Derimot: Slanke staten, dekolonisering av imperiet? Trump sin store agenda. – Derimot
derimot.no:
Donald Trump sine prosjekt (1/2)
av Thierry Meyssan
President Donald Trump handlar raskare enn andre politiske leiarar av hans generasjon. På berre tolv veker har han allereie endevendt «den amerikanske imperialismen» til fordel for «eksepsjonalismen». Dette er ikkje enden på problemet, men det representerer eit viktig steg framover både for USA og for resten av verda.
Samtidig har han skore ned på det føderale byråkratiet ved å eliminere byrå som ikkje låg under hans jurisdiksjon og gi 230 000 føderalt tilsette sparken.
Voltaire Network | Paris (Frankrike) | 14. april 2025
Donald Trump har no sete i stillinga i meir enn tre månadar. Han har skrive ut eit sjokkerande stort tal eksekutivordrar av alskens slag og gitt inntrykk av ein forvirra personlegdom. Men trass den korte tida han har hatt, byrjar dei første resultata å vise seg.
Dekolonisering av «Det amerikanske imperiet»
Han prøvde først å dekolonisere «Det amerikanske imperiet». Men sidan forsøket hans i 2017 slo heilt feil, endra han tilnærming. Under sin første presidentperiode fekk han på den åttande dagen med eksekutivordre fjerna dei permanente seta som sjefen for Joint Chiefs of Staff og CIA-direktøren hadde i National Security Council. [1] Dette følgde ein revolt i senior-administrasjonen som seksten dagar seinare førte til at han avsette rådgivaren sin for den nasjonale sikkerheita, general Michael Flynn.
Denne saka sette spor etter seg. Under den førre presidentvalkampen blanda toppane i National Security seg inn og kom med falske påstandar om at datamaskina til Hunter Biden ikkje eksisterte og at dei som hevda dei hadde sett den var agentar for russisk feilinformasjon [2]. Donald Trump fjerna derfor topp-sikkerheitsklareringa deira på første dagen av sin andre presidentperiode [3].
Denne gongen tok Donald Trump tyren ved horna: han tvinga ut i pensjon alle dei tenestemennene som hadde kjempa mot han under hans første administrasjon og oppløyste Federal Executive Institute, som hadde trent dei [4]. Då han hadde reinsa ut på dette nivået, trekte han også tilbake sikkerheitsklareringa til 15 politikarar (inkludert tidlegare president Joe Biden og tidlegare utanriksminister Hillary Clinton) for å sikre seg at dei ikkje ville stå i vegen for han igjen [5]. «Alle gode ting er tre,» som dei seier: han avsette også seks andre tenestemenn frå sitt nasjonale sikkerheitsråd [6] den 2. april, fordi dei heldt fram med å samarbeide med sine straussist-venner [7].
Då desse var sette ut av spel starta president Donald Trump fredsforhandlingar om Ukraina, Palestine og Iran. Alle reagerte då han sette den uvalde presidenten til Ukraina, Volodymyr Zelensky, på plass, men han sette også Israels statsminister Benjamin Netanyahu på plass to gongar [8]. Første gongen som respons på planen hans om å annektere Gaza ved å erklære at han heller ville bygge ein ny riviera enn å sjå Netanyahu okkupere territoriet; den andre gongen fortalde han Netanyahu at han ikkje kunne gjere noko for å splitte opp Syria og at han heller ikkje kunne angripe Iran.
Visseleg er det ikkje fred på nokre av desse tre stadane no, men ting er i rask endring::
• I Ukraina har han innrømt at Krim, Donbas og delar av Novorossia er russisk. Dessutan er det klart at det må haldast presidentval. «Dei integrale nasjonalistane» [9] veit allereie at dei har tapt. Når det gjeld territoria som skal delast, har Ukraina berre to krav: å få tilbake det sivile atomkraftverket i Saporosje (eng. Zaporozhye, noko Russland er urokkeleg imot [10]) og om Moskva skal få lov til å annektere Odessa utan kamp.
• I Palestina har han fått nesten alle til å gå med på at Hamas ikkje kan returnere til makta i Gaza, men han har ikkje greidd å finne noko alternativ til «dei revisjonistiske sionistane» (dvs. disiplane til fascisten Vladymyr Jabotinky [11]) i Israel. Donald Trump har ikkje greidd verkenå stoppe massakren på palestinarar, som framleis svelt i Gaza eller å stoppe dei sekteriske massakrane i Syria, som framleis er dominert av jihadistar, men han har tvinga Israel til å gi opp sine ambisjonar i Palestina, Libanon og Syria.
• I Iran er han berre i startfasen, og han har enno ikkje fått Den islamske republikken til å innrømme at dei ikkje trygt kan væpne regionens sjiitt-minoritetar, men han har enno ikkje tilbydd å garantere sikkerheita deira på anna vis. Situasjonen her er vanskelegare, fordi han har trua Iran, slik han gjorde med Ukraina og palestinarane, og hardna Teherans innstilling [12].
I alle desse tre sakene brukte president Trump militæret sitt utan å engasjere dei i kamp: han suspenderte ei stund etterretninga som Pentagon forsynte dei væpna styrkane til Ukraina med [13], noko som forårsaka ein militær kollaps. Ei kort stund suspenderte han også våpenleveransane til Israel, noko som ikkje vart publisert, men skapte stor uro i den israelske generalstaben. Han byggar opp styrkar i Diego Garcia for å true Iran [14]. Hans einaste militæraksjon var å angripe Ansar Allah i Jemen; ein dødeleg og taktisk unyttig aksjon, sidan jemenittane var førebudde på det, men nyttig som åtvaring til Iran.
Reinsing av det føderale byråkratiet
Parallelt med omorganiseringa av USAs utanriksrelasjonar, har president Donald Trump byrja å «trimme mammuten», dvs. klippe bort dei ubrukelege greinene av USAs føderale regjering. Dette er det andre store prosjektet til «Jacksonistane», dvs. disiplane av president Andrew Jackson [15]. For å oppnå dette, set han sin lit til oligarken Elon Musk. Men den rikaste mannen i verda er ikkje jacksonist, men libertarianar. Det han vil, er ikkje å øydelegge dei grunnlovsstridige eigenskapane til den føderale staten, men å redusere makta den har. I dette tilfellet er desse to målsettingane tente med dei same tiltaka, i det minste så langt.
På tolv veker har Elon Musk greidd å registrere 230 000 føderalt tilsette som har levert avskjedssøknad eller fått sparken. Vi opplever det som brutalt, men faktum er at han ikkje stiller spørsmål ved kompetansen deira, men med kva nytte dei gjer – noko heilt anna. Dei fleste av dei sikra eit regelvelde som ikkje skulle ha eksistert i første omgang. Det betyr ikkje at dei er dårlege, berre at dei ikkje fell innanfor den føderale regjeringas område og derfor ikkje bør lønast med skattebetalarane sine pengar. Denne nedskjeringa openberra tilfeldigvis fleire korrupsjonssaker. Til dømes eit stipend på $900 000 frå Small and Medium Enterprises Agency til eit ni månadar gammalt barn. $6 milliardar i løyvingar til Pentagon har nett blitt kansellert, inkludert løyvingat til universitet heilt utan samband med forsvaret av USA. Når DOGE får tilgang til dei nasjonale rekneskapa, vil dei kunne sjå føremålet for kvar overføring gjort av den føderale regjeringa, til dømes lønsutbetalingar til mange utlandske leiarar. Det er derfor forståeleg at det er på veg ein juridisk kamp for å legge lok på alt dette. Departementet for effektivitet i den føderale staten (DOGE) spår at ein kan spare $150 milliardar på eit år på desse kutta i byråkratiet og kampen mot svindel, ein vinst på $931,68 per skattebetalar. Dette er lite i forhold til det ein såg føre seg, men absolutt betydeleg.
Ein bør ikkje samanlikne USA med andre statar; berre med Den europeiske unionen (EU), som har eit byråkrati som er like lite transparent, slik ein no ser med skandalen som involverer hemmelege løyvingar til ymse ikkje-statlege organisasjonar [16].
(…Del 2 kjem seinare)
[1] “Donald Trump winds up “the” organization of US imperialism”, by Thierry Meyssan, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 31 January 2017.
[2] “Public Statement on the Hunter Biden Emails”, Voltaire Network, 19 October 2020.
[3] “2721 Donald Trump strips intelligence officials involved in political forgery of their clearances”, Voltaire, International Newsletter – N°117 – 24 January 2025
[4] “2872 Donald Trump dissolves the Federal Executive Institute”, Voltaire, International Newsletter – N°120 – 14 February 2025
[5] “3138 Donald Trump withdraws security clearances from 14 opposition figures”, Voltaire, International Newsletter – N°126 – 28 March 2025
[6] «Trump Fires 6 N.S.C. Officials After Oval Office Meeting With Laura Loomer», Maggie Haberman, Jonathan Swan & Ken Bensinger, The New York Times, April 3, 2025.
[7] “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022.
[8] “2228 Benjamin Netanyahu feeling the chill from his White House visit”, Voltaire, International Newsletter – N°128 – April 11, 2025.
[9] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022.
[10] “Statement by the Russian Ministry of Foreign Affairs on the Zaporozhskaya nuclear power plant”, Voltaire Network, 26 March 2025.
[11] “The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024.
[12] “Iran denounces US threats to peace”, by Amir Saeid Iravani , Voltaire Network, 31 March 2025.
[13] « L’Occident contre le CRINK », par Manlio Dinucci , Traduction M.-A., Réseau Voltaire, 5 avril 2025.
[14] “3185 The Pentagon prepares for a possible war against Iran”, Voltaire, International Newsletter – N°127 – April 4, 2025
[15] “Donald Trump, an Andrew Jackson 2.0?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 19 November 2024.
[16] “3249 The scandal of the opaque financing of certain NGOs by the European Commission”, Voltaire, International Newsletter – N°128 – April 11, 2025
Forsidebildet er KI-generert