Derimot: USA er styrt av to fløyer i det samme partiet. Rustningindustriens parti.

Derimot.no

derimot.no:

Fienden frå innsida

Av Chris Hedges, henta frå Global Research. Omsett av og henta frå saksyndig.

Krigsindustrien, ein stat i staten, riv nasjonen frå kvarandre, snublar frå den eine militære fiaskoen til den neste, frårøvar oss sivile rettar og skubbar oss mot suicidale krigar mot Russland og Kina.

USA er eit stratokrati, ei form for regjering dominert av militæret. Det er for aksiom å rekne blant dei to herskande partia at der må vere ein konstant tilstand av krigsførebuing. Krigsmaskina sine massive budsjett er ei heilag ku. Dei milliardane av dollar som blir sløst vekk på bedrageri blir ignorert. Deira militære fiaskoar i Søraust-Asia, Sentral-Asia og Midtausten har forsvunne inn i den enorme hola av historie-amnesi (amnesi er gløymsel). Denne amnesien, som tydar at der aldri skjer ansvarleggjering, gjev krigsmaskina løyve til å økonomisk rive nasjonen frå kvarandre og drive Imperiet inn i den eine sjølvdestruktive konflikten etter den andre. Militaristane vinn kvart val. Dei kan ikkje tape. Det er umogleg å stemme mot dei. Krigsstaten er ei Götterdämmerung, som Dwight Macdonald skriv, «utan gudane».

Selv om det er to partier som dominerer i USA er det egentlig to fløyer av det samme partiet til det militær-industrielle komplekset

Sidan slutten på Andre verdskrig har den føderale regjeringa brukt meir enn halvparten av skattepengane på tidlegare, noverande og framtidige militæroperasjonar. Det er dedisert største vedvarande aktiviteten til regjeringa. Militære system blir selde før dei er produsert, med garantiar om at digre kostnadsoverskridingar vil bli dekte. Utanlandsbistand har som vilkår at ein kjøper amerikanske våpen. Egypt, som mottek rundt 1,3 milliardar i utanlandsk militærfinansiering, må vie det til å kjøpe og vedlikehalde amerikanske våpensystem. Israel har motteke 158 milliardar dollar i bilateral assistanse frå USA sidan 1949, nesten alt av det sidan 1971 i form av militærbistand, der mesteparten av det går til å kjøpe våpen frå amerikanske våpenprodusentar. Det amerikanske folket finansierer forskinga, utviklinga og konstruksjonen av våpensystem, for deretter å kjøpe desse same våpensystema på vegner av utanlandske regjeringar. Det er eit sirkulært system av korporativ velferd.

Mellom oktober 2021 og september 2022 brukte USA 877 milliardar dollar på militæret, og det er meir enn dei ti neste landa, inkludert Kina, Russland, Tyskland, Frankrike og Storbritannia til saman. Denne enorme pengebruken på militæret, saman med den aukande kostnaden av eit profittdrive helseomsorgssystem, har drive den amerikanske nasjonalgjelda til over 31 billionar [31 tusen milliardar], nesten fem billionar meir enn heile det amerikanske bruttonasjonalproduktet (BNP). Denne ubalansen er ikkje berekraftig, spesielt so fort dollaren ikkje lenger er verdas reservevaluta. Per januar 2023 brukte USA rekordmykje 213 milliardar på å betene renta på nasjonalgjelda si.

Folket, som blir bombardert med krigspropaganda, applauderer for at dei sjølve går opp i flammer. Dei veltar seg i den avskyelege venleiken til vår militære stordom. Dei snakkar i dei tankekvelande klisjeane spydd ut av massekultur og massemedia. Dei drikk av illusjonen av allmakt og veltar seg i overdriven sjølvbeundring.

