Derimot: Trumps politikk: En krig mellom ulike kapitalistiske retninger i politikken? – Derimot
derimot.no:
Donald Trump sine Prosjekt (2/2)
av Thierry Meyssan
Kjernen i president Donald Trumps tiltak er å reformere den Vestlege økonomien ved å sette stopp for den «amerikanske globaliseringa», der komponentar i komplekse produkt må produserast i fleire land før dei kan monterast ihop. Han har til hensikt å bringe så mange fabrikkar som mogleg tilbake til USA for å kunne produsere komplekse produkt frå A til Å i eige land.
I motsetning til det vi kanskje trur, skjer ikkje den første handelskrigen mellom Washington og Peking, men mellom to ulike former for kapitalisme.

Etter å ha forklart Donald Trump sin innsats mot «Amerikansk imperialisme» og det føderale byråkratiet [1], vil eg gå over til dei økonomiske tiltaka hans og spesielt tilnærminga hans til tollsatsar. I starten var Donald Trump ikkje ein politikar, men ein forretningsleiar, og det var som entreprenør han gjekk inn i politikken på 1980-talet. Han publiserte ei heilsides annonse i tre store aviser i USA for å fordømme handelsubalansen mellom hans land og Kina. Han opponerte dermed mot den amerikanske globaliseringa som gjorde USA til Imperiets senter og Kina til «verdas verkstad».
Først seinare gjekk han inn i politikken, først side om side med Clinton-paret, deretter ved å støtte Tea Party, og til sist ved å ta over Det republikanske partiet.
Om vi skal forstå Donald Trump, lyt vi alltid ha bakgrunnen hans i hovudet: han er verken Demokrat eller Republikanar. Han er ein «Jacksonist» [2]. Og kjepphesten hans er å bringe produksjonen av forbruksvarer tilbake til landet hans. Det er mykje lettare for oss å forstå motstandarane hans i USA, for nesten alle av dei ikkje agerer utifrå eiga erfaring, men utifrå éin sams ideologi: «Amerikansk imperialisme». Og vi må hugse på at akademikarar flest blandar ihop økonomiske ideologiar – som dei diskuterer – med verkemåten til realøkonomien – som dei ignorerer.
Då Donald Trump, som president over føderasjonen, reformerte økonomien, erklærte han at han ville gjere USA stort igjen, Make America Great Again (MAGA), det vil seie å gjere USA til ei stormakt igjen. Han spesifiserte at han ikkje ville drive med krigføring, men i staden erstatte det med internasjonal handel, slik president Andrew Jackson gjorde i si tid. Vi må derfor tolke MAGA som å gjere USA til ei økonomisk stormakt igjen, ikkje ei militær ei.
Andrew Jackson var verken for frihandel eller proteksjonisme. Han såg ikkje på toll som eit middel til å verne amerikansk produksjon mot internasjonale konkurrentar, men i staden som den einaste måten å finansiere det føderale statsapparatet på. Det er nøyaktig det same som Donald Trump vil i dag: han har til hensikt å eliminere all føderal skatt og finansiere administrasjonen sin utelukkande med tollinntekter. Men han lar kvar delstat kreve inn den skatten dei meiner er nødvendig.
Med dette som rammeverk organiserer Donald Trump overgangen frå det gamle systemet til det nye etter den metoden han skildrar i boka si, The Art of the Deal: destabilisering av samtalepartnarar. Han starta med å kunngjere omfattande og prohibitive tollsatsar, for så å gå med på å redusere dei til 10% i tre månadar, unntatt for Kina.
Då kom alle og kasta seg framfor føtene hans, både for å takke vår gode «herre over verda» for desse tollsatsane og for å trygle han om å ikkje heve dei for høgt. Eit godt døme på denne underdanige tilnærminga gav Giorgia Melonis Italia. Statsministeren presenterte seg sjølv som ein blodfan av trollet som påla ho alt [3]. Kina, derimot, gav eit godt døme på det tvert motsette. Dei reagerte først med å innføre gjensidige tollsatsar, for så å ombestemme seg. Dei valde så å respondere i «kinesisk stil», det vil seie på eit område der det ikkje var venta: dei avbraut sitt samarbeid med dei to globale gigantane innan elektroniske halvleiarar (semiconductors), ASML og TSMC, bremsa eksporten av «sjeldne jordartar» som blir brukte i produksjon av høgteknologisk utstyr, både sivilt og militært, og forbaud import av Boeing-produkt.
Utan lager vil USA om få veker ikkje lenger ha halvleiarar eller reservedelar til sine missilmotorar, radar-system, styringssensorar, antikorrosjonsbelegg, målsøkarar, taktiske dronar, kampflymotorar og system for elektronisk krigføring.
Utan å vente unntok president Donald Trump high-tech-forbruksvarer frå toll: datamaskiner, mobiltelefonar og så vidare, men ikkje råmaterial og komponentar som er uunnværlege for det militær-industrielle komplekset. Der står vi no. Om nokre veker vil det militær-industrielle komplekset både i USA og land i Vesten (inkludert Italia) måtte erklære lockout i fabrikkane sine.
Sett frå Donald Trump sitt perspektiv er USA ikkje lenger ein vellykka økonomi, sidan dei ikkje lenger produserer forbruksvarer, men hovudsakleg våpen og «finansielle produkt». Landet har i praksis ein krigsøkonomi. Trump vil difor stramme beltereima til det militær-industrielle komplekset og utvikle lokal produksjon, spesielt innan sjeldne jordartar og fossilt brensel som trengst i moderne industri. Tvert imot det folk flest trur, er dei såkalte sjeldne jordartane ikkje sjeldne i seg sjølve. Dei eksisterer overalt; det er kapasiteten for filtrering av desse minerala som er sjelden. I dag er 90% av denne kapasiteten i Kina. President Trump meiner derfor, i tautrekkinga som føregår, at USA er nøydd til å utvinne sin eigne «sjeldne jordartar». Han møter motstand frå miljøvernarar av alle slag [4], for det er vanskeleg å ekstrahere dei ulike grunnstoffa utan å tømme vassreservar og forureine kringliggande regionar.
Nett slik libertarianismen til DOGEs Elon Musk maskerer Donald Trump sitt ønske om å overføre utanomkonstitusjonelle funksjonar som dei føderale styresmaktene har tilbake til delstatane, slik maskerer også standpunkta til Trumps handelsrådgivar, Peter Navarro, hans økonomiske standpunkt. Navarro, som før var økonomiprofessor ved Harvard, er ein kontroversiell karakter som er kjend for sine – svært grafiske – åtvaringar om ubalansen i handelsrelasjonane med Kina. Han fortalde på NBCs «Meet the Press» [5] den 13. april at Trump-team’et ikkje er overraska over reaksjonane på tollsats-auken, inkludert Kinas reaksjon. Men dette betyr ikkje at president Trump er anti-Kina.
Demokrat-senator Elizabeth Warren, som ikkje kan forstå sine politiske opponentar og avskriv dei som skruppellause, pengegriske milliardærar, anklaga president Trump og hans krets for å ha innført auka tollsatsar berre for å auke sin eigen rikdom via innsidehandel. Ho oppmoda difor Securities and Exchange Commission (SEC) til å opne ei gransking av dei persolege formuane til Trump og Musk. Ho fortalde CNNs «State of the Union» [6] den 13. april at Trump-administrasjonens nylege unntak for mobiltelefonar, PC’ar og anna elektronisk utstyr var ein «spesial-avtale» med Apples CEO Tim Cook, som donerte $1 million til Trump då han vart sett inn som president. «Som om ikkje kaoset var nok, så legg han [Trump] til eit lag med veldig synleg korrupsjon!» [7].
Uansett kva senator Warren – som også var professor i økonomi ved Harvard tidlegare, måtte meine, så er det som skjer verken korrupsjon eller eit ønske om å berike seg sjølv på bekostning av dei fattigaste. Det er ein krig. Ikkje ein krig mellom USA og Kina, men mellom to typar kapitalisme i global skala: produsentane mot montørane [8].
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: KI-generert
[1] “Donald Trump’s Projects (1/2)”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 April 2025.
[2] “Donald Trump, an Andrew Jackson 2.0?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 19 November 2024.
[3] « Zéro taxes au prix de zéro souveraineté ! », par Manlio Dinucci , Traduction M.-A., Réseau Voltaire, 19 avril 2025.
[4] «Trump Administration Advances First Wave of Critical Mineral Production Projects», White House, April 18, 2025.
[5] «Peter Navarro says U.S. ‘has no defense other than tariffs’: Full interview», Meet the Press, NBC, April 13, 2025.
[6] «Warren explains why she called on the SEC to investigate Trump», State of the Union, (CNN), April 13, 2025.
[7] “3273 Howard Lutnick and Peter Navarro Assure the First World Trade War Is Going as Planned”, Voltaire, International Newsletter – N°129, 18 April 2025.
[8] « La guerre des milliardaires », par Manlio Dinucci , Traduction M.-A., Réseau Voltaire, 14 avril 2025.Les artikkelen direkte på derimot.no