Derimot: USA lurer seg selv: Illusjoner gir ingen makt eller trygghet.
derimot.no:
USA møter veggen
av Karsten Riise
Resultatet av oppløysinga inni og rundt USA dominerer overskriftene.
I USA har Representanthuset enno ikkje greidd å velge ein ny leiar (Speaker). Republikanarane nominerte Steve Scalise, men Scalise vil truleg ikkje få nok stemmer på golvet. Og nokre Republikanarar prøver framleis å få Kevin McCarthy gjeninstallert som leiar. Alt dette betyr at Representanthuset – og med det heile Kongressen og heile den lovgivande og budsjettgodkjennande prosessen – er blokkert på ubestemt tid. USA kan ikkje vedta nye lover, og dei kan ikkje sende pengar – til nokon som helst.
Scalise er ein skandale. Han har sjølv samanlikna seg med David Duke, den illgjetne leiaren av Ku Klux Klan! Sjølv om Scalise la til «utan bagasjen», så hyllar han leiaren for ein organisasjon som har lynsja, drept og torturert mange «svarte». Som Ku Klux Klan, er også Scalise frå sørstatane, nærare bestemt Tennessee. Scalise er imot Social Security og høgare skattar. Dette blir reine gifta for prosessen med å løyse krisa med finansiering av statsapparatet i USA.
Ikkje berre kan ikkje USA sende meir pengar til Ukraina eller Israel akkurat no. USAs budsjett er i ferd med å eksplodere, og heile statsapparatet står i alvorleg fare for å stoppe opp utan finansiering når den midlertidige finansieringa tar slutt den 17. november 2023 – om litt over ein månad frå no.
Sist Representanthuset valde leiar, tok det dei 15 rundar å einast om ein (McCarthy), og den leiaren vart dytta ut att etter berre ni månadar. Det er lett å sjå at dei resterande 4-5 vekene fram til 17. november kan bli brukt til kjekling om leiar-spørsmålet, og eit USA som ikkje får igjennom noko som helst når finansieringa stoppar den 17. november 2023.
I Ukraina ser vi i desse dagar at Russland fører ein stor og vellykka offensiv mot Ukrainas største bastion i Avdiivka. Ein bastion som Ukraina har brukt til å bombe russiske sivile (inkludert klasebomber mot barn) i Donetsk by i ni år sidan 2014. Avdijivka er eit fabrikksfort, og det blir sagt at det også er eit NATO-hovudkvarter i krigen i Ukraina, der mange US-amerikanske og andre NATO-generalar av høg rang fører krigen mot Russland ved fronten frå.
Ukrainas «største motoffensiv» har stoppa opp overalt. Ukraina har nesten ikkje ein gong artilleri-ammunisjon igjen til å prøve å råke russarane, der desse rykkar fram. Og om noko av USAs artilleri-ammunisjon går til Israel, er det over og ut for Ukrainas artilleri.
Russiske soldatar forflyttar seg allereie fritt i ope lende utan frykt for å bli råka av artillerigranatar. Samtidig rykkar ikkje Russland fram berre rundt Avdijivka, men dei pressar også på for å kringsette Ukraina i nord-aust, ved Kupyjansk, og vidare sørover. Ukrainske reservar av menn og maskineri har blitt utarma, og Russland sug ut alt av Ukrainas rest-kraft.
I Midtausten seier alle tilgjengelege analysar at Israel «har ingen gode valalternativ». Sjølv USAs Council on Foreign Relations skriv det i tidsskriftet sitt, Foreign Affairs. Avisa New York Times åtvarer om at Gaza er ei «felle» for Israel.
Alt er i oppløysing for USA no.
Israel vil alltid bli prioritert over Ukraina. For å halde i gang finansieringa av Ukraina, prøver Biden å lenke ein israelsk våpenpakke til ein ukrainsk, men det møter motstand i Representanthusets republikanarar. Desse held fast på våpena sine, villige til å skaffe fram ein rask pakke til Israel, men for Ukrainas del insisterer dei på å knyte pengar dit til grensespørsmålet.
Men pengar endrar ikkje det faktum at USA har gått tom for slikt som artilleriammunisjon og anti-luftmissil å gi bort. Sidan Ukraina har stoppa alle sine «motoffensivar» overalt, på grunn av tap og det at dei ikkje har meir ammunisjon, så kan Israel håpe på at USA kanskje likevel kan gi litt frå sine lager med strategisk artilleriammunisjon som dei har reservert til eige forsvar. Ukraina er ikkje viktig nok for USA til det.
