Derimot: Tidligere russisk president:Vi må skade vesten maksimalt som takk for sanksjonene. – Derimot

Derimot.no
Derimot: Tidligere russisk president:Vi må skade vesten maksimalt som takk for sanksjonene. – Derimot

derimot.no:

Vi vet ikke om det er korrekt eller ikke. Likevel sitter vi med en følelse av at det Medvedev her sier er delt av svært mange i Russland og at det han her fremfører er en uoffisiell advarsel til politikere i vest. Ikke at jeg tror at særlig mange hører etter. De fleste er politisk tonedøve etter massiv antirussisk propaganda i mange år.

Selv ikke det selvsagte som den gamle kinesiske krigsfilosofen Sun Tsu hevder klarer de å ta inn over seg: Det er like viktig å kjenne sin fiende som seg selv! Og når en ikke en gang kjenner seg selv skjer jo det som må skje: I konflikter taes det feile valg og beslutninger hele tiden og en er dømt til å tape.

Det er situasjonen i Nato-zonen og i Norge. Men Medvedevs sine advarsler er det verd å høre på. Men jeg tror han snakker for døve ører. Problemet er naturligvis atomvåpnene som en ikke tør å diskutere offentlig i Norge eller i mange andre land. For i en slik diskusjon vil det kunne vekkes en opinion mot krig og opprustning. Og det må ikke skje, for krig og opprustning er nå det viktigste for Nato og USAs rustningsindustri.

Er Norge klar for krig mot Russland?

Knut Lindtner
Redaktør

HEMN! Medvedev krev maksimal skade som gjengjelding for Vesten sin «regellause krig» mot Moskva

Belle Carter i Natural News melder:

Den tidlegare russiske presidenten og statsministeren Dmitry Medvedev bad 13.juni [2024] om at russarar tok kvart eit høve til å påføre «maksimal skade» på vestlege nasjonar som har erklært ein «krig utan reglar» mot Moskva, der dei har påført stadig hardare sanksjonar mot den eurasiske nasjonen.

«Vi burde kvar dag prøve å gjere so mykje skade som mogleg på dei landa som har påført desse restriksjonane på vårt land og alle våre borgarar. Slå dei der det gjer mest vondt,» skreiv viseleiaren i Russlands tryggleiksråd og president Vladimir Putin sin topp-allierte og forgjengar, på sin Telegram-kanal som har 1,3 millionar følgjarar. «Gjer skade overalt, lam operasjonen til selskapa og dei statlege byråa deira. Finn svake punkt i deira kritiske teknologi og angrip dei utan nåde. Øydelegg deira energi- , industri-, transport-, bank- og sosialtenester.»

Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev er en russisk politiker. Han var Russlands tredje president og tok over etter Vladimir Putin 7. mai 2008. Han ble 7. mai 2012 etterfulgt som president av Vladimir Putin og overtok dagen etter som statsminister. Wikipedia

Han la til at Russland treng å respondere, ikkje berre på styresmaktene og staten, men til alle russarar generelt. «Trass alt har dei – USA og deira rotne allierte – erklært krig mot oss utan reglar!» la Medvedev til.

Reuters rapporterte at diplomatar seier at Medvedev gjev ein smak av hard linje og høgnivå-tenking i Kreml, sjølv om kritikarar av Kiev og Kreml speler ned påverknadskrafta hans, og set han i bås som ein fryktframkallar som har som jobb å få Vesten til å vegre seg mot å iverksetje handlingar knytt til Ukraina. «Er dei redde for at vi skal overføre våpena våre til fiendane av den vestlege verda? Vi burde sende kvar einaste våpentype, bortsett frå atomvåpen (i denne omgang)!» skreiv han òg på sosiale media. «Er dei redde for anarki og kriminalitetsbølgjer i storbyar? Vi burde hjelpe til med å forstyrre deira bystyresmakter!»

Han forsikra om at Russland kan utløyse ein krig i rommet, utføre ein psykologisk krigføringskampanje mot vestlege borgarar slik at dei «skjelv under teppe i sine koselege heimar», og sleppe laus ein tsunami av forteljingar «for å gjere liver deira om til eit endelaust mareritt, der dei ikkje kan skilje røyndom frå den villaste fiksjon». (Relatert: Medvedev åtvarar at kvart eit amerikansk åtak på russiske mål vil bli «byrjinga på verdskrig»).