Selv-beundring fører til misoppfatning av alle relasjoner og til store besluttningsfeil. Foto: iStock

Krigsrusen er ein pest. Den gjev ein emosjonell eufori som er uovervinneleg mot logikk, fornuft og fakta. Ingen nasjon er immun. Den verste feilen gjort av europeiske sosialistar på randa av Fyrste verdskrig, var trua på at arbeidarklassane i Frankrike, Tyskland, Italia, Austerrike-Ungarn-imperiet, Russland og Storbritannia ikkje ville bli delte opp i antagonistiske stammar på grunn av disputtar mellom imperialistiske regjeringar. Dei kom ikkje til å, forsikra sosialistane seg sjølv om, skrive under på og godta den suicidale nedslaktinga av millionar av arbeidsdyktige menn i skyttargravene. I staden fråtredde nesten kvar einaste sosialistiske leiar sine antikrigsplattformer for å støtte at nasjonen deira gjekk til krig. Den handfullen som ikkje gjorde det, slik som Rosa Luxemburg, vart kasta i fengsel.

Eit samfunn dominert av militaristar forvrengjer sine kulturelle, økonomiske og politiske institusjonar for å tene interessene til krigsindustrien. Essensen til militæret er maskert med bevisste bedrageri for å oppnå eit mål – å bruke militæret for å utføre humanitærhjelp-oppdrag, evakuere sivile i fare, som vi ser i Sudan, definere militær aggresjon som «humanitær intervensjon», eller ein måte å beskytte demokrati og fridom, eller lovprise militæret for å utføre ein vital sivil funksjon ved å undervise i leiarskap, ansvar, etikk og ferdigheiter til unge rekruttar. Det sanne ansiktet til militæret – industriell nedslakting – er gøymt.

Mantraet til den militariserte staten er nasjonal tryggleik. Dersom kvar diskusjon byrjar med eit spørsmål om nasjonal tryggleik, inkluderer kvart svar makt eller trugsel om makt. Det at ein er so oppteken av interne og eksterne trugslar deler verda opp i venn og fiende, godt og vondt. Militariserte samfunn er fruktbar jord for demagogar. Militaristar, slik som demagogar, ser andre nasjonar og kulturar i sitt eige bilete – trugande og aggressive. Dei er berre ute etter å dominere.

Det var ikkje i våre nasjonale interesser å føre krig i to tiår i heile Midtausten. Det er ikkje i våre nasjonale interesser å gå til krig mot Russland eller Kina. Men militaristar treng krig på same måte som ein vampyr treng blod.

Alle løfter ble brutt overfor Sovjetunionen og Russland. Det er en viktig årsak til krigen i dag. Nato ekspanderte østover selv om de lovet ikke å gjøre det.

Etter kollapsen til Sovjetunionen dreiv Mikhail Gorbatsjov og seinare Vladimir Putin lobbyverksemd for å bli integrert i vestlege økonomiske og militære alliansar. Ein allianse som inkluderte Russland ville ha ugyldiggjort krava om å utvide NATO – som USA hadde lovt at dei ikkje ville gjere utover grensene til eit foreint Tyskland – og ville ha gjort det umogleg å overbevise land i Aust- og Sentral-Europa om å bruke milliardar på amerikanske militærvarer. Moskva sine førespurnader vart blankt avvist. Russland vart gjort til fienden, om dei ville det eller ikkje. Ingenting av dette har gjort oss tryggare. Washington si avgjerd om å gripe inn i Ukraina sine innanlandsaffærar ved å støtte eit kupp i 2014, utløyste ein borgarkrig og deretter Russlands invasjon.

Men for dei som profitterer på krig, er det å gjere Russland til motstandar, akkurat som å gjere det med Kina, ein god forretningsmodell. Northrop Grumman og Lockheed Martin såg at aksjeprisane deira steig med høvesvis 40% og 37% som eit resultat av Ukraina-konflikten.

Ein krig med Kina, no ein industriell agent, vil forstyrre den globale forsyningskjeden med øydeleggjande effektar på USA og den globale økonomien. Apple produserer 90% av produkta sine i Kina. Amerikansk handel med Kina utgjorde 690,6 milliardar dollar i fjor. I 2004 vart amerikansk produksjons-output meir enn det dobbelte av Kina sitt. Kina sitt output er no nesten det dobbelte av det til USA. Kina produserer det største talet skipstål og smarttelefonar i verda. Dei dominerer den globale produksjonen av kjemikaliar, metall, tungindustri-utstyr og elektronikk. Dei er verdas største eksportør av sjeldne jordmineral, den største reserve-haldaren og er ansvarleg for 80% av raffineriverksemda i verda. Sjeldne jordmineral er kritiske for produksjonen av data-chippar, smarttelefonar, TV-skjermar, medisinsk utstyr, lysrøyr, bilar, vindturbinar, smartbomber, kampfly og satellittkommunikasjon.

En krig med Kina vil føre til en global katastrofe.

Krig mot Kina ville resultere i massiv mangel på ei rekkje varer og ressursar, der enkelte er livsviktige for krigsindustrien, noko som vil lamme amerikanske føretak. Inflasjon og arbeidsløyse vil gå i taket. Rasjonering vil bli innført. Den globale aksjemarknaden, i det minste på kort sikt, vil bli stengt ned. Det vil utløyse ein global depresjon. Dersom den amerikanske marinen var i stand til å blokkere oljeforsendingar til Kina og forstyrre sjørutene, kan konflikten potensielt gå over til bruk av atomvåpen.

I «NATO 2030: Unified for a New Era» [«foreint for ein ny æra»], ser militæralliansen på framtida som ein kamp for hegemoni med rivalstatar, særleg Kina. Den ber om at ein førebur seg på langvarig global konflikt. I oktober 2022 presenterte general i luftforsvaret, Mike Minihan, leiar av Air Mobility Command sin «Mobility Manifesto» til ein fullpakka militærkonferanse. Under sin uhemma, skremselspropaganderande tordentale, argumenterte Minihan at dersom USA ikkje dramatisk eskalerer førebuinga på krig med Kina, vil amerikanske barn finne seg sjølve som «tenarar for ein regelbasert orden som berre eitt land har fordel av [Kina].»

Ifølgje New York Times driv Marinekorpset og trenar opp einingar for strandåtak, der Pentagon trur at dei fyrste kampane mot Kina vill finnestad, forbi «den fyrste øykjeda» som inkluderer «Okinawa og Taiwan ned til Malaysia, so vel som Sørkinahavet og omstridde øyar i Spratly og Paracel».

Militaristar tømmer midlar frå sosiale og infrastrukturelle program. Dei tømmer pengar inn i forsking og utvikling av våpensystem og forsømmer fornybare energiteknologi-former. Bruer, vegar, elektriske nett og demningar kollapsar. Skular forfell. Innanlandsproduksjon går ned. Folket blir gjort fattige. Dei strenge kontrollformene som militaristane testar og perfeksjonerer i utlandet finn vegen tilbake til heimlandet. Militarisert politi. Militariserte dronar. Overvaking. Digre fengselskompleks. Oppheving av essensielle sivile rettar. Sensur.

Slike som Julian Assange, som utfordrar stratokratiet, som eksponerer brotsverka deira og den suicidale toskeskapen, blir nådelaust forfølgt. Men krigsstaten har i seg frøa til si eiga øydelegging. Dei vil kannibalisere nasjonen heilt til den kollapsar. Før den tid vil den veive rundt seg som ein blinda kyklop, og prøve å øydeleggje si minskande makt gjennom tilfeldig vald. Tragedien er ikkje at den amerikanske krigsstaten vil sjølvdestruere. Tragedien er at vi vil ta so mange uskuldige med oss.

Chris Hedges er ein Pulitzerpris-vinnande journalist som var utanlandskorrespondent i 15 år for New York Times, der han tente som Midtausten-byråsjef og Balkan-byråsjef for avisa. Han jobba tidlegare utanlands for Dallas Morning News, Christian Science Monitor og NPR. Han er leiar for programmet «The Chris Hedges Report».

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no