Derimot: Terrorangrepet i Moskva. Det har i mange år vært nære bånd mellom nasjonalistene i Ukraina og islamske fundamentalister. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Moskva-angrepet minner oss om banda mellom islamistane og dei fundamentalistiske nasjonalistane til Kiev

av Thierry Meyssan

Det speler inga rolle om Den islamske staten, IS, planla angrepet på konsertpublikummet i Moskvas Crocus City Hall med eller utan ukrainarane: desse folka er vande med å samarbeide. Dette har gått føre seg i tre kvart hundreår, men er likevel ikkje integrert i det kollektive medvitet: «dei integrerte nasjonalistane» som no har makta i Kiev samarbeider med Det muslimske brorskapet og militsen deira, under tilsyn av dei anglosaksiske hemmelege tenestene. Deira grunnleggande funksjon er å kjempe mot russarane.

Den 22. mars angreip ein kommandostyrke på fire krigarar publikummet på ein rock-konsert i Crocus City Hall i Krasnogorsk (ein nord-austleg forstad til Moskva), drap 133 personar og skadde 140 andre. Deretter sette dei bygget i brann.

Russarane stoppa terroristiane då dei prøvde å krysse grensa til Ukraina, medan dei var venta på den andre sida. Dei vart identifiserte som tadsjikarar. Dei innrømde at dei hadde blitt rekrutterte via Internett til å drepe mot betaling. Dei sa dei ikkje hadde hatt nokon kontakt med oppdragsgivaren sin. Men det vart funne eit visittkort i namnet Dmytro Yarosh på dei. Ettersom Yarosh var grunnleggar av militsen til Pravy Sektor, nummer 2 i Ukrainas Sikkerheitsråd, og deretter rådgivar for sjefen for dei væpna styrkane, så anklaga dei russiske styresmaktene straks ukrainarane. Yarosh nekta for at landet hans var involvert [1]. Sju medskuldige vart også arresterte.

Det russiske anti-terrorpolitiet torturerte desse terroristane og filma handlingane deira. Statleg TV viste det fram og kommenterte det. Den russiske kulturen er både europeisk og asiatisk. Det russiske folket kjenner ingen empati for kriminelle.

IS tok på seg skulda for angrepet, og avviste dermed skuldingar om at det hadde vore ein russisk operasjon under falskt flagg. Desse terroristane var ikkje fanatikarar, men profesjonelle. Dei tende ikkje fyr på seg, men flykta, slik dei som angreip Paris og Saint-Denis gjorde, der 130 personar vart drepne i 2015. Så dei handla ikkje utifrå hat mot Russland, men som ein del av ein militæroperasjon der dei strategiske konsekvensane hadde blitt rekna ut på førehand.

Ifølge talsperson for US National Security Council Adrienne Watson, er IS-terroristar eineansvarlege for dette angrepet. Mange kommentatorar har avvist ei samanblanding av den islamistiske organisasjonen og støttesplerar av Kiev-regimet. Ukrainian president Volodymyr Zelensky anklaga Russland for å angripe Ukraina på refleks. Men Russlands president Vladimir Putin held på skuldingane sine mot Kiev, og ignorerer IS.

Sidan 2014 og styrtinga av den valde presidenten i Ukraina, har vi regelmessig framheva sambandet mellom integrerte nasjonalistar og islamistar, og då spesielt rolla til Dmytro Yarosh. Kjensgjerningnane taler for seg sjølve. Vi veit ikkje om ukrainarane organiserte dette angrepet, men det er tydeleg at dei kjende angriparane svært godt: ukrainske integrerte nasjonalistar og jihadistar har kriga saman side om side i tre kvart hundreår.

• Før Andre verdskrig smidde Det muslimske brorskapet band med nazistane mot britane. Det overraskar ikkje at alle dei anti-kolonialistiske rørslene på den tida (inkludert Indias M.K. Gandhi) naturlegvis vende seg til Aksemaktene i søk etter ein alliert. Dei fleste distanserte seg att så snart dei oppdaga rasimen deira lokalt. Men Brorskapet drog nytte av subsidiar frå Det tredje riket i desse åra  [2] og bevarte banda gjennom krigen. Då, under frigjeringa, dei britiske og amerikanske hemmelege tenestene tok til seg mange nazi-leiarar og brukte dei i Den kalde krigen sin mot sovjetarane, tok dei og over styringa av Det muslimske brorskapet. Det var difor ganske naturleg for CIA å bringe saman Gerhard von Mende, nazi-spesialist på islam i Sovjetunionen, med Saïd Ramadan, svigerson til Brorskapets grunnleggar.

Saïd Ramadan

Ramadan hadde vore vore ansvarleg for eit program på pakistansk statleg radio [3], så CIA plasserte han i München i Radio Free Europe/Radio Liberty. Der var han vert for eit program for sovjetiske muslimar og møtte Stepan Bandera, leiar for Organisasjonen for Ukrainske Nasjonalistar (OUN), og hans høgre hand, Yaroslav Stetsko, Ukrainas tidlegare nazi-statsminister. Det var nettopp desse «Banderistane» (som Kreml kallar «Ukronazistar», medan dei sjølve kallar seg «integrerte nasjonalistar») som gjennomførte 2014-kuppet («Euro-Maidan») mot landets valde president Viktor Yanukovych [4].
• På 1970-talet, deltok den saudiarabiske milliardæren Osama bin Laden på eit møte i World Anti-Communist League organiert av Chiang Kai-Shek og … Yaroslav Stetsko [5]. Osama bin Laden var medlem av Brorskapet og hadde blitt opplært av broren til Sayyid Qutb, Brorskapets strateg og jihad-teoretikar. Det var i denne samanhengen han vart utvald av USA til å bli leiaren for Mujahedin i Afghanistan mot sovjetarane.

Finansieringa av den antisovjetiske krigen i Afghanistan (1982)

Nazistar og islamistar kriga igjen saman mot russarane i opprettinga av Det islamske emiratet Itsjkeria (den andre tsjetsjenske krigen, 1999-2000). Men eg har ikkje funne nokon presis dokumentasjon for engasjementet deira.

Dmytro Yarosh som møteleiar for alliansen av ukrainske «integrerte nasjonalistar» og militsen til Det muslimske brorskapet, 8. mai, 2007 i Ternopol.

• Den 8. mai, 2007, i Ternopol (vest i Ukraina), på initiativ frå CIA, grunnla «dei integrerte nasjonalistane» i Det ukrainske folkets sjølvforsvar og islamistane i Det muslimske brorskapet ein anti-russisk «Anti-imperialistisk front» under det felles leiarskapet til emiren av Itsjkeria, Dokka Umarov, og Dmytro Yarosh (som sidan starta opp att Stepan Banderas Organisasjon for ukrainske nasjonalistar (OUN)). Til stades på møtet var organisasjonar frå Lithauen, Polen, Ukraina og Russland, inkludert islamistiske separatistar frå Krim, Adygea, Dagestan, Ingusjetia, Kabardino-Balkaria, Karatsjaevo-Tsjerkessia, Ossetia og Tsjetsjenia. Dokka Umarov, som på grunn av internasjonale sanksjonar ikkje kunne delta, fekk bidraget sitt opplese [6].

• Frå november 2013 til februar 2014 gjennomførte dei ukrainske integrerte nasjonalistane «Vyrdnadsrevolusjonen», overvaka av Straussianaren Victoria Nuland, den gong Assistant Secretary of State for Eurasian Affairs. Pressa i Vesten hevda at presidentens politi hadde skote inn i folkemengda. Tvert imot slo ein domstol i Kiev seinare fast at uidentifiserte skyttarar på omliggande tak hadde avliva både demonstrantar og politifolk samstundes, ein metode CIA hadde brukt i mange andre land for å trigge pseudo-revolusjonar.

• Leiaren av den islamske ungdomsrørsla Azatlik, russaren Naïl Nabiullin, følgde tradisjonen til Det muslimske brorskapet og drog for å drive jihad mot syriske muslimar. Han returnerte seinare til Ukraina og deltok i kuppet med sine krigarar [7].

• Ifølge New York Times var bataljonane Sheikh Mansour og Djokhar Doudaïev , som hovudsakleg bestod av tsjetsjenarar frå Georgia og Uzbekistan, og Krim-bataljonen, med tartarar som alle hadde kjempa mot muslimar i Syria, engasjerte i Donbass av Kiev sine integrerte nasjonalistar mot russisk-talande folkegrupper [8].

• I august 2015, grunnla tartar-leiaren Mustafa Djemilev Internasjonal Muslimsk Brigade i Ankara (Tyrkia) til å ta Krim tilbake frå Russland. Han vart mottatt av Tyrkias president, Recep Tayyip Erdoğan, som lova å finansiere desse jihadistane [9]. Denne militsen støttar seg på Hizb ut-Tahrir, ein avleggar av Brorskapet. Den sameinar krigarar frå Tatarstan og Tsjetsjenia (Russland), Uzbekistan, Aserbajdsjan og Meskhetia (Georgia). Den hadde sitt hovudkvarter i Kherson, men rolla var avgrensa til sabotasjeaksjonar, der Krim vart avskoren frå drikkevatn og elektrisitet, medan den tartarske befolkninga slutta seg til Moskva.

