Men Ukrainas komande tap mot Russland på slagmarka presenterer ei av desse epokegjerande augeblinka i historia der NATOs eksistensrett vil bli eksponert som eit bedrag. Dei siste månadane har det blitt snakka mykje om kor mykje sterkare NATO skal ha blitt, visande til tillegget av Sverige og Finland som nye NATO-medlemmar. Men dette er illusorisk.

Sveriges væpna styrkar består av 

24 400 aktivt personell, 11 400 militære reservistar, 21 500 Heimevernsfolk og 5200 nye vernepliktige kvart år til reservestyrkane (

8000 frå og med 2024) per 2022.

Finland, med eit årleg forsvarsbudsjett på 68 milliardar dollar, har 24 000 soldatar i aktiv teneste, men hevdar dei har ein reservestyrke på 870 000.

Med andre ord kan Sverige og Finland bidra med totalt 10 brigadar (gitt at personellet deira som er i aktiv teneste blir aktivert og fullt utplassert under NATOs kommando). Dette er eit oppskrytt luftslott.

Den ein gong så mektige britiske arméen og marinen har forvandla seg frå ei løve til ein tannlaus, ufordrageleg chihuahua. Storbritannia greier ikkje fylle rekrutteringsmåla sine, og den noverande styrken deira – grovt rekna 75 000 soldatar – ville knapt fylt opp Manchester Uniteds fotball-stadion. Når ein tenker på at 50 000 britar kjempa i Amerika under Revolusjonen i 1776, og vart slagne av ei loslitt gruppe koloni-rebellar, så får ein eit visst perspektiv på avmakta til dei britiske styrkane no til dags.

For å gjere vondt verre, orsakar dei seg no med ‘fattigdom’ når det er tale om fleire leveransar av stridsvogner, storm shadow-missil og artilleriammunisjon til Ukraina. Faktisk har alle dei største europeiske NATO-medlemslanda ribba lagera sine under den fåfengde innsatsen for å forsyne Ukraina med våpen. Viss NATO hadde bestemt seg for å gå inn i kampen i Ukraina, ville britane ha blitt hardt pressa til å sende 6 kampklare brigadar.

Problema til NATO handlar ikkje berre om mangelfulle militærressursar. Sjølve den politiske konsensusen som bind ihop NATO slår sprekker. Den verbale skotvekslinga mellom franskmennene og tyskarane nyleg, om å sende NATO-troppar til Ukraina, tyder på ei mykje djupare rivne. Etter eit møte i Tyskland, med Scholtz som vert og Frankrikes Macron og Polens Tusk som gjester, vart Macron tvinga til å trekke tilbake sitt krav om å sende fleire NATO-troppar til Ukraina. NATO er eit stort rot. Likevel gir Vestens leiarar og NATO-kommandantar fritt løp til fantasien om at dei er parate og kapable til å gjennomføre ein taktisk samvirke-militærkonflikt (eng. Combined armsmrk.) med Russland. Det klarer dei ikkje.

Russland gav ei drepande påminning om denne kjensgjerninga då dei sende av garde eit Iskander-missil som råka ein stad i Odessa som var full av franskmenn, polakkar og georgiararForsvarsministeren til Storbritannia, Grant Shapps , kansellerte ein planlagd tur til Odessa etter denne fulltreffaren. Truleg laut han skifte undertøy og avgjorde at det var betre å bli heime enn å risikere å bli kanonfôr.

Følgande video er ei samanstilling av Russlands øydeleggingar av NATO-utstyr levert til Ukraina. Det materialet brenn godt.

Eg diskuterte nokre av desse sakene i min vekentlege prat med Nima.

Fritt omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar