Derimot: Ultra-sionister: Sier målet er å erobre omliggende arabiske og muslimske nasjoner. – Derimot

derimot.no:

Israelske ultra-sionistar legg korta på bordet.

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Kløfta utvidar seg mellom ultra-sionistane og resten av den siviliserte verda. To nylege utsegner – ei av ein israelsk soldat og ei frå Israels finansminister, Bezalel Smotrich — fjernar all tvil om at den sionistiske visjonen er å erobre kringliggande arabiske og muslimske nasjonar. I det minste latar dei ikkje som om deira einaste mål er å gjere israelarar trygge i heimane sine.

Før vi ser nærare på tiradane til desse to fanatikarane, vil eg trekke fram eit interessant innlegg som nyleg dukka opp i Haaretz, skrive av Ofer Aderet. Han gir ei fin oversikt over dei ultra-sionistiske forsøka på å okkupere palestinske landområde og fordrive palestinarane. Her er innleiinga hans (eg vil tilrå at de les heile stykket):

«For 50 år sidan, den 10. oktober 1974, publiserte Haaretz ei hebraisk omsetting av eit intervju som PLO-leiaren Yasser Arafat gav til det tyske vekemagasinet Der Spiegel. ‘Dette er første gong ein amerikansk president har snakka om rettane til det palestinske folket, og ikkje berre om dei palestinske flyktningane. Er ikkje på tide at palestinarane anerkjenner Staten Israel?’ vart han spurd i starten. ‘Anerkjenner Israel oss? Korleis kan du forvente at vi skal anerkjenne Israel når Moshe Dayan, til dømes, erklærer at ‘For palestinarane er det berre døden’, og Golda Meir seier at ‘Kvar dag er eg plaga av tanken på dei mange arabiske barna som blir fødde kvar dag’, svarte Arafat.

‘Har israelarane i Midtausten berre valet mellom ein koffert og ei kiste?’ vart han seinare spurd om. ‘Vi har aldri sagt noko slikt. Den palestinske revolusjonen vil ha ein demokratisk stat der jødar, kristne og muslimar lever med like rettar og som brør,’ sa han.»

Sjå no på kva ultra-sionistane seier. Først ein anonym israelsk soldat sin tirade om Israels intensjonar i Libanon.

Bezalel Smotrich

Så er det Bezalel Smotrich. Den demoniske glansen i auga hans minner meg om Hitler under ein av hans legendariske tiradar. Denne fyren spøkar ikkje

Eg er sikker på at leiarane av Syria, Jordan, Irak og Saudi-Arabia endeleg skjønar at den ultra-sionistiske gjengen som no styrer i Tel Aviv ikkje har til hensikt å leve fredeleg med arabarane og muslimane i regionen. Israel, slik eg ser det, ter seg som ein gal gambler som viftar ein kniv mot tilsjåarane rundt eit Black Jack-bord i Vegas og kjem med stadig meir sinnssjuke truslar. Det siste kjem frå Bibi Netanyahu:

«Israels statsminister Benjamin Netanyahu bad på sundag FN-sjefen om å fjerne FN sine fredsbevarande styrkar som er utplasserte i sør-Libanon ut av faresona.

‘Herr generalsekretær, få UNIFIL-styrkane ut av «skadens veg». Det bør gjerast akkurat no, straks,’ sa Netanyahu i ei videomelding utgitt av kontoret hans.»

Israelske styrkar, som allereie har drepe eit hopetal FN-medarbeidarar under si 13 månadars kringsetting av Gaza, verkar innstilte på å doble innsatsen og ta opp kampen mot FN-soldatane. USA har, via forsvarsminister Lloyd Austin, kome med ei lunka åtvaring:

«Forsvarsminister Lloyd Austin III snakka med Israels forsvarsminister Yoav Gallant den 12. oktober og uttrykte si djupe uro over rapportane om at israelske styrkar har skote mot fredsbevarande FN-styrkar i Libanon, samt at to libanesiske soldatar er rapportert døde. Ministeren understreka kraftig kor viktig det er å sikre tryggleiken til UNIFIL-styrkar og dei libanesiske væpna styrkane, og han gjentok behovet for å skifte frå militæroperasjonar i Libanon til ein diplomatisk veg så snart som mogleg.»

Eg tvilar på at Netanyahu vil bry seg om dette, sidan USA allereie har tatt ei avgjerd om å sende fleire luftvernsressursar til Israel. Israel, under Netanyahu, held fram med å gjere som dei vil, og ristar av seg klagene frå USA.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/israeli-ultra-zionists-lay-their-cards-on-the-table/

To videoer med en israelsk soldat og finansminister Bezalel Smotrich kan sees ved å åpne Larry Johnsons innlegg.

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...