•Den siste månaden har hundre ukrainske spesialstyrke-soldatar vore utstasjonerte i Sudan til støtte for general Abdel Fattah al-Burhan [10]. Sistnemnde drog til Libya for å møte eks-mufti El-Sadeq el-Gheryani, ein anerkjend leiar for Det muslimske brorskapet. Han sende også kommandosoldatar til å kjempe for seg, side om side med ukrainarane. Det var denne støtta som gjorde at general al-Burham kunne ta tilbake Karthoum den 12. mars, 2024, frå styrkane til rivalen, «general» Mohamed Hamdan Dogolo (kjend som «Hemeti»).

I to tiår har vi dokumentert korleis islamistane har blitt brukte som verkty av dei anglosaksiske etterretningstenestene. Det finst inga anna overbevisande forklaring på 9/11 [11] krigen mot Irak eller «Den arabiske våren» [12]. Denne sanninga blir tung å svelge berre for dei som trur at krigen i Ukraina ikkje er anna enn russisk aggresjon, og at ukrainske «integrerte nasjonalistar» berre kjempar for landet sitt i landet sitt.

Omsatt av Monica Sortland

[1] ««Офіційно заявляю: це не ми»: Ярош спростував причетність українських військових до теракту у Підмосков’ї», Espreso, 23 березня, 2024. [2] National Archives War Office, File 208 (Military Intelligence, Middle East and Egypt), File 502, October 23, 1939, « Note on Wilhelm Stellborgen ». [3] NARA (National Archives and Records Administration) RG 59 (General Records of the Department of State), Decimal Files, 1950-1954, 511.80/7-2753, U.S. Embassy in Egypt, dispatch from Jefferson Caffery to the State Department, « Colloquium on Islamic Culture and Saeed Ramadhan », July 27, 1953. [4] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022. [5] “The World Anti-Communist League: the Internationale of Crime”, by Thierry Meyssan, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12 May 2004. [6] “The CIA Coordinates Nazis and Jihadists”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 19 May 2014. [7] “Jihadists in charge of crowd control in Kiev protests”, Translation Alizée Ville, Voltaire Network, 5 December 2013. [8] “Islamic Units Help Ukraine Battle Rebels. Stocked With Chechens Eager to Defy Russia”, Andrew E. Kramer, The New York Times, July 8, 2015. [9] « L’Ukraine et la Turquie créent une Brigade internationale islamique contre la Russie », par Thierry Meyssan, Télévision nationale syrienne , Réseau Voltaire, 12 août 2015. [10] «Kyiv Sent Forces to Sudan to Counter Russia», Ian Lovett, Nikita Nikolaienko and Nicholas Bariyo, The Wall Street Journal, March 6, 2024. [119/11 – The Big Lie, Thierry Meyssan, Carnot (2002). [12Before Our Very Eyes, Fake Wars and Big Lies: From 9/11 to Donald Trump, Thierry Meyssan, Progressive Press (2019).

([1] «Offisielt erklærer jeg: Dette er ikke oss»: Yarosh avkreftet tilknytningen til terrortrusselen mot Podmoskovye», Espreso, 23. mars 2024.

[2] National Archives War Office, Fil 208 (Militær etterretning, Midtøsten og Egypt), Fil 502, 23. oktober 1939, «Notat om Wilhelm Stellborgen». [3] NARA (National Archives and Records Administration) RG 59 (Generelle poster fra State Department), Desimalfiler, 1950-1954, 511.80/7-2753, U.S. ambassaden i Egypt, melding fra Jefferson Caffery til State Department, «Kollokvium om islamsk kultur og Saeed Ramadan», 27. juli 1953. [4] «Hvem er de ukrainske integrerte nasjonalistene ?», av Thierry Meyssan, oversetter Roger Lagassé, Voltaire-nettverket, 15. november 2022. [5] «Verdens antikommunistiske liga: forbrytelsenes internasjonale», av Thierry Meyssan, oversetter Anoosha Boralessa, Voltaire-nettverket, 12. mai 2004. [6] «CIA Koordinerer nazister og jihadister», av Thierry Meyssan, oversetter Roger Lagassé, Al-Watan (Syria), Voltaire-nettverket, 19. mai 2014.)

https://www.voltairenet.org/article220630.html

Forsidebilde: Dim Hou

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar