Derimot: USA tilbakeliggenhet i missilteknologi. Vil måtte får store politiske konsekvenser fremover. – Derimot
derimot.no:
Andrei Martyanov raljerer her over Vestens tilbakeliggenhet når det gjelder super- og hypersoniske missiler. Det er våpen som får stadig større betydning i moderne krigføring noe en ser daglig i Ukraina. Iran har demonstrert både overfor USA og Israel at de disponerer og kan bruke slike våpen og at vestens antimissilsystemer ikke fungerer overfor disse våpnene.
I hvilken grad Iran har levert slike våpen til Hezbollah eller til Houthiene i Jemen er uklart, men Hezbollah har vist frem noen usedvanlige våpentekniske ferdigheter nylig. Og får Houtihene slike fra Iran settes USAs krigsskip i Rødehavet i stor fare. Et senket USA-hangarskip er en politisk bombe og vil måtte føre til en grunnleggende militærstrategisk nytenkning.
De hypersoniske missilene er game-changere og er i ferd med å gjøre USAs store flåte til skrapjern. Hangarskipsgruppene til USA kan fortsatt true mindre gjestridige stater som ikke kan yte motstand, men overfor land som Iran og Russland går ikke det lenger.
Vi kan derfor slå fast at hvis USA sender inn sine hangarskip i Persiagulfen er det ikke umiddelbare fare for krig der. Det samme gjelder det indre Middelhavet.
Jeg vet ikke om dette har gått inn i USA og Israel hos politiske ledere som fortsatt brisker seg med forloren våpenmakt. Men Andrei Martyanov har hevdet dette i mange år og han har påpekt at vestens tilbakeliggenhet på dette området vil måtte få politiske konsekvenser.
Her tar han for seg bortforklaringene i USA når det gjelder disse våpnene. Og han hevder at USA/Vesten havner lenger og lenger bak Russland på dette feltet. Konsekvensene seg vi praksis i Ukraina i dag. Men i Norge tror fortsatt neste alle «ekspertene» at det er Russland som er bakpå.
Knut Lindtner
Redaktør
Kven sa «uklart»?
Av Andrei Martyanov
Det er heilt klart og tydeleg, og det består av to delar:
1. Få våpen til å flyge hypersonisk medan dei manøvrerer;
2. Klare å kontrollere dei, mellom anna ved å gi kommandooppdateringar om det trengst.
Ingenting av dette har verken USA eller Euroane greidd, og de ville heller ikkje greie det på lange tider. Så.
Det vil ikkje kome noko hypersonisk missil som ein gong stettar minimumskrava (IOC) på fleire år, og når det endeleg blir «kunngjort», blir det – som med alle andre kunngjeringar før – om eit system som i beste fall har tvilsam prestasjonsevne, i røynda eit system som ikkje fungerer. Døme på slike kunngjeringar:
«U.S. Army og Navy starta nyleg ein test av eit konvensjonelt hypersonisk system på Cape Canaveral Space Force Station, Florida,» fortalde ein tenestemann ved det US-amerikanske forsvaret til The War Zone. «Denne testen var ein milepæl i utviklinga av operasjonell hypersonisk teknologi. Det vart samla inn nødvendige data om prestasjonane til maskinvare og programvare som vil informere den vidareførte progresjonen framimot utplassering av hypersoniske våpen.» «Vi har ingen ekstra detaljar eller informasjon [om testen] å kome med på noverande tidspunkt,» la kunngjeringa til.
Russarane feilkalkulerte faktisk då dei sa at USA ligg bak med 5 til 7 år. Det viste seg å vere nærare 12 til 15 år, i beste fall. Hugs på at Russland hadde kamppatruljar med Kinzhal-missil sidan 2017, minst sju år. Dei andre systema deira er fullt ut operasjonelle, alt frå strategiske Avangard til den fryktinngytande 3M22 Zircon. Det same gjeld for anti-hypersoniske system som S-400, S-500, S-550 og S-300V4. Kjenn på skilnaden.
Folk kan seie eg hoverer, men det gjer eg ikkje. Eg berre følger teknologiske og operasjonelle faktum. Desse ser dårlege ut for NATO sin del, og gapet er faktisk veksande. På dette stadiet byrjar eg bli verkeleg lei av å sortere ut dei tomme orda og det semantiske spelet som blir brukt til å dekke over alle fiaskoane – ikkje berre i det teknologiske kappløpet, men først og fremst innan doktrine og strategi. Så slik er det – PR, PR og atter PR. Alt er verkeleg klart og tydeleg.
Fritt omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica
https://smoothiex12.blogspot.com/2024/07/who-said-unclear.html