Derimot: Tyrkia kjører et dobbeltspill. Kievs nederlag trer stadig tydeligere fram.

Derimot.no
Derimot: Tyrkia kjører et dobbeltspill. Kievs nederlag trer stadig tydeligere fram.

derimot.no:

Tyrkia kjører et dobbeltspill.

Ukrainas nederlag blir tydelegare

av Thierry Meyssan

Det er ein open løyndom: regjeringa i Kiev tapar militært mot den russiske arméen. Sistnemnde rykkar fram utan å forhaste seg, og bygger opp forsvaret i regionane som slutta seg til Moskva ved folkerøysting. Men denne ubønhøyrlege realiteten skjuler andre. Til dømes den kjensgjerninga at Tyrkia, framleis NATO-medlem, støttar Russland og forsyner dei med reservedelar til arméen. Ikkje berre tapar Atlanteralliansen, den sprekk opp i tillegg.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 14. FEBRUAR 2023

President Zelensky, som hånet måten ukrainere kom til Brussel for å tigge da han var komiker, kom til Brussel for å tigge som president.

Framtida til Ukraina teiknar seg stadig tydelegare opp. Kampane blir utkjempa mellom regjeringa i Kiev, som nektar å gi akt på signaturen sin på Minsk-avtalane, og Russland, som har til hensikt å handheve Sikkerheitsrådets resolusjon 2202, som gir sin tilslutning til avtalen. På den eine sida ein stat som nektar å rette seg etter internasjonal lov og er støtta av Vesten, på den andre sida ein annan stat som nektar å rette seg etter Vestlege reglar og er støtta av Kina og Tyrkia.

Korleis kunne president Volodymyr Zelensky, vald for å implementere Minsk-avtalane, forvandle seg til ein «integrert nasjonalist» [1], på lag med fanatikarar, arvingar etter dei verste kriminelle på 1900-talet? Det er eit mysterium. Den mest sannsynlege hypotesen er finansiell, ettersom herr Zelensky, etter publiseringa av Paradise Papers , har blitt kjend for sine off-shore-kontoar og sine eigedommar i England og Italia. Men Volodymyr Zelensky har lite å gjere med sine «integrerte nasjonalistar». Han er ein feiging. På starten av krigen gøymde han seg i ein bunker i fleire veker, truleg utanfor Kiev ein stad. Han kom ikkje ut før Israels statsminister Nafatali Bennett forvissa han om at president Vladimir Putin hadde lova han at dei ikkje ville ta livet av den ukrainske presidenten [2]. Sidan då har han spelt pralhans per video på alle politiske toppmøte og kunstnariske festivalar i Vesten.

Korleis vart Tyrkia, ein Vesten-alliert i NATO, involvert på den russiske sida? Det er lettare å forstå for dei som har følgd med på CIA sine attentat-forsøk mot president Recep Tayyip Erdoğan. I sine yngre år dreiv Erdoğan med gateslag. Så vart han involvert i ein islamsk milits som gjorde at han kom tett på afghanske opprørarar og russiske jihadistar i Itsjkeria. Først etter denne reisa entra han politikken, i klassisk forstand. Under den tida han støtta anti-russiske muslimske grupper, var han CIA-agent. Som så mange, skifta han syn då han kom til makta. Han fjerna seg gradvis frå Langley, og ønska å tene folket sitt. Men den personlege utviklinga hans tok stad medan landet hans skifta strategi mange gongar. Tyrkia har enno ikkje fordøydd fallet til Det osmanske riket. På rekke og rad har dei prøvd ut fleire strategiar. Sidan 1987 har dei vore kandidatland til Den europeiske unionen (EU).

I 2009, med Ahmet Davutoğlu, vurderte dei å gjenopprette si osmanske innverknadskraft. Etterkvart såg dei føre seg at dei kunne kombinere denne nasjonale målsetninga med presidentens ambisjonar om å gjere Tyrkia til heimland for Den muslimske brorskapen, og gjenoppbygge Kalifatet som i 1924 vart avskaffa av Mustafa Kemal Atatürk. Men Det islamske emiratet (IS) sitt fall, tvang han til å gi opp det prosjektet. Tyrkia vende seg då til dei tyrkisk-talande folkegruppene; tvilande til å inkludere iugurane, valde dei til sist dei etnisk tyrkiske folkegruppene. Til dette prosjektet trengde dei ikkje lenger europearane eller USA, men heller Russland og Kina. Etter sigeren sin over Armenia, skipa dei «Organisasjonen for tyrkiske statar» (Kasakhstan, Kirgisistan, Tyrkia og Usbekistan). I tillegg har Ungarn og Turkmenistan observatør-status).

I dag eksporterer, ifølge Wall Street Journal, 15 tyrkiske selskap utstyr dei har kjøpt i USA for $18,5 million kvar månad til eit dusin russiske selskap som er offer for dei illegale tvangstiltaka som USA unilateralt har innført (presenterte som «sanksjonar» av NATO-propagandaen) [3].Sjefen for terrorisme og finansiell etterretning i USAs finansdepartement, Brian Nelson, drog heilt forgjeves til Ankara for å tvinge Tyrkia til å føye seg etter dei Vestlege reglane. Ankara held i løynd fram med å støtte den russiske arméen.

Då USA sin utsending påpeika at Tyrkia var på feil spor når dei tok det slagne Russland si side, kunne samtalepartnaren legge fram for han dei reelle tala for krigen i Ukraina, formidla av Mossad og offentleggjorde av Hürseda Haber  [4]. Ute i felten er maktbalansen 1 til 8 i Russlands favør. Det er 18 480 døde på russisk side, mot 157 000 på ukrainsk side. Det blir som i eventyret til HC Andersen: keisaren var naken.

Tyrkia blokkerer no svensk medlemskap i NATO. Dermed blokkerer dei også eit finsk medlemskap, som det vart søkt om i same dokumentet. Om vi skal tru informasjonen frå  Wall Street Journal, er det ikkje tilfeldig. Det stemmer at Ankara hadde fått eit løfte frå dei to landa om å utlevere leiarane for PKK og Fethullah Gülen-rørsla, eit løfte dei ikkje har halde. Det kunne dei heller ikkje, for sidan fengslinga av PKK-leiaren Abdullah Öcallan, som ein gong var ein forbundsfelle av sovjetarane, har no PKK blitt eit verktøy for CIA, og krigar under NATOs kommando. [5]. Når det gjeld Fethullah Gülen, bur han i USA, beskytta av CIA.

Så i dag støttar Tyrkia Russland så same måte som Kina: dei leverer reservedelar til forsvarsindustrien og nøler ikkje med å vidaresende USA-produsert utstyr. Men medan Kroatia og Ungarn, andre NATO-medlemmar, ikkje nøler med å seie ope at alliansens støtte til Ukraina er idiotisk, utan å ta sin hatt og gå, så let Ankara som dei er fullt ut atlantisistar.

Jordskjelvet som nett har råka Tyrkia og Syria har ein annan karakter enn tidlegare observerte jordskjelv kor som helst i verda. Den kjensgjerninga at eit dusin Vestlege ambassadørar forlét Ankara under dei fem dagane før skjelvet, og at landa deira under same tidsrom gjekk ut offentleg og frårådde folk til å reise til Tyrkia, ser ut til å tyde på at Vesten visste på førehand kva som skulle skje. USA har dei tekniske midla til å skape jordskjelv. I 1976 lova dei at dei aldri skulle bruke dei. Den rumenske senatoren Diana Ivanovici Șoșoacă hevdar at dei braut avtalen,«Convention on the Prohibition of the Use of Environmental Modification Techniques for Military or any other Hostile Purposes» («Konvensjon om forbud mot militær og enhver annen fiendtlig bruk av metoder for å påvirke miljøet», som Noreg signerte i mai 1977, og tredde i kraft i februar 1979, mrk.), og starta dette jordskjelvet [6]. President Recep Tayyip Erdoğan har bede etterretningstenestene sine (MİT) granske dette som førebels berre er ein hypotese. Om den skulle vise deg å stemme, lyt ein innrømme at USA – som veit at dei ikkje lenger er denverdsleiande makta, verken økonomisk eller militært – heller øydelegg sine allierte enn å sjølv døy..

Tvert imot bodskapen som Vesten blir fora med: ikkje berre tapar Ukraina ute i felten, men no blir og NATO ispørresett frå innsida, frå minst tre av alliansens medlemmar.

Under slike forhold, korleis kan vi forklare at USA held fram med å sende våpen til slagmarka og krev at dei allierte sender våpen i hopetal? Det skal seiast at fleirtalet av desse våpena ikkje er moderne, men stammar frå Den kalde krigen og er generelt sovjetiske. Det er ikkje noko poeng i å sløse bort våpen frå 2000-talet, når dei veit at dei vil bli øydelagde fordi Russland har meir moderne våpen enn Vesten. På den andre sida kan det vere interessant for ulike arméar å teste ut den siste generasjonen våpen i høgintensiv kamp. I så fall vil Vesten sende berre nokre få eksemplar av desse våpena, og i alle fall ikkje mange.

Men mens ukrainske «integrerte nasjonalistiske» einingar mottar Vestlege våpen, gjer dei øvrige vernepliktige det ikkje. Det overskytande, kanskje to tredelar, blir oppbevart i Albania og Kosovo, eller blir sendt til Sahel. For tre månadar sidan, under toppmøtet til Lake Chad Basin Commission (LCBC), fordømde Nigerias president Muhammadu Buhari ankomsten av desse våpena som hadde hamna i hendene på Den islamske staten, IS [6]. Møtt med utbrot av sjokk og indignasjon frå US-amerikanske parlamentarikarar, oppretta Pentagon ein kommisjon som skulle overvake leveransane. Den har til dags dato ikkje avlagt nokon rapport om aktivitetane sine eller om observerte underslag.

For to veker sidan drog Pentagons generalinspektør til Ukraina, offisielt for å kaste lys over desse underslaga. I ein tidlegare artikkel viste eg han hovudmotivet for reisa hans var å slette spora etter Hunter Biden sine affærar [7]. Ukrainas Forsvarsminister, Oleksiy Reznikov, hadde kunngjort at han og fleire medlemmar av administrasjonen hans straks skulle gå av. Det har enno ikkje skjedd.

Det siste spørsmålet er korfor Tyskland, Frankrike og Nederland, medeigarar av Nord Stream gassrøyrleidningane, ikkje protesterer etter sabotasjen som også dei vart offer for den 26. september, 2022? Og korfor reagerer dei ikkje på avsløringane til Seymour Hersh om ansvaret til USA og Noreg? [8] ? Er det sant at talsmannen for nasjonalistane i Alternativ for Tyskland i Bundestag (den tyske nasjonalforsamlinga) har bede om at det blir oppretta ein granskingskommisjon om sabotasjen, men at den overveldande majoriteten av politikarane i desse tre landa held ein låg profil: deira verste fiende er deira allierte!

Tvert imot så rosa dei seg sjølve for å ta imot president Volodymyr Zelensky i Brussel. Men han hadde før dette vore på besøk i Washington og London, dei to hovudstadane som tel, før han kom til dei som betaler.

Thierry Meyssan

Omsett av

Monica Sortland

[1] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022. [2] «Bennett: Putin assured me at Moscow meeting he wouldn’t kill Zelensky», The Times of Israël, February 5, 2023. [3] «Russia’s Ukraine War Effort Fueled by Turkish Exports», Jared Malsin, Wall Street Journal, February 3, 2023. [4] «İddia: MOSSAD’a göre Ukrayna ve Rusya kayıpları», 25 Ocak 2023. [5] “Général Başbuğ: once Ocalan was jailed, the US took over as the controlling mind of the PKK”, omsett av Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 16 March 2018. [6] « Selon la sénatrice Diana Ivanovici Șoșoacă, les USA ont provoqué le séisme en Turquie et en Syrie », Réseau Voltaire, 13 février 2023. [7] “The Hunter Biden / Ihor Kolomoïsky affair”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 8 February 2023. [8] « How America Took Out The Nord Stream Pipeline », av Seymour Hersh, Substrack, February 8, 2023.

Forsidebilde Lexica

https://www.voltairenet.org/article218844.html

50 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 50 ganger.

Post Views: 50

Les artikkelen direkte på derimot.no