Derimot: Til tross for voldsomt israelsk press: Pattens FN-rapport kan ikke bekrefte systematisk seksualisert vold fra Hamas. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Denne lange rapporten er for spesielt interesserte, men i den propagandakrigen som nå pågår rundt krigen på Gaza er det viktig å skille propaganda og fakta. Den FN-rapporten som Israel klamrer seg til (av Pramila Patten), kan ikke bekrefte systematisert seksualisert vold fra Hamas side. Den andre og offisielle FN-etterforskningen av Navi Pillay har Israel nektet å samarbeide med. Bare det sier sitt.

Når en undersøker Pattens rapport er den full av mangler og svakheter, noe som også er del av krigen om informasjon som pågår hele tiden.

Det pågår altså hele tiden parallelt med Gazakrigens bomber og kuler en intens krig om informasjon og troverdighet, noe denne lange rapporten forteller om og er et uttrykk for. Selv om rapporten er lang er den viktig for alle som vil sette seg inn i denne delen av krigen på Gaza.

Knut Lindtner
Redaktør

Pramila Patten sin FN-rapport om seksuell vald den 7. oktober – Det den eigentleg seier

FN-rapporten om seksuell vald den 7. oktober fann ingen bevis for systematisk valdtekt gjort av Hamas eller noka anna palestinsk gruppe, sjølv om media rapporterer om det motsette. Men det finst djupare problem med truverdet til rapporten.

av FEMINIST SOLIDARITY NETWORK FOR PALESTINE  11. MARS, 2024

Over dei siste fire månadane har ein samstemd propaganda-kampanje, sett ihop av den israelske regjeringa og forsterka gjennom ymse Vestlege mediekanalar, anklaga Hamas for å bruke valdtekt som krigsvåpen den 7. oktober. Påstandar om at Hamas planla og gjennomførte ein systematisk kampanje med seksuell vald (med alt frå groteske til fetisjistiske og bisarre gjerningar) har blitt brukt til å framstille den palestinske resistansen som inhuman og til å rettferdiggjere folkemordet som Israel er i gang med i Gaza.

Nyleg har det brote inn i hovudstraumen analysar som demonstrerer den  misvisande naturen til desse påstandane –  fabrikasjonane, fakta- feil, og journalistisk feilpraksis, dei utruverdige vitna og og vitnemåla frå dei som kom først til staden, det israelske militærets nære band til sentrale kjelder, så vel som fråveret av rettsmedisinske bevis eller video-/bilde-bevis.

Pramila Patten

Den 4. mars leverte FNs spesialrepresentant for seksuell vald i konfliktar, Pramila Patten, ein rapport basert på eit besøk til Israel og den okkuperte Vestbreidda mellom 29. januar og 14. februar for å «samle, analysere og verifisere påstandar om konflikt-relatert seksuell vald som skal ha blitt utført under dei brutale, Hamas-leidde terrorangrepa den 7. oktober 2023.» Rapporten, som i detalj skildrar funna under Pattens besøk, har dukka opp på eit kritisk tidspunkt. Eit tidspunkt når Israels narrativ om at Hamas utførte systematisk, seksuell vald den 7. oktober var i ferd med å smuldre opp, og mediekanalane som spann dette narrativet er i krysselden, blir rapporten breitt innvarsla som eit forsvar for begge.

Analysen vår viser at dette ikkje er sant. Rapporten når faktisk ikkje fram til mange av dei konklusjonane den får kreditt for i Vestlege medium, og fleire av funna underminerer det israelske narrativet. Når vi peikar ut desse, noterer vi oss at rapporten inneheld alvorlege avgrensingar og fallgruver for truverdet. Det er viktig at vi forstår korfor ein ikkje kan stole på rapporten, for den har gitt nytt liv til syklusen av massevaldtektspropaganda som blir brukt til å rettferdiggjere Israel sitt folkemord i Gaza.

Mangelen på etterforsking og problema med Pattens metodologi

Pattens kontor har verken middel eller mandat til å etterforske kva som skjedde den 7. oktober, og funna deira oppfyller ikkje dei juridiske standardane for «bevis». Office of the Special Representative on Sexual Violence in Conflict eksisterer for å «samle informasjon» og engasjere seg i «forsvar».

Ironisk nok var det truleg dette fråveret av evne eller makt til å etterforske som fekk Israel til å utvide ein invitasjon til Patten. Dette trass i at Israel nekta å samarbeide med den offisielle FN-etterforskinga. Patten har ikkje lagt skjul på det faktum at «det viktigaste» for ho då ho skreiv rapporten, var å «gjere alt for dei gjenverande gislane», men det var hennar medgjerlegheit og villa ignoranse når det gjeld å ikkje undersøke samanhengane i det som skjedde den 7. oktober – før og etter denne dagen, kontekstmessig og historisk – som gjer at oppdraget hennar blir så nyttig for Israel. Ikkje rart at Pattens misjon naut «fullt samarbeid» frå Israels regjering (Para 32), når dei på førehand visste at oppgraget ikkje kunne – eller ville, dessutan – grave for djupt.

Navi Pillay

Då ho sleppte oppdragsrapporten, argumenterte Patten med alle konklusive funn på seksualisert vald den 7. oktober ville kreve ei offisiell FN-gransking [1] [2]. Men det er akkurat denne FN-granskinga, leia av Navi Pillay og allereie på gang, som den israelske regjeringa gjentatte gongar har blokkert. Den 15. januar, til dømes, instruerte Israel legar som hadde behandla overlevande om å ikkje samarbeide med FN-etterforskarane. Pattens rapport siterer sjølv «mangelen på samarbeid frå Staten Israels side med relevante FN-organ som har etterforskingsmandat.» (Para 55) Likevel, på villeiande måte, stiller Israel fram Pattens rapport som FNs godkjenning av påstanden deira om at Hamas dreiv med systematisk seksuell vald den 7. oktober.

For å vise kor lett det er å supplere seg med arbeidet til Pattens kontor, treng vi berre spørje kva som er «truverdig informasjon» i rapportens kontekst. Under debrifinga hennar til journalistar, hevda Patten gjentatte gongar at rapporten følgde «FN-metodologi». Men nærare ettersyn avslører at når gjeldande bevisstandard som blir brukt av FNs etterforskingsorgan – «rimeleg grunn til å tru» – blir overført til ei setting der ei etterforsking ikkje er mogleg, då kan informasjon lett bli forvrengd og brukt som eit våpen (Para 26). Intervju med ikkje namngitte, sekundære vitne utgjer nokre av hovudkjeldene til «truverdig informasjon» i rapporten, men inklusjonen av dei i rapporten er basert på FN-oppdrag-teamets «eiga vurdering av truverdet og pålitelegheita til vitna» (Para 26). 

Med andre ord blir vi bedne om å stole på Patten si dømmekraft og ta rapporten hennar for det den er verdt. Slik tillit hadde vore meir imøtekomande dersom rapporten hadde inkludert i det minste nokre henvisningar eller referansar som forklarte kjeldene den sette sin lit til for sin «truverdige informasjon». Sjølv om vi forstår at ein treng anonymisere «sensitiv informasjon» når ein handterer vitneutsegner (para 31), så går dette over streken til fordunkling når informasjonen det gjeld kjem frå israelske nasjonale institusjonar eller sivilsamfunnsorganisasjonar; publikasjonar blir ikkje siterte, og heller ikkje er det identifisert nokon offisiell statstenestemann eller nokon førstehjelpsarbeidar (sjølv om dei allereie har uttalt seg offentleg). 

Til dømes veit vi at Patten snakka med ZAKA-menn (ZAKA er frivillige beredskapsteam i Israel, red.) som Yossi Landau (som ho sjølv innrømde på pressekonferansen). Landau har vore ein sentral figur ved spreiinga av falske historier rundt den 7. oktober, historier som alle no er diskrediterte. Medan Pattens rapport avliver éi falsk historie om «ei gravid kvinne [i Be’eri-kibbutzen]  som skulle ha fått magen sin riven opp før ho vart drept, og fosteret hennar knivstukke medan det framleis var inni ho» (para 65), ei historie som vi kan spore tilbake til Landau, så gjentar rapporten samtidig andre påstandar som Landau har kome med offentleg, men som rapporten ikkje stiller spørsmål ved. Til dømes godtar rapporten dei grunnane som Landau gav til New York Times for korfor dei frivillige søk- og redningsmannskapa berre tok «eit avgrensa antal bilde» – nemleg på grunn av deira «konservative religiøse bakgrunn» og av «respekt for dei avlidne» (para 46) — alt utan å i det heile tatt nemne Landau med namn.

