Derimot: KI og adferdsvitenskap skal brukes til undertrykkelse: Uenighet skal stanses før den oppstår. – Derimot

derimot.no:

Nytt DARPA-prosjekt: Ved hjelp av KI og åtferdsvitskap skal dissens undertrykkjast FØR den oppstår

Innlegget er hentet fra Saksyndig

DARPA – forkorting for Defense Advanced Research Projects Agency (direktoratet som styrer det amerikanske forsvarsdepartementet sine forskings- og utviklingsprosjekt, ifølgje SNL) – er med si verksemd ikkje ute etter å beskytte liv, men å kontrollere menneskeheita. Etter sin «heroiske» innsats under plandemien, doblar DARPA no innsatsen i sitt søk etter den perfekte psykologiske manipulasjonen. Deira siste prosjekt har som mål å føresjå og undertrykkje dissens før den finn stad.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Nyleg avdekte dokument avslører at DARPA aktivt søkjer nye måtar å raffinere massevaksinasjonskampanjar, handheving av nedstengingar, og propagandastrategiar – noko som i praksis gjer folkehelsa om til ein militarisert operasjon av masselydigheit.

Dette handlar ikkje om å beskytte liv – det handlar om å kontrollere dei. Etter den katastrofale covid-19-responsen, der regjeringar og konsern konspirerte for å frårøve borgarar deira fridom under påskotet ‘vitskap’, doblar DARPA no innsatsen i sitt søk etter perfekt psykologisk manipulasjon. Deira siste føretak – Kallisti og MAGICS – har som mål å utvikle ein algoritme-‘sinnsteori’ [engelsk «Theory of Mind»] for å føresjå og undertrykkje dissens til og med før den dukkar opp. […]

I mai 2025 kom DARPA med ein illevarslande Request for Information (RFI) [«informasjonsførespurnad»] (RFI) med tittelen Advanced Research Outbreak Simulation Capabilities [«simuleringsevne av framskride utbrot av sjukdom»], der dei openlyst innrømmer at dei har som intensjon å raffinere dei same undertrykkjande tiltaka som vart brukt under covid-19. Dokumentet ber eksplisitt om modelleringsteknikkar for å vurdere:

  • Vaksinasjonskampanjar (inkludert ‘vaksine-indusert immunitet’)
  • Sosial avstand og karantene-handheving
  • Kommunikasjonsstrategiar for folkehelse (altso propaganda)

Språket til DARPA liknar nifst på covid-æraen si spelebok, der ‘vitskap’ vart brukt som våpen til å rettferdiggjere hittil usette brot på menneskerettane. No førebur dei seg på å eskalere – ved å bruke KI-driven bioovervaking (overvaking av spillvatn, digital sporing) og modellar for åtferdsføreseiing for å sikre total underkasting under den neste krisa.

I eit leke spesialdokument frå 2024 innrømte DARPA sitt mål om å ‘hindre uønskt eskalering’ – ein dårleg skjult trugsel mot sivil uro. Når det neste ‘utbrotet’ kjem, forvent:

  • KI-dyrka fryktkampanjar (skreddarsydd til ditt digitale fotavtrykk)
  • Algoritme-nedstengingar (handheva av dronar eller biometrisk sporing)
  • Åtferdsdytt [engelsk behavioral nudges] (som lønner lydigheit og straffar dissens)»
Når jeg spør KI om forskjellen mellom påvirkning og opplysning får jeg til svar at den er «hårfin». I praksis er den ikke der og alt dreier seg om motiver for informasjons-spredningen. (KI laget dette bildet om seg selv som illustrasjon til denne artikkelen).

I artikkelen står det vidare at den nemnde informasjonsførespurnaden (RFI) avslører at vi her får ein reprise av Sirkus Korona, men med endå meir effektive verktøy. Vi får atter ein gong nedstengingar, tvangsvaksinering og digital overvaking:

«Men denne gongen eliminerer Pentagon mellomleddet. Ikkje fleire TV-doktorar som ikkje greier å overbevise oss, eller CDC-direktørar som skiftar kappa etter vinden – KI skal diktere ‘optimale’ responsmetodar, medan åtferdsvitskapen sikrar at massane lyder.

RFI ber eksplisitt om modellering av:

  • ‘dødelegheitsratar’ knytt til immunitet (naturleg versus vaksine-indusert)
  • Tidleg inngrepspåverknad, inkludert vaksinepass og sosialkredittsystem
  • ‘folkehelse-kommunikasjonsstrategiar’ – ein eufemisme for propaganda

Dette følgjer DARPA sitt MAGICS-program, som har som mål å ‘modellere kollektiv menneskeåtferd’ ved bruk av sosiotekniske data. Medan DARPA hevdar at forskinga deira er for ‘nasjonaltryggleiken’, avslører MAGICS-programmet deira ein langt mørkare agenda. Føretaket leitar etter ‘nye metodar for å modellere den kollektive menneskeåtferda’, der ein ikkje nemner utanlandske motstandarar med eit ord – berre føreseiing og manipulasjon av folkets lydigheit.

På liknande vis har Kallisti-programmet (tidlegare kalla «Theory of Mind») som mål å utvikle algoritmar som ‘optimerer strategiar for å hindre eller oppmuntre handlingane til motstandaren’. I konteksten folkehelse, kan alle som stiller spørsmål ved påboda bli stempla som ‘motstandar’ – og kan dermed bli gjenstand for føre-var-undertrykking.

Dette er ikkje spekulasjon – DARPA sine eigne dokument bekreftar dette. Byrået blandar KI, maskinlæring og åtferdsvitskap for å skape eit dystopisk rammeverk der dissens på førehand er kalkulert og nøytralisert før den spreier seg. […]

Oppdraget til DARPA har alltid vore teknologisk dominans, men deira siste trekk eksponerer ein skremmande overgang: å bruke pandemiar som eit påskot for sosial kontroll. Ved å kombinere utbrotssimuleringar med åtferdsmanipuleringsprogram, legg militæret grunnlaget for ein permanent biotryggleiksstat – der fridom er vilkårleg, og motstand blir knust ved hjelp av algoritmar.

Covid-19-æraen var berre ein generalprøve. Den neste ‘krisa’ vil bli KI-optimert, militarisert og langt meir undertrykkjande. Spørsmålet er: vil folket vakne før det er for seint?»

Forsidebilde: KI-generert (Propaganda og reklame kan få deg til å gjøre det utroligste: kjøleskap på Sydpolen.)

Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar