Derimot: Tucker Carlson intervjuer Ungarns statsminister Victor Orban: «Ønskedrømmen i vesten om å kvitte seg med Putin er en vits.»

derimot.no:

Viktor Orban åtvarer mot å starte Tredje verdskrig

Tucker Carlson har nyleg vore i Ungarn og fått eit halvtimes intervju med statsminister Viktor Orban, der det vart oppklart ein del misoppfatningar som rår i «Vesten» – både om Orban sjølv og om Ukraina-krigen, Nord Stream, Trump og meir. Media her heime fokuserer på at Orban sa han ønskar eks-president Donald Trump tilbake ved roret i USA, og med det har dei (igjen) stempla han som ein ein ikkje bør lytte til. Men mykje anna – og viktigare – vart sagt.

av Monica Sortland

1. sept, 2023 

Størstedelen av samtalen handla om situasjonen i Ukraina. Orban meiner det står på USA, korleis det skal gå. USA lyt innrømme at dei sit på nøkkelen til fred. «Viss USA ønskar fred, vil det vere fred i morgon». For ukrainarane kan ikkje konkurrere i denne krigen. «Om det ikkje kjem pengar og utstyr frå Vesten, og særleg frå USA, så er krigen over». 

Han seier det til sjuande og sist vil handle om «boots on the ground», bakkestyrkar. Ukraina mistar soldatar i hundre og tusentals kvar dag no, og at dei skulle vinne krigen, slik Vesten hevdar, er ei rein løgn. Dei vil alltid vere talmessig underlegne Russland. Og «dersom noko land i Vesten skulle sende inn sine bakkestyrkar, ville det bety direkte krig mellom Vesten og Russland. Og då er vi straks i Tredje verdskrig,» seier statsministeren. Men når han åtvarer om dette på møte i NATO og EU, vender dei det døve øyret til; «Vi er størst og derfor smartast» er haldninga.

(https://youtu.be/a5wdgDCUX70?feature=shared)

Ukrainsk NATO-medlemskap urealistisk – gløym det!

Med eit Russland som er så sterkt som dei no har blitt, er det umogleg å ha Ukraina – med si svært lange grense mot Russland – som NATO-medlem, seier Orban. «Det ville vere einsbetydande med ein overhengande fare for krig for oss alle, til og med for Washington». Det fanst ein sjanse då Russland var svekka under Jeltsin, men «det vindauget er no lukka».

«Vi burde inngå ein avtale med russarane om den nye sikkerheitsarkitekturen for å sikre tryggleik og suverenitet for Ukraina, men ikkje medlemskap i NATO,» meiner Orban.

Den Vestlege kulturen

«’Liberal’ betydde opprinneleg ’fridom’, men no, i Europa, betyr det ’fiende av fridommen’,» seier Orban, på grunn av «hegemonistiske krav» om korleis folk skal te seg i samfunnet. Dei tolererer ikkje anna åtferd enn den dei sjølve har godkjent. Pressa i Ungarn er mykje friare enn pressa i USA, skyt Carlson inn.

Dagens Liberale kallar ofte Orban både fascist og Putin-marionett, då han gjerne går sine eigne vegar både innan- og utanrikspolitisk. Og den Demokratiske Biden-regjeringa har t.d. kansellert avtalen som Ungarn hadde med USA om dobbeltbeskatning, medan dei framleis har ein slik avtale med Russland, påpeikar Orban og hevdar Ungarn blir meir fiendtleg behandla enn Russland av Biden-regjeringa. Han håpar Trump kjem til makta att. Under Trump-perioden vart det ikkje starta nokon ny krig, og Trump hadde venskapelege samband med både Russland, Nord-Korea og Kina, ifølge Orban. Verdisynet hans stemde meir overeins med Ungarns og russarane ville ikkje ha invadert Ukraina om det hadde vore Trump som framleis styrte, meiner Orban.

Det finst to typar folk i Europa, seier Orban. Det er egoistane, som set seg sjølve i sentrum, og som Vesten og dei Vestlege regjeringane er dominerte av, og på den andre sida er det dei som legg meir vekt på ting som er større og viktigare enn egoet. Fleirtalet i Ungarn høyrer til denne sistnemnde gruppa, meiner Orban. Han trur det er mest derfor han er meir populær blant folket enn mange andre av Vestens leiarfigurar. Han set tradisjonelle verdiar – som familien, nasjonen og Gud – i sentrum, og dét fell i god jord hos det ungarske folket. Også russarane høyrer til i denne kategorien. Vesten snakkar først og fremst om fridom, Russland snakkar framfor alt om samhald, om å halde det store landet samla. Det skapar ein annan kultur, ei anna forståing av omgrepet ’politikk’. Militærmakt, tryggleik, buffer-soner og geopolitikk blir svært viktig, og russarane vil kjempe for landet sitt. Vestlege ønskedraumar om at dei vil kvitte seg med Putin, er berre «ein vits», seier Orban. Vesten forstår ikkje den russiske kulturen.

Forsidebildet: Skjermdump fra intervjuet

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...