Å formidle dette som generisk informasjon, utan kjelder eller attribusjon, gir informasjonen ei kjensle av «objektivitet» og «upartiskheit». Denne mangelen på transparens gjer det umogleg å vege og vurdere informasjonen vi mottar i rapporten.

Det er også problematisk sidan det vesle talet på eksisterande vitne til denne påståtte seksuelle valden allereie i stor utstrekning har blitt diskrediterte. Fleire har blitt avslørt i eksplisitte løgner i vitnemåla sine, majoriteten av dei har direkte eller indirekte tilknytning til det israelske militæret, alle nøkkelvitna har endra vitnemåla sine signifikant nok til å underminere truverdet sitt, og fleire tilhøyrer den konservative sionistiske organisasjonen ZAKA, som ifølge talspersonen Yehuda Meshi-Zahav ser på seg sjølv som «ei grein av utanriksdepartementet».

Vi veit allereie at teamet til Patten ikkje møtte ein einaste overlevar av seksuell vald frå 7. oktober, trass i at dei gjekk ut offentleg og oppfordra offera til å melde seg (para 48). Med mindre Patten, med få kontaktar på staden og stilt i møte med det ho sjølv refererte til som «ekstremt avgrensa tilgang på offer/overlevande og vitne til seksuell vald», på ein eller annan måte greidde å trylle fram ei heilt ny gruppe av vitne under ein periode på to veker, lyt vi anta at «dei truverdige vitna» til Patten kjem frå denne allereie diskrediterte poolen. Det er derfor svært usannsynleg at dei skulle vere truverdige i det heile tatt.

FNs spesielrepresentant Patten i møte med kapt. Avigal Bar Asher. (Foto: Israels utenriksdpt.)

Fråveret av henvisning til kjeldemateriell er endå meir problematisk, på grunn av opphavet til mykje av informasjonen i rapporten. Rapporten sjølv slår fast at oppdregsteamet var avgrensa av det faktum at informasjonen dei sette sin lit til «til stor del kom frå israelske nasjonale institusjonar» (Para 55). Desse inkluderte: «presidenten for Israel og førstedama, relevante departement … Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF), det israelske sikkerheitsbyrået Shin Bet, og det israelske nasjonale politiet som hadde ansvaret med etterforskinga av angrepa den 7. oktober (Lahav 433); [og] fleire arbeidsbesøk til militærbasen Shura, likhuset som offera sine kroppar vart overførte til, så vel som eitt besøk til Israels nasjonale senter for rettsmedisin» (para 33). 

I alt «gjennomførte teamet 33 møte med representantar for israelske nasjonale institusjonar» (para 33). Å la slik informasjon vere generisk og kommunisere den i ein passiv tone som viskar ut kjeldene, gir ein illusjon av «objektivitet», sjølv om rapporten er og blir sterkt avhengig av israelske kjelder. Av den grunn er rapporten ikkje berre lytelfull, men også farleg.

Patten innrømde i pressedebrifinga den 4. mars at «til skilnad frå ei etterforskning … såg vi på seksuell vald stort sett i eit vakuum» (Minutt 20:36, vår utheving). Denne lausrivinga frå samanhengen tillet at ein kan late som at historier om massevaldtekt den 7. oktober ikkje har spelt ei stor rolle for rettferdiggjeringa av folkemordet i Gaza. På same måten fungerte det at dei delegitimerte to breitt spreidde påståtte tilfelle av seksuell vald (som begge hadde blitt grundig avslørt som løgn lenge før denne rapporten kom ut) i rapporten som ei validering av truverdevurderingane gjort i resten av rapporten, og gjere kritikarar til skamme [3]. Rapporten kan såleis sjå ut til å vere i samsvar med «prinsippa uavhengigheit, upartiskheit, objektivitet, transparens, integritet» (Para 30), sjølv om den presenterer eit einsidig bilde av 7. oktober.

Patten hevdar at ho skjøner risikoen for at rapporten hennar kan bli gjenstand for (mis)bruk. Med tanke på dette, kan vi lure på korfor ho tok imot invitasjonen til Israel, når ho visste at israelarane nekta tilgang for FNs etterforskningskommisjon (UN Commission of Inquiry), det organet som faktisk har fullmakt til å utføre ordentleg etterforskning. Som vi viser i analysen vår av korleis Pattens rapport vart tatt opp i Vestlege medium, har rapporten allereie blitt henvist til som ei offisiell FN-godkjenning av Israels påstandar, og brukt til å blåse nytt liv i massevaldtektspropagandaen, akkurat når den propagandaen hadde blitt offentleg avslørt. Dette gjer eigentleg Patten til ein villig medskuldig i Israels folkemord i Gaza.

Utgreiing av massevaldtektsnarrativet

Trass eigen medverknad i narrativet til Israel, underminerer rapporten til Patten fleire av narrativets fundamentale dogmer. Massemedia i Vesten engasjerer seg no i ein organisert kampanje for å ignorere dette, der dei framstiller rapporten som eit forsvar for påstandane om at Hamas utførte systematiske valdtekter den 7. oktober. Faktisk kjem rapporten eksplisitt ikkje til den konklusjonen. Her kjem ei liste over fleire av funna i rapporten, med forklaring på korleis og korfor den underminerer Israel sitt narrativ.

FN-rapporten finn ikkje noko ‘mønster’ av seksuell vald den 7. oktober

Dette var den sentrale påstanden til Jeffrey Gettleman, Anat Schwartz og Adam Sella i deira no grundig diskrediterte artikkel, “‘Screams Without Words’: How Hamas Weaponized Sexual Violence on Oct. 7,” som argumenterte for at Hamas-krigarane ikkje utførte isolerte tilfelle av valdtekt, men tvert imot var engasjerte i «eit breiare mønster av kjønnsbasert vald,» der dei brukte valdtekt som våpen i krig. Men då, 52 minutt inn i Pattens pressekonferanse den 4. mars, Farnaz Fassihi frå Times spør, «Vil du seie at du fann eit mønster av seksuell vald som var ein Hamas-strategi, både under angrepa den 7. oktober og i forhold til gislane?» Patten svarer definitivt nektande.

Seinare på pressekonferansen, då ho får spørsmål frå  Haaretz-journalisten Liza Rozovsky: «Har eg rett i at du ikkje kan konkludere med at den seksuelle valden hadde ein systematisk karakter?» Patten gjentar svaret sitt, slår fast: «Nei … den åtskillande faktoren frå øvinga vi sette oss føre å gjere, innsamling og verifisering av informasjon med hensikt å inkludere den i årsrapporten til generalsekretæren, versus ei etterforsking, det er der ein vil … gå inn i elementa av ‘omfattande’ eller ‘systematisk’. Vi gjekk ikkje inn på det.» (Minutt 57:53)

Pattens rapport kunne verken «etablere utbreidd bruk av seksuell vald» (para 86), eller «trekke konklusjonar om attribuering av påståtte brotsverk til spesifikke væpna grupper.» (para 78) Seinare i 4. mars-debrifinga gjentar Patten dette når ho forklarer:

«Eg går ikkje inn på alminneleg bruk. Eg har ikkje tal i rapporten, for for min del er éi sak meir enn nok. Det handlar ikkje om … eg drog ikkje på noka bokføringsøving. Det første brevet eg mottok frå Israels regjering, snakka om hundretals, om ikkje tusentals, tilfelle av brutal seksuell vald mot menn, kvinner og barn. Eg har ikkje funne noko, noko av denslags.» (utheving lagt til)

Her er det verdt å avklare at ‘allminneleg førekomst’ ikkje er innanfor mandatet til FN-misjonen, medan å finne mønster er det. , it is worth clarifying that while prevalence is not within the scope of the work of the mission, finding patterns is. Det vil seie at «mandatet til SRSG-SVC femner om innsamling, analyse og verifisering av eksisterande, så vel som uavhengig mottatt informasjon om tilfelle og mønster av konfliktrelatert seksuell vald» (para 25).

