Derimot: Ungarns utenriksminister: Fredsavtalen var klar, men Vesten anbefalte Ukraina å fortsette krigen. – Derimot

derimot.no:

Dette bekrefter de vi lenge har forstått og hevdet, men som nesten ingen i Nato-zonen vil innrømme. USA ønsker denne krigen og har lenge lagt opp til den. Den skulle demontere Russland og ødelegge en av de globale utfordrerne men fører nå til ødeleggelse av andre europeiske land, særlig Tyskland.

Knut Lindtner
Redaktør

Den ungarske utanriksministeren avslører at han såg fredsavtalen mellom Ukraina og Russland – her fortel han kvifor den aldri vart underskriven

Nettstaden ReMix News melder:

eit nytt intervju med den ungarske avisa Mandiner, avslører den ungarske utanriksministeren Péter Szijjártó at han faktisk såg den ferdige fredsavtalen som kunne ha gjort slutt på krigen mellom Ukraina og Russland. Han sa at alt som mangla var signaturane til dei to krigførande partane. Han forklarer kvifor freden aldri kom, og legg skulda bestemt på Vesten.

Ungarns utenriksminister Péter Szijjártó.

I slutten av mars, byrjinga på april 2022, vart ein avtale nesten nådd under fredssamtalane, kjent som Istanbul-avtalane.

«Eg såg dokumentet som nesten vart signert og som, ifølgje realitetane på den tida, kunne ha gjort slutt på krigen. Kva skjedde? Dei frå Vesten kom og bad ukrainarane halde fram med å kjempe, ingen avtale burde bli akseptert,» sa den ungarske utanriksministeren.

Avgjerda om å forlenge krigen, som vart støtta av Vesten, har hatt betydelege globale implikasjonar og ført til fleire hundre tusen dødsfall i Russland og Ukraina, saman med ein katastrofal effekt på fødselsraten og den demografiske framtidsforventinga til Ukraina. Den har òg bidrege til inflasjon og økonomisk [u]visse i heile Europa.

Szijjártó sa at sjølv om målet til EU-leiarane var å tvinge Russland ned på kne i byrjinga av 2022, har dette enno ikkje skjedd. Han seier at folk døyr på frontlinjene kvar dag, medan partane ikkje har kome noko nærare fred.

Ifølgje David Arahamiya, leiaren av det herskande partiet i Ukraina, var Ukraina klare til å skrive under dokumentet då vestlege leiarar såg eit utkast av forhandlingane. Den ukrainske politikaren sa at dåverande statsminister Boris Johnson i Storbritannia visstnok jobba hardt for å få avvist den potensielle fredsavtalen.

Szijjártó seier at Ungarn støttar Kina-Brasil-fredsplanen og sa at berre tre land, Ungarn, Frankrike og Sveits, vart invitert til invigingsmøtet til Friends of Peace-gruppa som vart organisert av dei.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...