Derimot: Det ser mørkt ut.Finnes det håp for USA? – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Paul Craig Roberts: Kan amerikanarar ha håp?

Biden er for gammal, senil og korrupt til å bli gjenvalt som president. Er dermed Trump verkeleg den som skal redde USA frå herskareliten og gjenopprette nasjonen til sin tidlegare glans? Eller har eliten berre tenkt å late han halde på, sidan dei jo i førarsetet likevel? Blir Trump for populær, kan dei jo berre ta han av dage, slik dei gjorde med blant andre John F. Kennedy.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

«Dersom du ikkje støttar sanninga, vil der ikkje vere noka sanning.» Slik byrjar Paul Craig Roberts artikkelen sin som vart publisert på nettstaden hans 10.mars 2024. Han skriv vidare (mi omsetjing):

«Eg mistenkjer at enkelte av lesarane mine blir slitne ut av den stadige nektinga frå våre leiarar og manipulatorar om å erkjenne noka sanning. Sjølv blir eg sliten ut. Tucker Carlson sitt intervju med Steve Kirsch avslører at det er umogleg i den medisinske verda å seie sanninga. Topplegane og vitskapsfolka som forskar på medisin kan ikkje seie sanninga om covid-mRNA-‘vaksinen’ og barnevaksinasjon utan å misse jobbane sine og bli ein ikkje-person.

Det dette tydar er at den medisinske profesjonen blir tvinga til å beskytte profitten til Big Pharma og ryktet til dr. Fauci, NIH, CDC, FDA og WHO på kostnad av menneskeliv og -helse. Dei presstituerte [samansetjing av «presse» og «prostituert»; oms.an.] stiller seg på linje med dei som dikterer forteljinga.

Filmar slik som The Matrix og V for Vendetta er ikkje fantasifilmar. Dei er nøyaktige reportasjar om vår tid.

Er en film hvor hovedpersonen utsatt for manipulasjon. Det han antar er virkeligheten en kunstig frembragt tilværelse. Hjernen og kroppen blir manipulert av signalene til en svært avansert datamaskin kalt the Matrix.

Snart må vi ta ein dag fri og feire kattane våre, dyrevennene våre, konene og ektemennene våre, barn, foreldre, menneskevenner. Der er framleis mykje der for oss. Kanskje ei samling av historier kan tene til å vise kva som står på spel for oss alle i det ‘vår’ regjering jagar oss inn i tyranni.

Men lat oss i denne omgang ta ein titt på året framfor oss. Eg [Roberts] har allereie skrive at 2024 sannsynlegvis kjem til å bli eit avgjerande år for den vestlege verda. To krigar går føre seg der Vesten står på feil side. Like viktig er dette året sitt presidentval.

Det er fullstendig openbert at Trump er favoritten. Det korrupte republikanske etablissementet var ikkje i stand til å finne nokon som veljarane ville akseptere som utfordrar til Trump om nominasjonen. Trump er rett og slett valet til folket.

Trass dette faktum, og hugs at USA visstnok er eit demokrati som er gjenstand for viljen til folket, er vi vitne til at Demokrat-delstats-høgsterettsdommarar bestemmer at Trump er ein ‘opprørar’ og blir forboden å stå på røysesetelen. Vi ser Demokrat-utanriksministrar og delstats-generaladvokatar og Demokrat-by og fylke-påtalestyresmakter bruke lova som eit våpen for å halde Trump vekke frå røystesetelen og halde han bunden opp i straffe- og sivilrettslege saker. Demokratane bruker lova som våpen fordi dei veit at Trump kjem til å vinne valet.

Kor mykje handfast bevis treng ein for å etablere at Demokratar ikkje trur på demokrati? Eller rettferd? Eller ei ansvarleggjort regjering? Det trur heller ikkje media på. Det dei trur på er makt.

Dei siste to nasjonale vala var tydeleg rigga. Vi veit det utan å måtte liste opp det enorme dokumenterte beviset på valtjuveri. Same minutt som desse usannsynlege resultata vart formidla, las amerikanske media alle som éin frå det same manuset før noka etterforsking om at ‘der var ikkje noko valtjuveri’. Korleis visste media? Horene hadde ikkje ein gong sett på bevismaterialet.

Problemet vi står overfor er: Der er inga som helst moglegheit for at Biden skal bli gjenvalt. Tosken stilte seg på same side som Israel i folkemordet på det palestinske folket. Tosken har tapt krigen i Ukraina som saug til seg eit utal milliardar amerikanske pengar. Tosken har brote embetseiden sin og har ikkje berre tillate, men i sine fire år aktivt delteke i å få ein invasjon av eit tal som tilsvarer 48 byar på storleik med Pittsburgh av innvandrarar inn i landet. Tosken skriv over til eit internasjonalt byråkrati, WHO, lagnaden til vår helseomsorg, som frå og med mai i år vil vere utanfor vår kontroll.

Eg kan halde fram, men korleis kan ein kandidat skildra av sitt eige Justisdepartement som for inkompetent til å stå tiltala i rette for ulovleg oppbevaring av hemmelegstempla dokument, vere nok kompetent til å vere presidenten i USA og halde i sine inkompetente nevar, som hans eige Justisdepartement har bestemt, atomkofferten?

Korleis kan Demokratane stille ein kandidat som president som har blitt bestemt som inkompetent av si eiga regjering?

Joe Biden kunne i stilles for retten fordi han var for mentalt svekket.

Korleis kan det ha seg at delstatsdommarar, generaladvokatar og utanriksministrar ulovleg bestemmer at Trump ikkje kan stå på Dromkrat-røystesetlane fordi han er ein ‘opprørar’? Trump har ikkje blitt dømt som ein opprørar. Kvifor trur desse stokk dumme Demokratane at det dei trur er det same som ein dom?

I tillegg utpeiker det 14.tillegget [i den amerikanske grunnlova] den avgjerda til den amerikanske Kongressen, ikkje til delstatsdommarar, generaladvokatar og utanriksministrar. Er Demokratane so ufatteleg dumme og inkompetente at dei ikkje forstår grunnleggjande lov, og ikkje kan forstå at dei bruker ei fullmakt dei ikkje har? Ja, eg trur det er tilfellet. I fleire tiår har Demokratar drive og utpeikt juridisk analfabete til domstolar, vel vetandeom at den einaste måten Demokratane kan oppnå ein eittparti-tyrannistat er å bruke dumme menneske til å bruke lova som våpen.

I og med at spørjeundersøkingar viser at 90% av veljarane ser på Biden som for gammal eller for svekt til å tene som president, kvifor stiller Demokratane han som kandidat? Er det fordi dei ikkje har nokon andre? Eller er det fordi Demokratane har ein plan om å skubbe Trump ut på sidelinja og nøytralisere han?

Biden har ikkje-eksisterande sjansar for å vinne. Dette gjer det umogleg for Demokratane å stele det tredje nasjonale valet på rad. For å stele eit val må røystetalet liggje temmeleg nær kvarandre. Elles vil det ikkje bli truverdig. Kanskje har Demokratane ein plan for å felle Trump?

Tidlegare har eg antyda at Demokratane vil få Biden til å trekkje seg på grunn av medisinske årsaker. Kamala blir dermed president. Ho vil bli instruert til å velje Hillary som sin visepresident, før ho sjølv deretter går av. Dette kjem til å gje Hillary og maskina hennar makta før valet. So kjem grensekonflikten mellom Washington og Texas til å bli oppheta. Ein vil snakke om borgarkrig, og den faren vil bli brukt av Hillary til å erklærte krigslover for å slå ned opprøret og avlyse valet.

So mykje meining som dette enn måtte gje for Demokratane, er der lite bevis for at dei er på veg i den retninga. So korleis har dei tenkt å halde Trump ute av embetet?

Sidan Trump har erklært krig mot den amerikanske herskareliten, er dei bestemte på å halde han vekke frå makta. Har Trump blitt re-utdanna slik at han ikkje lenger ønskjer normale relasjonar med Russland? Vi veit at han er i lomma på Israel, som er ei stor gåve for kontrollen som etablissementet har over Trump. Spørsmålet framfor oss er: vil Trump reinvaske seg via gjenval meir enn han ønskjer å styrte eliten og gje staten tilbake til folket slik demokrati krev?

Dersom han ikkje har inngått ein avtale med eliten, kvifor skulle dei late han, sin fiende, vere på Det ovale kontoret?

Er dette løsningen for «The deep state» hvis en ikke klarer å stanse Trump?

Kan det vere at eliten veit kor mykje mektigare dei er samanlikna med ein som berre er president i USA? Når det kjem til spørsmålet, kva kan Trump gjere? Dersom han er i stand til å forstå situasjonen og til å identifisere folk som er i stand til og viljuge til å hjelpe han ta makta frå herskareliten og gjenopprette makta til folket, har han framleis det problemet å få eit kjøpt og betalt amerikansk Senat til å godkjenne avtalane hans. Hugs at utnemninga Trump gjorde av general Flynn varte to veker.

Mi oppdaterte meining er at elitane kan late Trump ta presidentembetet fordi dei veit at dei kan hindre han i å oppnå det som dei som valde han ønskjer, og dermed demoralisere dei amerikanske borgarane som hadde håp om at ein leiar skulle gjenopprette og revitalisere nasjonen. Dei veit at dei kan orkestrere ein økonomisk katastrofe som kjem til å øydeleggje presidentskapen til Trump og halde Republikanarane ute av embetet i mange år.

Dersom alt anna mislykkast, er kulene som øydela JFK og RFK tilgjengelege. Der finst ingen tvil om at det korrupte amerikanske media vil leggje skulda for attentatet på Trump på ‘ein einsleg skyttar’.»

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar