Derimot: Ukrainske piloter antyder det. Planlegger Ukraina en skitten-bombe mot Russland?

derimot.no:

FSB: Ukraina tenkte angripe Russland med skiten bombe

Kievs militæretterretning planla å smugle ei radioaktiv bombe ved hjelp av småfly, hevdar Moskva.

Ukrainsk militæretterretning tenkte å detonere ei «skiten bombe» på russisk territorium, hevdar Den føderale sikkerheitstenesta (FSB) i Moskva. Førebuingane til «terroristangrepet» vart avslørt under ei etterforsking av Kievs bruk av småfly til hemmelege oppdrag mot naboen, seier byrået.

FSB fortalde på tysdag at Ukrainas hovuddirektorat for etterretning (GUR) har ei spesiell avdeling som opererer småfly som er meint å fly uoppdaga i låg høgd. Flya kan smugle utstyr til sabotørar eller utføre overraskande bombeangrep, seier FSB.

Det russiske byrået sleppte filmopptak av eit intervju med ein angiveleg ukrainsk pilot som vart avbroten medan han flaug eit slikt oppdrag. Identifisert som Dmitry Shimansky, vart han arrestert i mai i Tula-regionen, ca 20 mil sør for Moskva, då flyet hans landa for å levere dronedelar og eksplosiv til eit planlagt angrep på ein russisk militær flybase.Piloten hevda at GUR-sjefane hadde tenkt å bruke same taktikk til å førebu eit angrep med ei skiten bombe i Russland. Ei skiten bombe er ei konvensjonell bombe dekka med radioaktivt materiale som forureinsar store område rundt nedslagsfeltet etter eksplosjonen.

En skitten bombe vil kunne forurense store områder.

FSB publiserte også ein avhøyrsvideo av ein annan openberr ukrainsk fange, ein militærpilot med namnet Aleksandr Morozov, som sa han vart arrestert etter å ha blitt tvinga til å lande då småflyet hans vart skadd under eit hemmeleg oppdrag i Russland. Oppgåva hans var å bombe eit drivstoff-depot i Bryansk-regionen på grensa til Ukraina, forklarte han. Hendinga vart først rapportert om i april.

Den russiske regjeringa har anklaga Ukraina for ei rekke sabotasjeaksjonar på russisk jord, inkludert to ulike kamikaze-drone-angrep i Moskva. Det første angrepet førre månad var retta mot Kreml, medan det andre resulterte i tre dronenedslag i bustadsområde i og rundt den russiske hovudstaden på måndag førre veke. Hendinga utløyste eit gjengjeldsangrep på GUR sitt hovudkvarter i Kiev.

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/russia/577551-ukraine-dirty-bomb-fsb/

Forsidebilde: Viktor Forgacs

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...