(Sjå òg «Medvedev åtvarar: Amerikanske åtak på russiske mål kan bli ‘starten på verdskrig’», publisert 28.mai 2024.)

I mellomtida har den siste runden med amerikanske restriksjonar mot russiske organ visstnok valt seg ut som mål energi-, metall-, mine- og finanssektorane. Faktisk har dei tvinga Moskva-aksjebørsen til å setje på vent all handel i amerikanske dollar og euro. Pakken er ein av dei største sidan Ukraina-konflikten eskalerte til open fiendtlegheit i februar 2022, og påverka over 100 millionar dollar i handel mellom Russland og deira utanlandspartnarar, ifølgje eit estimat frå det amerikanske finansdepartementet.

I tillegg, utan å gå i djupare detalj, sa talskvinne i utanriksministeriet Maria Zakharova at Russland «ikkje vil late aggressive handlingar frå USA stå uimotsagde».

I mellomtida trur russiske leiarar at sanksjonane kan verke i favør av nasjonen fordi dei har utvikla ein «immunitet» mot restriksjonar dei siste åra. Enkelte medlemmer av Statsdumaen har føreslege at ytterlegare utanlandske sanksjonar kan gjere den russiske økonomien meir motstandsdyktig og konkurransedyktig. «Vi driv aktivt og utviklar innanlandsindustri og -innovasjonar, som bidreg til moderniseringa av økonomien vår,» sa parlamentsmedlem Dmitry Belik Ria Novosti sist onsdag [19.juni 2024].

«Trass meldinga frå Washington og Brüssel, som seier at dei vil rive i stykke den russiske økonomien, so er landet inni ei vellykka utvikling,» skreiv Statsduma-talar Vyacheslav Volodin på Telegram, der han viste til Russland sitt bruttonasjonalprodukt (BNP), som voks med 3,6% i 2023 og har auka med 5,4% sidan byrjinga av 2024.

Økonom Mikhail Delyagin sa òg at Moskvabørsen sine retningslinjer kan bli reviderte til å takle sanksjonane. «Handelen kan òg flyttast til ei anna plattform,» føreslo han.

Atomtrugsel er ikkje ein bløff: Medvedev

Den russiske senior-tenestemannen har tidlegare åtvara at Moskva ikkje bløffar om sin vilje til å bruke taktiske atomvåpen i Ukraina, og sa at Kiev sine internasjonale «venner» gjer ein «dødeleg feil» dersom dei trur noko anna.

Dette var responsen til president Putin sin senior-tenestemann til rapportar om at vestlege land allereie har tillate Ukraina å bruke USA-forsynte våpen til å råke mål inni Russland. «Den noverande militærkonflikten med Vesten utviklar seg etter verst moglege scenario,» skreiv Medvedev på Telegram. For han utgjer slik aktivitet ikkje militærassistanse til Ukraina, men heller aktiv «deltaking i ein krig mot Russland». Han hevda at slike handlingar «lett kan bli ein casus belli,» ein latinsk frase som tydar ei handling som provoserer fram ein krig.

«Ukraina og deira NATO-allierte vil få ein respons av slik ein destruktiv styrke at sjølve alliansen rett og slett ikkje vil kunne motstå å bli trekt inn i konflikten,» sa Medvedev. Han sa òg at «pensjonerte NATO-fjompar» som hevdar at Russland aldri kjem til å bruke eit taktisk atomvåpen, tidlegare hadde «feilkalkulert» ved å slå fast at Russland «ikkje ville gå inn i ein open militærkonflikt» med Ukraina.

«Trass alt, slik Russlands president korrekt sa, har europeiske land ein svært høg befolkningstettleik,» sa Medvedev, og viste til Putin sine trugslar tidlegare i veka blant rapportar om at europeiske nasjonar vil tillate Kiev å gå til åtak på russisk territorium med våpen dei har forsynt [Kiev] med.

Medvedev sa at er òg er eit «potensial» for Russland å råke fiendtlege land med strategiske våpen. «Dette er, akk!, verken intimidering eller bløff,» sa han. «Der er ei konstant eskalering når det kjem til krafta i NATO-våpen som blir brukt. Difor kan ingen i dag utelukke at konflikten går over i den endelege fasen.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Forsidebilde: Kenny Eliason

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar