Derimot: Sterk underraportering. Dødstallene på Gaza må kraftig oppjusteres. – Derimot

derimot.no:

Lancet-studie: Gazas helsedepartement underrapporterte dødstala med 41%

Studien reknar ikkje med indirekte dødsfall forårsaka av den israelske kringsettinga

Av Dave DeCamp 

Ein ny studie publisert i det britiske legevitskapelege tidsskriftet The Lancet fann at helsestyresmaktene på Gazastripa har teld opp betydeleg færre enn dei reelle tala på palestinarar drepne av Israels folkemordskrig.

Studien tok føre seg perioden mellom 7. oktober 2023 og 30. juni 2024, og fann 64 260 “døde etter traumatisk skade” under den tidsramma. På slutten av juni 2024 sa Gaza sitt helsedepartement at det var 37 877 døde, ei underrapportering på kring 41%.

Per oktober 2024 var talet på palestinarar drepne av israelske militæraksjonar ifølge studien truleg over 70 000. Dei siste tala frå Gazas helsedepartement  set dødstalet til 46 006.

I forklaringa si av metodologien, seier studien at det vart brukt “fangst-gjenfangst-metodar [capture-recapture] til å estimere det totale talet på døde etter traumatisk skade på Gazastripa frå den 7. oktober 2023 til den 30. juni 2024. Ved å kombinere tre datalister – offisielle sjukehus-lister, ei helsedepartement-undersøking og nekrologar frå sosiale medium – gir vi eit estimat av dødelegheita som tar omsyn til underrapportering.”

Studien reknar berre med dødsfall forårsaka av vald, og ikkje indirekte dødsfall forårsaka av den israelsk blokkaden og øydelegginga av medisinske fasilitetar og annan sivil infrastruktur.

Tala frå Gazas helsedepartement har blitt nøye granska av israelske tenestemenn og deira støttespelarar i Vesten. Under folkemordskrigens første dagar uttrykte president Biden tvil om nøyaktigheita, men ein høgtståande tenestemann i USAs utanriksdepartement vedgjekk seinare at det reelle dødstalet   sannsynlegvis var høgare enn det som helsedepartementet rapporterte om.

Talet på indirekte dødsfall som har skjedd på grunn av at Israel kringsette heile Gaza, er truleg betydeleg høgare enn talet på døde etter direkte vald. Eit brev skrive av ekspertar og  publisert i The Lancet i juli 2024 estimerte at dersom krigen stoppa på det tidspunktet, kunne konflikten ha medført 186 000 dødsfall, inkludert 37 396 valdelege dødsfall (basert på helsedepartementet sine tal i juni 2024) og indirekte dødsfall.

Omsett av Monica Sortland

https://news.antiwar.com/2025/01/09/lancet-study-gaza-health-ministry-undercounted-death-toll-by-41/

Forsidebilde: khalid kwaik

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar