Derimot: USAs definerte internasjonale regler gjelder. Men bare når de tjener USAs interesser.
derimot.no:
DEN INTERNASJONALE REGELBASERTE UORDENEN
Har du høyrd om «den internasjonale regelbaserte ordenen»? Ifølge Washington og NATO bryt Russland desse reglane (Kina og) og må bli straffa. Vi kan ikkje ha noko av at «regelbrytarar» forstyrrer den globale roen, kan vi vel?
Sidan 1945 har USA følgd sine globale interesser ved å bygge og pleie ulike alliansar, økonomiske institusjonar, sikkerheitsorganisasjonar, politiske og liberale normer, og andre verktøy — ofte kollektivt referert til som den internasjonale ordenen. . . .
Å bygge ein internasjonal orden har vore eit formelt program for den US-amerikanske utanrikspolitikken minst sidan 1940-talet, og eit mål dei har streba etter sidan nasjonen vart grunnlagd. Ifølge ordenens arkitektar etter Andre verdskrig, forsvarer den USAs verdiar ved å oppretthalde eit miljø der ideala om eit fritt og demokratisk samfunn – som USA sitt – kan blomstre. USA har brukt både makt og idealistiske førestillingar om felles interesse til å skrive under på den regelbaserte ordenen. I den forstand brukte dei både hard og mjuk makt for å konstruere ordenen.
Fattar du? Den såkalla internasjonale ordenen er i grunnen eit system av reglar som USA bestemmer, og USA avgjer vilkårleg om eit framandt land følger reglane eller ikkje. Resultatet? Desse «reglane» er utforma for å promotere USA sine interesser på bekostning av andres.
Kva er ein regel? Det er «ei autoritativ, føreskriven retningslinje for framferd, særleg ein som styrer prosedyrane i eit juridisk organ eller eit regelverk for deltakarar i spel, sport, eller konkurranse.» I teorien er regelen meint å gjelde for alle.
La oss ta basketball (passande, i lys av at March Madness no er i startgropa i USA) og sjå på korleis genuine reglar er meint å fungere i eit konkurransemiljø. Det er ei fastsett mengd tid for kvart spel – 40 minutt, to halvdelar à 20 minutt. Ein kan ikkje, som regelstyrar, vilkårleg gi eit lag ein likar meir speletid i håp om at dei skal score fleire poeng og vinne. Ein spelar som treff korga frå utanfor 3-poeng-linja, blir tildelt 3 poeng til laget sitt. Ein spelar som har ballen og tar fleire enn to steg utan å drible, er skuldig i skrittfeil, og ballen blir gitt til det andre laget.
Når vi ser på dei såkalla internasjonale reglane for promotering av global orden, kjem det fram eit heilt anna bilde. Vi snakkar i grunnen om eit internasjonalt kasino, og USA har tradisjonelt tedd seg som ein uærleg kortgivar som sikrar at venner av kasinoet vinn. Her er eit døme: Viss opposisjonelle tar til gatene og prøver å styrte ei regjering som USA likar, så er det skadeleg, og dei må straffast. Men viss regjeringa har falle i unåde hos USA, blir demonstrantane helgenforklart; dei handlar etter Guds vilje og må støttast.
Iran illustrerer poenget: sist oktober heia Washington på protestane i Iran og straffa iranske myndigheiter då dei prøvde å få bukt med aktiviteten:
USA la onsdag ein ny bunke sanksjonar på iranske tenestemenn som var involverte i å slå ned på dei landsomfattande protestane i Iran – USAs siste respons på Teherans forsøk på å kvele opprøret etter dødsfallet til 22 år gamle Mahsa Amini.
«Det har gått 40 dagar sidan 22 år gamle Mahsa Amini døydde i arresten til Irans såkalla «Moralpoliti», og vi står med familien hennar og det iranske folket for ein dag med sørging og refleksjon,» sa utanriksminister Antony Blinken i ei pressemelding.
«USA vil støtte det iranske folket og sikre at dei som har ansvaret for den brutale nedslåinga av dei landsomfattande protestane som no skjer i Iran blir haldne ansvarlege,» sa Blinken. «I dag annonserer vi ein felles aksjon mellom utanriks- og finansdepartementet … i ein demonstrasjon av vår vilje til å bruke alle passande middel til å stille alle nivå i Irans statsapparat til ansvar.»
https://www.cnn.com/2022/10/06/politics/us-iran-sanctions/index.html
Sameleis for Georgia (landet, ikkje delstaten). Då lovgivningsmakta i Tbilisi godkjende ei lov som skulle avgrense utlandsk innblanding i Georgia, tok demonstrantar til gatene og slåst mot politiet tidleg i mars:
Politiet i Georgias hovudstad Tbilisi brukte onsdag kveld tåregass, vasskanonar og sjokkgranatar i ein aksjon for å bryte opp demonstrasjonane, som hadde pågått to dagar i strekk, mot ei «utlandsk agent-lov» som kritikarar seier vil avgrense pressefridommen og underminere landets forsøk på å bli kandidat til EU-medlemskap.
https://www.theguardian.com/world/2023/mar/08/georgia-opposition-protests-tbilisi-law-parliament
Og Washingtons respons på den «valdelege oppstanden»?
I Washington uttrykte utanriksdepartement-talsmann Ned Price solidaritet med demonstrantane.
«Vi ber innstendig regjeringa i Georgia om å respektere fridommen til fredelege samlingar og fredelege protestar,» sa Price said. «Vi står saman med folket i Georgia og aspirasjonane dei har.»
Viss du har sett videoar frå protestane i Georgia, veit du at dei ikkje var fredelege.
Litt av ein kontrast til det som skjedde i USA den 6. januar, 2021, då Donald Trump-tilhengarar omringa Kongressbygget U.S. Capitol. Trump-supporterane blir fordømde, forfølgde og fengsla som oppvigleri-ivrige opprørarar. Bevis frå den dagen tyder på at det i folkemengda var agentar for styresmaktene (så vel som nokre ukrainske Azov-medlemmar) til stades, som prøvde å hisse til vald. Då demonstrantane kom til Kongressbygget, var det svært få av dei som deltok i valdelege handlingar. Men fordi det var Joe Biden dei opponerte mot, blir dei behandla som usle kriminelle. Tucker slår tilbake mot Biden-administrasjonens propaganda-mim.
Iran, som vart breitt fordømd i Europa for sin respons på demonstrantane, morar seg no godt over Frankrikes president Macron sin respons på sine franske medborgarar som er arge over at pensjonsalderen er auka utan at dei franske lovgivande maktene har røysta om saka:
Iranske autoritetar kommenterte masseprotestane og streikane i Frankrike. Ifølge talsmann for Irans utanriksdepartement Nasser Kanani, burde styresmaktene i Paris lytte til det franske folket og gi opp sine «barbariske valdsmetodar mot folk som forsvarer sine demokratiske rettar.».
Reglar om protestar er småtteri i forhold til Den store regelen om å ikkje drive militær aktivitet i eit framandt land med mindre ein har blitt invitert til å sende sine styrkar som assistanse, eller om ein har blitt angripe. USA og NATO insisterer på at Russland bryt denne regelen og må bli straffa. Russland for sin del, argumenterer for at dei handlar for å forsvare dei russisktalande ukrainarane som Ukrainas styresmakter nådelaust har bomba sidan 2014, og for å motsette seg NATOs ekspansjon opp mot Russlands grenser.
Verken Russland eller Kina ser på klagene og raseriet frå Vesten som truverdig, på grunn av USA si eiga skitne historie med militære kampanjar i Vietnam, Irak, Syria, Panama, gamle Jugoslavia, Somalia og Afghanistan.
Her er den brutale sanninga om Den regelbaserte internasjonale ordenen. Det er ein anakronisme skapt av USA i etterdønningane av Andre verdskrig, den er i oppløysing, og Biden-administrasjonen held fram med å iscenesette politikk som vil akselerere bortgangen.
Hald eit vakent blikk på Israel. Landet er herja av protestar mot ei føreslått lov som vil frata Høgsterett makt og konsolidere den makta hos den utøvande greina (regjeringa). Rivnene i Israel er djuptgåande, og dei blir vidare for kvar dag som går. Statsminister Benjamin Netanyahu gav i dag forsvarsministeren sparken, og Israels generalkonsul gjekk av i protest.
Korfor tar eg opp dette? Fordi det enno ikkje har kome noko signal frå Biden-administrasjonen på om dei vil velsigne desse protestane som protestar som «følger dei internasjonale reglane», eller om dei vil fordømme Netanyahu som ein som bryt desse reglane.
Jamring om «internasjonalt baserte ordensreglar» eksponerer det faktum at USA ikkje lenger har verken styrke eller evne til å pådytte viljen sin på andre. Kina, Russland, Iran, Saudi-Arabia, India og Sør-Afrika, for å nemne nokre prominente få, er fullt klare over denne realiteten, og er travelt opptatte med å skape ein alternativ internasjonal orden som vil sette USA på sidelinja. Eg trur dette er den viktigaste konsekvensen av proksy-krigen mellom NATO og Russland i Ukraina. Dei svakaste punkta til USA har blitt eksponerte, og ingen truslar eller sanksjonar frå Washington kan endre den realiteten.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Adrià Crehuet Cano