Dersom USA gir artillerigranatar til Israel, vil USA i løpet av kort tid ikkje lenger ha noko av ammunisjon viss det skulle bryte ut konfliktar andre stadar. Einskilde spesialistar har sagt at USA allereie no ville gå tom for artilleri-ammo etter berre 30 dagar med konflikt. Å forkorte det endå meir er katastrofalt for USA. USA er no militært sett fullstendig uførebudd og ute av stand til å takle nokon konflikt som t.d Taiwan. Kina kan gjere som dei vil.
Med eit USA som ikkje greier takle verken Russland, Iran eller Kina, pressar Gaza-krigen USA-imperiet endå lengre utover yteevna si ved å legge til endå ei brennande konfliktsone som dei ikkje kan takle.
Konfrontert med desse avgrensingane, luftar krigspartiet i USA allereie at dei vil ha eit militærapparat som er «stort nok» til å slå Russland, slå Kina rundt Taiwan, forsvare Israel, angripe Iran, og intervenere kven-veit-kven-andre (t.d. Syria).
Sjølv den avgåande leiaren for US Joint Chiefs, Milley, snakka nonsens om ei mogleg «dobling» av USAs forsvarsbudsjett, altså å legge til bortimot ein ny billion dollar til forsvarsbudsjettet. Som om USA skulle ha ein tryllestav til slikt.
I USAs politiske liv, som inkluderer politikarane, generalar og media, ser vi korleis USAs krigsparti legg til halve verda på den allereie umoglege skal-gjere-lista over kven USA ønsker å slå i krig. USA vil ikkje gi opp sine ambisjonar om å kontrollere verda med krig, ikkje ein gong medan Washington møter veggen av militær umoglegheit. Og etter tiår med deindustrialisering kan ikkje USA berre trappe opp den militære produksjonen, same kor mykje pengar dei har til rådvelde.
Israel bidrar til dette nederlaget for USAs makt. Etter 20 år greidde ikkje USA å slå Taliban. Med Hamas er det same sak. Ein kommentator meinte Israel vil tape viss Hizbollah intervenerer med missil frå Libanon. Hizbollah har mange-mange tusen rakettar i sitt arsenal, og Israel har ingen rakettar igjen til sitt luftforsvar, noko som betyr at ein konfllikt med Hizbollah i Libanon vil resultere i øydelegging av Israel med eit missilregn.
Hamna i Haifa står overfor øydelegging, og det gjer og Israels regjeringsbygg. Det er ingenting Israel kan gjere. Sist Israel invaderte Libanon, stoppa Hizbollah dei israelske tanksa berre få hundre meter inn i Libanon. Ein US-amerikansk militærekspert merka seg då at israelarane ikkje lenger var verdas beste soldatar – det var det Hizbollah som var. To US-amerikanske hangarskip utanfor kysten av Libanon vil ikkje endre på det. US-amerikanske soldatar i Syria er ikkje lenger ein styrke; dei har no blitt til ein gjeng gislar for Iran, i tilfelle USA skulle finne på noko dumt.
Samtidig som alle i Washington (høgre som venstre) krev mykje høgare militærbudsjett, eksploderer underskota, gjelda og rentekostnadane. USAs rentekostnadar er i ferd med å langt overstige 1 billon dollar per år. Militærbudsjettet på 0,9 billionar dollar er enno ikkje over 1 billion, men Biden og USAs krigsparti vil ønske å presse det over. Velferdsordningar som Social Security og Medicare er på $1,3 billionar, og Biden kan ikkje kutte der heller.
Representanthusets Republikanarar stod klare til å stanse all finansiering av US government, men kan til sist ende opp med å røyste for langt større militærbudsjett utan å klare å presse igjennom tilstrekkeleg budsjettutlikning på andre område eller høgare skattar. Som resultat vil USA sin pengebruk, og dermed underskotet, derfor halde fram med å auke. Representanthusets Republikanarar vil kanskje stoppe heile pengebruken, men så brått innsjå at dersom dei gjer det, så vil dei også stoppe pengane til militæret. Det er ein tap-tap-situasjon for dei alle i USA.
USA møter difor no veggen av militær og økonomisk sjølv-destruksjon.
*
Omsett av Monica Sortland
The original source of this article is Global Research
Copyright © Karsten Riise, Global Research, 2023
Forsidebilde: Rachel