Derimot: Tidligere innenriksminister i Japan:De uvaksinerte hadde rett. – Derimot
derimot.no:
Japansk leiar ber om orsaking til uvaksinerte: «De hadde rett, vaksinar drep millionar av dykkar kjære»
Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
Kazuhiro Haraguci, den tidlegare japanske innanriksministeren, har blitt den fyrste framtredande politikaren som ber om orsaking til uvaksinerte for tsunamien av dødsfall blant den vaksinerte befolkninga.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Tidlegare denne veka tok enorme tal japanarar til gatene for å protestere mot brotsverka mot menneskeheita som vart utført av globalist-organisasjonar slik som Verdas helseorganisasjon (WHO) og World Economic Forum (WEF) under pandemien.
Under ein opningstale der leverte Haraguchi ei kraftfull og kjensleladd orsaking om det store talet dødsfall som no skjer som eit resultat av den dødelege mRNA-utrullinga.
Haraguchi byrja med å adressere sorga og tapet følt av familiar som har mist dei som vart tvinga til å ta covid-sprøytene. Med ei djup, ektefølt kjensle gjekk han vidare i orsakingane sine og tok ansvar for at dei som sit med makta har mislykkast. «Eg ber om orsaking til alle dykk. So mange har døydd, og det burde ikkje ha skjedd,» sa han.
The Liberty Beacon rapporterer: Eit av nøkkelpunkta i talen til Haraguchi var kritikken hans om forbod av ivermectin, eit legemiddel utvikla av dr. Satoshi Omura, som han trur kunne ha spelt ei betydeleg rolle i å kjempe mot pandemien. Haraguchi stilte spørsmål ved motiva bak forbodet, og antyda at økonomiske interesser vart prioriterte over folkehelsa. «Kvifor? Fordi dei [legemiddel slik som ivermectin] er billege. Dei ønskjer det ikkje fordi det vil negativt påverke salet deira av vaksinane,» argumenterte han. Denne ytringa fekk folkemengda til å applaudere høglytt, der mange av dei følte at konsernprofitt hadde blitt overordna menneskeliv.
Haraguchi delte deretter ei djupt personleg historie om sine eigne helseproblem. Etter å ha fått vaksinane, utvikla han ein alvorleg sjukdom, spesifikt ei raskt progredierande form for kreft. «På denne tida i fjor hadde eg verken augnebryn eller hår. To av dei tre påståtte vaksine eg fekk, kom frå dødelege parti,» avslørte han. Denne forteljinga om hans kamp med kreft, som inkluderte betydelege fysiske endringar slik som hårtap, trefte ein nerve i publikum. Han fortalde om ein episode der hans sjuklege utsjånad distraherte Diet [den japanske riksdagen; oms.an.], der ein motstandar fokuserte meir på parykken hans enn sakene dei snakka om.
Haraguchi avslørte i tillegg at han ikkje var den einaste medlemmen av den japanske riksdagen som leid av uventa biverknader frå vaksinane. Han nemnde at tre av kollegaene hans hadde blitt alvorleg påverka, der enkelte til og med hadde blitt innlagt på sjukehus. «Dei fell i stykke, somme sjukehusinnlagt. Men dei snakkar ikkje ut om det,» forklarte han. Denne avsløringa understreka eit meir omfattande problem: vegringa eller den manglande evna offentlege personar har til å diskutere sine personlege helseutfordringar ope.
Haraguchi var spesielt lidenskapeleg om forsøka på å stilne dei som stiller spørsmål ved den rådande politikken og handlingane til regjeringa. Han gjenfortalde ein nyleg episode der han fekk forbod mot å snakke på Kanal 3 etter eit intervju med presidenten der. «Her om dagen snakka eg med presidenten i Kanal 3, og eg vart bannlyst. Dei prøver å stoppe stemmene våre,» slo han fast. Dette forsøket på å sensurere avvikande røyster sette søkjelys på ei kritisk bekymring for ytringsfridom og uttrykksfridom. Haraguchi oppmoda publikum om å halde fast på si overtyding, og sa: «Dei prøver å blokkere vår fridom, vår motstand, vår makt. Men vi skal aldri tape.»
I avslutninga på talen kom Haraguchi med eit utvitydig krav om handling. Han oppmoda folket om å stå samla i å utfordre regjeringa og deira tvilsame avgjerder. «Lat oss styrte denne regjeringa,» proklamerte han, og la vekt på behovet for endring og ansvarleggjering. Han bad lovgjevarar halde fram med å kjempe for folks liv og fridom. «Lat oss få det til å skje,» konkluderte han.
Protestane som skjer i skrivande stund (31.mai 2024), som har mål om å trekkje til seg fleire titals tusen deltakarar, markerte ein betydeleg augneblink i den globale diskursen om pandemihandtering og helsepolitikk. Talen til Haraguchi, fylt med personlege anekdotar og sterk kritikk, resonnerte djupt med dei frammøtte.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Forsidebilde: mark tulin