Derimot: Booster-vaksinen ikke testet på mennesker. Kan være farligere enn covid.
derimot.no:
Vaksine-narrativet kollapsar
Harvard-studie indikerer at sprøyta er farlegare enn COVID
Global Research, 09. oktober, 2022
The Florida Standard 14. september 2022
Samtidig som booster-doser som ikkje har blitt testa på menneske blir rulla ut over heile landet, indikerer ein ny studie at sprøyta er langt farlegare enn COVID-19 sjølv er. Og CDC har spreidd falsk informasjon om korleis dei har spora biverknadar kopla til vaksinane.
Medan representantar for styresmaktene og hovudstraumsmedia legg press på dei vaksinerte om å injisere ein ny såkalla «bivalent» booster som seiest å rette seg mot Omikron-varianten, viser det seg at denne substansen ikkje har blitt testa på menneske. Og det einaste dyreforsøket som har blitt gjort, inkluderte åtte mus.
«Det har ikkje blitt bevist i kliniske forsøk fordi vi ikkje har tid til å gjere eit klinisk forsøk, fordi vi treng å få vaksinen ut no, fordi vi har ein slik situasjon i verda og absolutt i USA; vi har 400 dødsfall per dag og opptil 5000 innleggingar på sjukehus per dag,»
forklarte NIAIDs dr. Antony Fauci i eit intervju.
CDC-direktør Rochelle Walensky har også sagt at boosterane må framskundast for å fungere skikkeleg. Ei forseinking kunne potensielt gjere sprøytene «utdaterte» ettersom nye variantar dannar seg, seier Walensky.
Studie: Verre enn viruset
Ein ny studie leidd av vitskapsfolk frå Harvard-universitetet og Johns Hopkins-instituttet, enno ikkje fagfellevurdert, avslører at COVID-19-vaksinane var opptil 98 gongar verre enn viruset sjølv. Studien er kritisk til booster-kravet for universitetsstudentar i USA. Dei skriv i samandraget: «Når vi brukar data frå CDC og sponsor-innrapporterte data om skadelege biverknadar, finn vi at obligatoriske boosterdosar kan forårsake meir skade enn gagn: for kvar forhindra covid-sjukehusinnlegging blant tidlegare usmitta, unge vaksne, kan vi forvente mellom 18 og 98 tilfelle av alvorlege biverknadar, inkludert 1,7 til 3,0 boosterdose-relaterte tilfelle av myokarditt (hjartemuskelinflammasjon, mrk.) hos menn, og mellom 1373 og 3234 tilfelle av reaktogenisitet (vaksinen si evne til å produsere vanlege, forventa biverknadar, mrk.) av grad 3 eller høgare som påverkar daglege aktivitetar.»
Falsk informasjon
Som Epoch Times først rapporterte om, har CDC levert falsk informasjon om korleis dei sporar tilfelle av skadelege biverknadar etter vaksinane. Samtidig innrømmer Walensky at det finst ein årsakssamanheng mellom mRNA-vaksinane og myokarditt:
I eit brev datert 2. september frå CDC-directør Rochelle Walensky til senator Ron Johnson, skriv direktøren at «CDC utfører konsekvent omfattande datainnsamling og -analyse for å oppdage potensielle biverknadar og tryggleikssignal, og deretter kommunisere denne informasjonen til publikum. Til dømes viste vurderingar gjort av VAERS-staben at det eksisterer årsakssamanhengar mellom trombose (blodpropp, mrk.) med thrombocytopeni-syndrom (for lågt tal blodplater, trombocyttar, som koagulerer blodet, mrk.) og Janssen sin COVID-19-vaksine, og mellom myokarditt og COVID-19-vaksinering av typen mRNA.»
I same brev slår Walensky også fast at CDC ikkje analyserte visse typar innrapporterte tilfelle av biverknadar i det heile tatt i 2021, trass i at dei tidlegare har sagt at dei starta slik sporing i februar det året.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Alexandr Gusev
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1