Derimot: Trump bøyer av. Kina tar første stikk. – Derimot

derimot.no:

Iran/USA-scenario 2 spelar seg ut – ballen er no på Trump sin banehalvdel, og Trump blinkar først i oppgjeret med Kina

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Det verkar som det andre scenariet eg skissa opp i min førre artikkel om forhandlingane mellom USA og Iran — What to Expect from the US/Iran Negotiation in Oman — er vinnaren. Men ikkje sprett champagne-korkane riktig enno. Avtalen mellom dei iranske og US-amerikanske forhandlarane, dvs. Irans utanriksminister Abbas Araghchi og kompisen til Trump, Steve Witkoff, om å møtast laurdag om ei veke, er svært godt nytt. Til skilnad frå Witkoffs avslag på å forhandle direkte med Hamas, enda dagens «indirekte» forhandlingssesjon med direkte kontakt mellom Araghchi og Witkoff. Personleg kjemi er viktig.

La oss ikkje gløyme at Araghchi var i Moskva tidlegare denne veka og koordinerte og diskuterte Iran sine forslag med motpartane frå Russland og Kina. Eg er sikker på at russarane og kinesarane spelte ei rolle i å overtale Iran til å tilby USA eit forslag dei meinte kunne vere akseptabelt for Witkoff, eller i det minste vere eit grunnlag for vidare diskusjonar.

Witkoff si oppgåve er vanskeleg. Sjølv om han har Trump si støtte, vil Iran sitt forslag truleg gjere den sionistiske klikken rundt Trump rasande – dvs. Michael Waltz, Marco Rubio og CIA-direktør John Ratcliffe. The GrayZones Max Blumenthal rapporterer at AIPAC reknar dei tre som pålitelege lakeiar:

Under eit panel bak stengde dører skildra AIPACs administrerande direktør korleis organisasjonen hans fjeska med Trumps topptenestemenn innan nasjonale sikkerheit, og korleis gruppas «tilgang» sikrar at dei kan halde fram med å følge agendaen til Israel.

The Grayzone har fått tak i lydopptak av ein sesjon bak stengde dører av 2025s Congressional Summit of AIPAC, den viktigaste US-amerikanske lobby-armen til staten Israel. Ein deltakar på paneldebatten gjorde lydopptaket der AIPACs nye CEO, Elliott Brandt, skildra korleis organisasjonen har kultivert innflytelsen sin på tre topptenestemenn innan nasjonal sikkerheit i Trump-administrasjonen – utanriksminister Marco Rubio, National Security-direktør Mike Waltz, og CIA-direktør John Ratcliffe – og korleis dei meiner dei kan få «tilgang» til desses interne diskusjonar. . . .

Refererande til Trumps utanriksminister Marco Rubio, hans direktør for den nasjonale sikkerheita Mike Waltz og Elise Stefanik, som brått fekk trekt tilbake nominasjonen sin til FN-ambassadør for USA for å berge Republikanarane sin majoritet i Representanthuset, forklarte Brandt til AIPAC-medlemmane: «Dei tre har noko til felles: dei har alle tenestegjort i Kongressen.»

Etter å ha mottatt svære bidrag frå pro-Israel-donorar til å drive valkampane sine, «har dei alle relasjonar med sentrale AIPAC-leiarar frå sine krinsar,» sa AIPAC-sjefen. «Så kommunikasjonslinjene er gode, om det skulle skje noko tvilsamt eller merkverdig og vi treng tilgang til samtalen.»

Trump vil kome under enormt press om å legge fleire vilkår til forslaget som no er på bordet – eliminering av Iran sitt kjernefysiske program, eliminering av Iran sine missiles og/eller stopp av all støtte til Hamas, Hizbollah og Houthiane. Viss sionist-gjengen greier å klubbe ned Witkoff som ein selunge, og Witkoff må returnere til Oman med eitt eller fleire av desse «nye» vilkåra, så vil iranarane forlate forhandlingsbordet, og sjansen til å hindre krig vil dunste bort.

Trump held no presidentskapets suksess eller fiasko i sine eigne hender. Dersom han går god for Witkoff-avtalen, vil han pådra seg fiendskap med sionist-klikken, men han vil ha ein truverdig avtale som truleg vil markere slutten på Irans interesse av å bygge eit atomvåpen. Trump vil ha JD Vance og Tulsi Gabbard på si side, saman med sonen Don Jr., og støtte frå venner som Tucker Carlson og Elon Musk.

Witkoff er allereie blitt eit angrepsmål frå visse, ikkje namngitte, Republikanarar for sine forhandlingar med Russland:

Witkoff, ein gamal venn av Trump som har hjelpt presidenten å sikre viktige diplomatiske sigrar, har samla litt støtte frå Ukraina-skeptikarane i Det republikanske partiet, men forslaga hans har fyrt opp raseri blant andre Republikanarar, som meiner administrasjonen har blitt altfor Moskva-vennlege.

Nokre Republikanarar på Capitol Hill [Kongress-bygget, mrk.] var så uroa over Witkoff si tilsynelatande pro-Russland-innstilling i Carlson-intervjuet at fleire ringde rådgivaren for den nasjonale sikkerheita, Mike Waltz, og utanriksminister Marco Rubio etterpå for å klage, ifølge ein person som kjenner til samtalane.

Etter at han har orientert Trump om samtalane sine med den iranske delegasjonen, kan du vedde på at detaljane kjem til å bli raskt lekka til kvar pro-Israel-galning i Kongressen, og protest-hyla vil bryte ut.

Mens Donald Trump er travelt opptatt med å late som han framleis er ei mektig, ustoppeleg politisk kraft, er sanninga den at velgarbasen hans byrjar sprekke opp, og Trump blir nøydd til å gå tilbake på visse sentrale tollsatsar han har lagt på Kina. I eit klassisk Washington-politisk trekk, venta Trump til fredags kveld med å vifte med det kvite flagget, då han kapitulerte overfor Kina om ein kritisk teknologi. Ifølge Wall Street Journal:

Smarttelefonar, laptop-datamaskiner, minnebrikker og annan elektronikk vil vil få unntak frå president Trumps 

såkalla gjensidige tollsatsar, eit nytt tilbakesteg som kan lette noko av konsumentanes 

bekymringar for eit umiddelbart prishopp for teknologiprodukt importerte frå Kina.

Nye retningslinjer publiserte seint på fredag av U.S. Customs and Border Protection gir også unntak for maskiner som blir brukte til å skape halvleiarar, pluss slike produkt som dataskjermar, nettbrett, Apple-klokker og datamaskiner frå tollsatsane som Trump innførte med sin 

eksekutivordre 2. april, som påla avgifter på 10% av verdien til nesten alle importvarer til USA, og sette høgare satsar for visse land.

Dette blir ikkje siste gong Trump reverserer sine drakoniske tollsatsar. Ein kan vente seg å få høyre om fleirefall på kveldsnyheitene i vekene som kjem.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebildet er KI-generert

https://sonar21.com/iran-us-scenario-2-in-play-ball-is-now-in-trumps-court-and-trump-blinks-first-in-china-showdown/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar