Derimot: Starten på en ny type psykiske lidelser? Vrangforestillinger som følge av utstrakt liv på sosiale medier. – Derimot
derimot.no:
Vi publiserer dette innlegget fra nettstedet Saksyndig fordi vi tror at det temaet som her tas opp kommer til å bli stadig mer aktuelt i tiden som kommer. Det er en forskjell på å delta i den faktiske verden i forhold til deltakelse på sosiale medier og i en virtuell virkelighet. I virkeligheten er kroppen vår det instrumentet som erfaringen skal lagres i og uten å delta fysisk mister vi en slik erfaring.
Vi kjenner ennå ikke konsekvensene av stor nett- og mobilbruk, heller ikke sosiale medier bidrar med og hvordan de påvirker oss. Men vi må begynne å snakke om det. Restriksjonene av mobilbruk i skolen er et slikt tiltak som vi tror vil bre om seg i også andre viktige sammenhenger.
Knut Lindtner
Redaktør
Digitale vrangførestillingar øydelegg den psykiske helsa til ungdommar
På sosiale media florerer det av psykiske lidingar, narsissisme og eit forvrengt bilete på eigen kropp. Vrangførestillingar får fritt utvikle seg utan at nokon av dagens terapeutiske verktøy adresserer sjølve sosialmedia som hovudårsaka til at desse oppstod i fyrste omgang. Berre det å avgrense kor mykje tid ein bruker på sosiale media, og heller bruke tid på å vere ute i den ekte verda og møte ekte menneske, kan forbetre denne trasige situasjonen hjå dagens ungdom.
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Sosialmedieplattformer slik som Instagram og TikTok fungerer som narrespeglar slik ein ser på tivoli, som forvrengjer sjølvbileta til brukarane inn til konfigurasjonar som lover godkjenning, men som leverer mental destabilisering. Ei veksande mengd med forsking set søkjelyset på korleis plattformer som er designa for å leggje til rette for kontakt, i staden forsterkar vrangførestillingstankar, spesielt hjå særleg sårbare brukarar. Dei som slit med narsissisme, eit forvrengt syn på eigen kropp eller psykose, blir fanga i ei ‘vrangførestillings-forsterkings-løkke’, der jakta etter å bli godteken på nettet erstattar genuin tru på ein sjølv.

BMC Psychiatry-studien som vi viser til å kjelda vår avslører korleis den grunding polerte naturen til sosiale media lèt brukarar projisere idealiserte versjonar av seg sjølve – databehandla bilete, redigert suksess, eller overdrive meritt – medan ein ignorerer alt sårbart. Over tid erstattar denne framdyrka rollefiguren røyndommen. Kvart ‘like’ tilbyr kortvarig lette, men gjer ein endå meir misfornøgd, noko som fangar brukarar i ein syklus av angst og tvil på seg sjølv. I mellomtida reinskar plattformer vekk ikkje-verbale hint slik som tone eller augekontakt, noko som legg ting godt til rette for paranoia. Utan konteksten til den verkelege verda, fikserer brukarar på innbilt dømming eller paranoide fantasiar, noko som gjer psyken endå skjørare.
‘Dette handlar ikkje om å dele for mykje – det handlar om å outsource trua på deg sjølv til ein algoritme,’ sa dr. Elena Marquez, ein klinisk psykolog som er spesialist på digital mentalhelse. ‘Plattformer lønner fantasi i staden for sanning, og sårbare sinn blir fortapt i simuleringa.’»
Terapeutiske verktøy er ikkje mykje til nytte for dei som er råka av digitale vrangførestillingar. Vidare i artikkelen står det:
«Mentalhelse-etablissementet, som vegrar seg for å erkjenne kor hardt teknologi råkar åtferd, held fram med å feildiagnostisere og feilbehandle pasientar som er skadd av overeksponering. Systemgjennomgangar avslører at dei fleste vurderingsverktøy fullstendig ser vekk frå bruk av sosiale media, og behandlar digitale interaksjonar som bagatellar i staden som ein kritisk faktor i å forverre symptoma.
Til dømes stoler personar med psykose ofte på plattformer når dei navigerer sosiale interaksjonar utan presset som er der når dei snakkar med folk på ekte. Likevel merkjer klinikarar dei som ‘isolerte’ utan å ta høgd for nettaktiviteten deira. Denne blinde flekken mislykkast i å adressere nettmobbing, avhengigheit og usunn fokus på sjølv-samanlikning, som alle får det mentale forfallet til å gå raskare. Ein risikerer òg at brukarar hallusinerer om kva dei ser, og at dei diktar opp ting basert på si eiga usikkerheit.»
Eg vil her skyte inn at nedstengingane under «pandemien» i stor grad normaliserte digitale møte over program slik som Teams. Plutseleg vart heimekontor norma, og dei som har sosial angst slapp å møte opp på ein fysisk plass vekke frå heimens trygge fangenskap. Dette er berre éin av uhyre mange negative effektar den politisk påtvinga nedstenginga hadde på samfunnet.
Forfattarane av nemnde studie indikerer at nettavhengige, psykisk sjuke personar rett og slett må gå gjennom ei digital avrusing. Ein må bli bevisst eigne negative handlingsmønster og setje grenser for seg sjølv. Dei tre enkle (?) punkta er følgjande:
- Overvake korleis ulike plattformer får deg til å føle deg.
- Tilpass nyheitsstraumen på sosiale media slik at du unngår uvisse eller frykt.
- Byrje å omgåast menneske i den ekte verda, i staden for på algoritme-styrte sosiale media.
Berre det å til dømes hjelpe ein nabo i den verkelege verda kan ha stor effekt på sjølvbiletet. Punkta er i utgangspunktet oppnåelege, men det er med sosialmedie-avhengigheit som med alle andre former for avhengigheit – ein kan uhyre lett hamne tilbake i den negative syklusen.