Derimot: Ukrainakrigen: Alt står skrevet i Rand.Corp.-planen fra 2019 for å ødelegge Russland.

Derimot.no
Del denne artikkelen på din favoritt SOME(Sosiale Media)

derimot.no:

Ukraina – alt stod skrive i planen til Rand Corp.

USA sin plan mot Russland vart utforma for 3 år sidan

Av  Manlio Dinucci

Global Research, 18. september, 2022

USA sin anti-russiske strategiske plan vart utarbeidd av Rand Corporation for tre år sidan (les Il Manifesto 21. mai,2019: ’Rand Corp: how to bring down Russia’). The Rand Corporation, med hovudkvarter i Washington, DC, er “ein global forskningsorganisasjon som utviklar løysingar på politiske utfordringar”: den har en «hær» på 1800 forskere og andre spesialister , rekrutterte frå 50 land, dekkande 75 språk, spreidd på kontor rundt om i nord-Amerika, Europa, Australia og Den persiske golfen. Rand sitt US-amerikanske personell bur og arbeider i over 25 land.

Rand Corporation, som skildrar seg sjølv som ein ikkje-profittbasert, upartisk organisasjon, blir offisielt finansiert av Pentagon, US Army og Air Force, byrå for den nasjonale tryggleiken (CIA og andre), andre lands byrå og mektige ikkje-statlege organisasjonar.

Rand Corp. skryt av at dei har hjelpt til med utforme strategien som let USA kome sigrande ut av Den kalde krigen, etter å ha tvinga Sovjetunionen til å bruke ressursane sine på ein utmattande krig. Denne modellen har vore inspirasjon for den nye planen, som vart utarbeidd i 2019: “Overextending and Unbalancing Russia”, dvs. Få motstandaren til å strekkast til bristepunktet for å sette han i ubalanse og slå han ned.

Dette er hovudlinjene i Rands angrepsplan, som USA faktisk har brukt dei siste åra.

Først av alt, seier planen, må Russland bli angripe på sitt mest sårbare punkt, at landets økonomi er sterkt avhengig av olje- og gasseksporten: til dette må kommersielle og finansielle sanksjonar brukast, og samtidig må Europa fåast til å redusere importen sin av russisk gass, og erstatte den med US-amerikansk LNG.

På ideologi- og informasjonsfeltet er det nødvendig å oppmode til internasjonale protestar og samtidig underminere Russlands image.

Dette er også en propagandakrig.

På det militære feltet må det handlast slik at dei europeiske NATO-landa aukar sine styrkars anti-russiske funksjon. USA kan auke sannsynet sitt for suksess og med moderat risiko tene stort på å investere meir i strategiske bombefly og langtrekkande angrepsmissilar retta mot Russland. Utplassering av nye kjernefysiske mellomdistanse-missilar i Europa retta mot Russland sikrar høgt sannsyn for suksess, men inneber også ein høg risiko.

Ved å finjustere kvar alternativ for å oppnå den ønska effekten, konkluderer Rand, vil Russland ende opp med å betale den høgaste prisen i konfrontasjonen med USA, men USA og deira allierte vil måtte investere svært mykje av ressursar om dei skal distrahere Russland bort frå andre saker.

Som ein del av den strategien, spådde 2019-planen til Rand Corporation at «å forsyne Ukraina med dødbringande hjelp ville utnytte Russlands største eksterne sårbarheit, men ein auke i USA sine forsyningar av våpen og militær rådgivning til Ukraina vil måtte kalibrerast forsiktig om ein skal greie å auke kostnadane for Russland utan å provosere fram ein mykje større konflikt, der Russland, på grunn av nærleiken sin, vil ha betydelege fordelar».

Og det var her brotet oppstod. Fanga i det politiske, økonomiske og militære kvelartaket som USA og NATO stramma stadig meir til, der dei ignorerte Moskvas gjentatte åtvaringar og forslag om forhandlingar, reagerte Russland med den militære operasjonen som øydela meir enn 2000 militære fasilitetar i Ukraina, som faktisk ikkje var bygde og kontrollerte av herskarane i Kiev, men av USA/NATO.

Artikkelen som for tre år sidan rapporterte om Rand Corporation sin plan enda med desse orda: «Alternativa som planen presenterer er eigentleg berre variantar av den same krisstrategien, den prisen vi alle betaler med omsyn til offer og risiko.» Vi, folket i Europa, betaler den no, og den vil bli dyrare og dyrare viss vi held fram med å vere bruk-og-kast-brikker i spelet til USA og NATO.

*

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Arisa Chattasa

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 22

Les artikkelen direkte på derimot.no

Auto Feeder
Author: Auto Feeder

Legg igjen en kommentar