Rapporten kan ikke bekrefte et mønster av seksuell vold.

At det ikkje var noko funn av eit mønster for seksuell vald den 7. oktober, er såleis viktig. Dette kjem trass i tydeleg skeivfordelingsfeil i kjeldegrunnlaget («frå israelske nasjonale institusjonar») som rapporten lir av. Sjølv ved den mykje lågare standarden for «truverdig informasjon» (under bevis, men over indisium), Patten er under debrifinga tydeleg på at dei ikkje hadde nokre funn som tyda på eit mønster av seksuell vald.

Faktisk hevdar ikkje FN-rapporten meir enn «truverdig informasjon» for ueinsarta einskildhendingar. Kanskje for å kompensere for fråveret av eit mønster, distribuerer rapporten informasjon om valdtekt og gjengvaldtekt til fleire ulike lokasjonar. Den listar opp «minst tre» åtskilde lokasjonar der det etter deira skjøn finst truverdig informasjon om at seksuell vald har funne stad: «Musikkfestivalen Nova og omliggande område»; «veg 232 og andre ‘fluktruter’»; og Kibbutz Re’im. Dette mangfaldet av lokasjonar er villeiande. Ved nærare ettersyn viser det seg at minst to av dei ikkje kan skillast frå kvarandre: musikkfestivalen Nova fann stad på ei eng med grense til route 232, så å late som at festivalen «og omliggande område» ikkje allereie inkluderer route 232, er eit taskenspelarknep som medfører nokre av rapportens verste sjølvmotseiingar. I rapporten blir vi fortalde:

«Andre truverdige kjelder på musikkfestivalen Nova skildra at dei såg fleire myrda individ, for det meste kvinner, med kroppane nakne frå midja og ned, nokre heilt nakne, med nokre skot i hovudet og/eller bundne, inkludert med hendene bundne bak på ryggen og tjora fast til strukturar som tre eller pålar.» (Para 58, vår utheving)

Men synopsisen plasserer desse kroppane som er «bundne til strukturar som tre og pålar, langsmed Veg 232.» (para 13) Denne feilen er avslørande sidan den gir inntrykk av fleire vitnemål og ein repetisjon av indisium på seksuell vald, når dei i røynda skildrar same tilfelle. Med andre ord går rapportens konklusjonar utover, og inflaterer, sjølv det minimale som rapporten kan gjere krav på utifrå den såkalla truverdige informasjonen den har samla.

Vidare er nesten alle tilfella av seksuell vald som rapporten dekker allereie kjende for oss frå tidlegare rapportar og medieartiklar, til dømes New York Times, manifestet frå  Physicians for Human Rights Israel , den nyare rapporten til Association of Rape Crisis Centers in Israel, eller ein bunke andre kanalar. Der er berre eitt nytt tilfelle av valdtekt som FN-rapporten prøver å legge til den allereie svært avgrensa lista over påståtte tilfelle som har sirkulert i det offentlege domenet heilt sidan massevaldtektspropagandaen starta for alvor i november. Dette tilfellet er på den tredje lokasjonen, Kibbutz Re’im (2 km sølrvest for musikkfestivalplassen). Det er skildra som «valdtekten av ei kvinne utanfor eit tilfluktsrom ved inngangen til Re’im-kibbutzen, som vart stadfesta av vitneutsegner og digitalt materiell.» (para 61) Det er nesten utelukkande på grunnlag av dette tilfellet at rapporten vurderer at det finst «rimeleg grunn til å tru at seksuell vald skjedde i kibbutz Re’im, inkludert valdtekt.” (para 61)

Men skildringa «utanfor eit tilfluktsrom ved inngangen til Re’im-kibbutzen» er misvisande, fordi dette tilfluktsrommet ligg utanfor kibbutzen, på Route 232 Medan dette tilfellet er klassifisert i FN-rapporten under overskrifta «kibbutz Re’im», kunne det like gjerne ha vore klassifisert under «veg 232»; for det er faktisk ein del av det omkringliggande området til Nova-festivalen. Grunnen til at dette er viktig, er at dette er det einaste tilfellet av antatt truverdig informasjon om valdtekt i ein kibbutz. Så langt har, i alle rapportane og mediehistoriene, svært få påståtte valdtektar blitt lokaliserte til kibbutzar, og samtlege av dei har blitt avslørte. FN-rapporten sjølv vurderer andre påstandar om seksuell vald i kibbutzar til å enten vere uverifiserte (kibbutz Kfar Aza) eller grunnlause (tre påstandar i kibbutz Be’eri, som er den einaste kibbutzen FN-oppdragsteamet besøkte).

Sidan Hamas ikkje visste om at musikkfestivalen Nova fann stad på enga rett ved Re’im den 7. oktober (rave-festen skulle etter planen ende den 6. oktober), .. viss dei hadde planlagt å bruke valdtekt eller seksuell vald som krigsvåpen mot sivile, så ville dei ha sikta seg inn mot kibbutzar. Men vi har ikkje fått presentert truverdig informasjon om seksuell vald ved nokon kibbutz. [4]

FN-rapporten har ikkje endra det. Dette kastar vidare tvil rundt påstandane om at den palestinske resistansen dreiv med systematisk valdtekt den 7. oktober.

Rapporten attribuerer inga seksuell valdsakt til Hamas eller andre palestinske motstandsgrupper

Trass i at Israels president Isaac Herzogs triumferande erklærte at rapporten «dokumenterer med moralsk klarheit og integritet dei systematiske, overlagte og pågåande seksuelle brotsverka til Hamas-terroristar mot israelske kvinner,» finn ikkje rapporten eksplisitt at spesielt Hamas gjorde noko brotsverk. På pressekonferansen forklarer Patten at: 

«Med omsyn til dei mange aktørane, var det Hamas, det var Palestinsk islamsk Jihad, der var andre væpna grupper, der var sivile, væpna og uvæpna; eg gjekk ikkje inn på attribusjon med tanke på tida og det faktum at eg ikkje dreiv ei etterforskning.»

Oppdragsrapporten sjølv seier at Hamas formelt har nekta for skuldingane om at dei valdtok nokon den 7. oktober. Og den gjentar at den ikkje finn noka gruppe som har ansvaret for dei moglege tilfella av seksuell vald:

«Sidan det ikkje var eit etterforskningsoppdrag, vart det ikkje samla informasjon og/eller trekt konklusjonar om attribusjon av påstått the mission was not investigative, it did not gather information and/or draw conclusions on attribution av påståtte overgrep til spesifikke væpna grupper.» (Para 78)

Ulike nyheitsmedieoverskrifter haar vald å ignorere dette, t.d. CBS News som rapporterte at «FN seier det er ‘rimeleg grunn til å tru’ at Hamas utførte seksuelle angrep den 7. okt.» og Associated Press og Time at «FN-utsending seier det er ‘rimeleg grunn til å tru’ at Hamas utførte seksuelle angrep den 7. okt.» Overskrifter som hevdar at rapporten til Patten attribuerte seksuell vald til Hamas, dukka og opp i  The GuardianThe Financial Times, og The Washington Post

Rapporten lokaliserer ikkje eit einaste audiovisuelt eller fotografisk bevis som stadfester valdtekt

Dette er sjølv om ein rettsmedisinar og digital analytikar i FN-teamet såg igjennom: 

«over 5000 fotografi, ca. 50 timar filmopptak av og mange lydfiler av angrepa, delvis leverte av ulike statsbyrå og gjennom ei uavhengig vurdering av ulike opne kjelder på nettet, til å identifisere potensielle tilfelle og indikasjonar på konfliktrelatert seksuell vald. Innhaldet omfatta dei faktiske angrepa og tida rett etter, filma med militæres kroppskamera og dashbordkamera, personlege mobiltelefonar, overvakingskamera og trafikkovervakingskamera.» (Para 34)

I rapportens konklusjonsdel skriv Patten at «I den rettsmedisinske vurderinga av tilgjengelege fotografi og videoar, kunne det ikkje identifiserast nokre konkrete indikasjonar på valdtekt.» (Para 74)

Vidare legg rapporten til i ein fotnote at: 

«Oppdragsteamet noterte seg påstandane til dei israelske styresmaktene om at noko av det belastande online-materialet, inkludert det som spesielt viser seksuelle valdsgjerningar, hadde blitt fjerna … oppdragsteamets meiner at dersom tydelege digitale bevis for seksuell vald eller ordrar om å utføre seksuell vald hadde blitt sirkulerte i mainstream, så ville det truleg ha blitt oppdaga, med tanke på mangda av informasjon som blir lagt ut på internett og vidareformidla, noko som gjer det usannsynleg at alle spor av slikt materiale skulle vere fjerna.» (Para 77)

Rapporten stadfester at vitne spreidde falske historier om seksuell vald den 7. oktober

I ei stadfesting av det som uavhengige journalistar og aktivistar har vist i fleire månadar no, skildra rapporten grundig manipuleringa av bevis og vitnemål. Den slo fast at:

«Det må seiast at vitne og kjelder som oppdragsteamet hadde kontakt med, over tid tok ei meir varsam og omtenksam tilnærming til tidlegare forklaringar, inkludert nokre tilfelle der dei trekte tilbake det dei før hadde sagt.» (Para 64)

Og:  

«unøyaktige og upålitelege polemiske tolkingar gjort av visse ikkje-profesjonelle, representerte óg ei utfordring.»” (Para 10)

Slik unøyaktig tolkning inkluderte breitt spreidde rapportar (trykte på nytt av BBCNBC NewsThe New York PostUnherd, og andre) om at ei kvinne hadde blitt funnen i Kibbutz Be’eri med «objekt som likna knivar stukke inn i genitalia.» Men då oppdragsteamet vurderte bilda, «fann dei ingenting av den sorten.» (Minutt 55:10)

I pressekonferansen sin hintar Patten om at dei feilaktige tolkningane til til utrykningspersonellet kan ha vore med hensikt: «Dei har kanskje ikkje vore i dårleg tru, eg veit ikkje, men det er eit faktum at vi fann mange tilfelle av upålitelege, unøyaktige polemiske tolkningar frå utrente folk.»” (Minutt 56:20)

Allusjonar til «utrente folk» eller utrykningspersonell refererer nesten sikkert til ZAKA, ein ultra-ortodoks konservativ religiøs organisasjon som fungerte som utrykningspersonell som kom først til staden den 7. oktober. Mondoweiss har allereie omfattande dokumentert organisasjonens upålitelegheit og medverknad til fabrikasjon av bevis for uhyrlegheiter den 7. oktober. 

Den israelske regjeringa anerkjenner ZAKA som den einaste gruppa ansvarleg for å ha med dødsfall etter «terrorist»-angrep inne i Israel å gjere. Vi har no rikeleg med bevis for at ZAKA-medlemmar, som har eit radikalt religiøst  standpunkt mot obduksjonar og rettsmedisinske prosedyrar, «brukte fantasien sin» til å fabrikere utarbeidde historier om seksuell brutalitet i kjølvatnet av 7. oktober. Pattens rapport peikar på ZAKAs upålitelege praksis, men ignorerer bedageleg ZAKA sine nære band til den israelske regjeringa – organisasjonen mottar pengestøtte frå regjeringa og koordinerer med sentrale departement, samtidig som dei poserer som ein nøytral, frivillig (ikkje-statleg) organisasjon. ZAKA-talsperson Yehuda Meshi-Zahav har hevda at organisasjonen agerer «som ein arm av utanriksdepartementet» og den 23. november, 2023, hadde Benjamin Netanyahu møte med ZAKA -medlemmar og fortalde dei: «De har ei viktig rolle med å påverke folkeopinionen, som også påverkar leiarar. Vi er i ein krig; den vil halde fram.»

Pattens rapport fungerer som ein distraksjon frå folkemord

Trass i kjensgjerningane at Pattens rapport ikkje finn nokon truverdig informasjon som støttar eit valdtektsmønster den 7. oktober, at den ikkje har noko etterforskningsmandat, og at den opprettheld skjerande sprekker i truverde som den ikkje får granska nærare innanfor sitt mandat, har media i Vesten følgd Israels regjerings regi i framstillinga av rapporten som bevis for Israels narrativ om at Hamas utførte systematisk seksuell vald den 7. oktober.

Samtidig ignorerer desse mediegruppene at Israel blankt nektar å samarbeide med den offisielle FN-etterforskninga av skuldingane. Vi må sjå Pattens rapport for det den er: eit forsøk på å gi eit skinn av legitimitet til påstandar som har blitt avsanna, ved å resirkulere anonyme vitneutsegner under dekke av «FN-metodologi» — men utan det etterforskningsmandatet som trengst for å legitimere den metodologien. Patten sin rapport finn ikkje noko mønster av seksuell vald, gir ingen indikasjonar på utbreidd førekomst av noko slikt, og nemner ikkje nokon namn på moglege gjerningsmenn. Dette verkar ikkje bry Patten, som stadig vekk gjentar at ho i si rolle agerer som forkjempar for offer for konfliktrelatert seksuell vald, og ikkje som etterforskar.

Men forkjempar for kven? Til sjuande og sist er eit av dei største problema med denne rapporten at den tener som ein distraksjon — ein distraksjon frå tilstanden til tusentals palestinske menn, kvinner og barn som framleis er offer for verifiserte seksuelle overgrep og tortur i okkupasjonsfengsel; frå lagnaden til dei kvinnene som israelske soldatar tok frå undertøyet og fotograferte seg sjølve i , etter å ha bomba familiane og heimane deira; frå folk som blir tvinga til å identifisere sine søner, ektemenn og fedre i berre undertøyet, seksuelt audmjuka og torturerte.

Den er ein distraksjon frå sjeleangsten til mødre som no blir tvinga til å sjå barna sine svelte i hel; frå skrekken til meir enn 50 000 gravide kvinner i Gaza utan mat, vatn eller helsehjelp, og utan nokon trygg plass å føde; frå smerten til palestinske kvinner som sørgar over dei 30 000 martyrane som allereie er slakta i folkemordet til Israel.

Som feministar seier vi ukueleg nei til bruken av skuldingar om seksuell vald som eit våpen til å rettferdiggjere desse uhyrlegheitene og sluttar oss til feministar rundt om i verda i bøna om at dei som gjentar denne propagandaen må stillast til ansvar for med verknad i – ja, faktisk for å fabrikere samtykke for – folkemord.


Notar

[1] Første og viktigaste rekommandasjon for Pattens rapport er at det finn stad ei etterforskning.. (Para 88).  [2] Dette er ikkje første gong Patten har skjult seg bak sin mangel på etterforskingsfullmakt til å spreie tvilsame påstandar utan bevis. I ok tober 2022, då ho fekk spørsmålet om ho hadde bevis for påstanden sin om at russiske soldatar hadde utført masse-gjengvaldtekt påverka av Viagra (ein påstand som først sirkulerte på nettet), tok Patten det som ei fornærming. «Det er ikkje rolla til mitt kontor å dra og etterforske,»  svara ho kvast, «eg har forkjemparfullmakt … eg sit i New York, in an office in New York, og eg har forkjemparfullmakt.” FNs Menneskerettskontor (UN Office of the High Commissioner for Human Rights, OHCHR), som faktisk har mandat til å etterforske, nemnde ikkje i det heile tatt viagra-påstandane i sin eigen rapport. [3] Ved å avsanne allereie avslørte fabrikasjonar om Kibbutz Be’eri (para 65), diskreditere ZAKA (allereie eit bekvemt mål i Haaretz), og levere alternative tolkningar på postmortem-bilde og -videoar av «destruktiv brannskade», posisjonerer FN-rapporten seg som sjølv-korrigerande, og med det fornyar den massevaldtektsnarrativet i meir truverdig form. [4] Vidare har nokre av dei overlevande i kibbutzane vitna om at dei vart handsama humant av dei palestinske kjemparane som tok dei til fange (som t.d. den mykje siterte Yasmin Porat).


Feminist Solidarity Network for Palestine
Det feministiske solidaritetsnettverket for Palestina er eit internasjonalt kollektiv av anti-imperialistiske, anti-kolonialistiske feminist-akademikarar, advokatar og organisatorar som jobbar mot sionistisk, kolonialistisk settler-propaganda og for eit fritt Palestina.

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar