Det har vore ein ganske så travel fredag. Eg snakka med Schiller-instituttet på Zoom, saman med Ray McGovern og Graham Fuller. Graham, for dei unge der ute, er ein utmerka forfattar som har arbeidd i utanriksdepartementet og CIA (han hadde ein kort periode som stasjonssjef i Kabul i 1978) og var på veg oppover i Det nasjonale etterretningsrådet (NIC) før han pensjonerte seg frå Onkel Sam og gjekk over i privat sektor. Eg snakka først i Zoom-konferansen, og det var ei ære å sjå at herr Fuller fullt ut støtta synspunkta mine. Altså er det ikkje forvirra tullprat eg driv med, tenker eg. Når eg får tommelen opp frå menn som Fuller og McGovern, er det eit gyldigheitsstempel.
Dei store nyhenda frå Midtausten-fronten, var ordren frå Den internasjonale straffedomstolen (ICJ) til Israel om å stoppe militæroperasjonane i Gaza og opne grenseovergangar for å sleppe inn naudhjelp. Denne avgjerda veg tyngre enn at ICC-dommarar blir bedne om å skrive ut arrestordrar på Netanyahu og Gallant, saman med Hamas-leiarskapet. Avgjerda til ICJ vil no gå til FNs Sikkerheitsråd for handling. Eg er sikker på at USA vil legge ned veto mot alle trekk som skulle handheve ICJ-dekretet. Men saka vil då gå til Generalforsamlinga, der dei kan avgjere at Israel skal stengast ute frå FN fordi dei ikkje følger diktatet frå ICJ. Viss dét skjer, er det verkeleg ironisk. Det same organet som skapte nasjonen Israel kan no kaste ut Israel og halde dei unna deltaking så lenge dei ikkje tar til vitet.
Under samtalen min med Judge, kommenterte eg den religiøse fanatismen i dei kristne, jødiske og muslimske samfunna som speler ei rolle i opphetinga av krigen i Israel og Palestina. I kommentaren min om det islamske synet på endetida, kom eg i skade for å seie at muslimar trur på at Jesus og Profeten skal kome tilbake. Muslimar trur at berre Jesus skal kome tilbake. Her er ei oppsummering av nokre av hovudpunkta i islamsk eskatologi [læra om endetida, mrk.]:
Det er både små og store teikn som peikar mot klimakset i islamsk eskatologi – nemleg «Timen», som er tidspunktet for gjenoppstand og dom. Jesus’ andre kome er blant endetidshendingane i islam, men det blir ikkje rekna for å vere den avgjerande hendinga. Det blir heller sett på som eit teikn som peikar mot «Timen». Starten på endetida blir markert ved at Antikrist, kalla Dajjal, dukkar opp.
Som med dei kristne skriftene, er ikkje rekkefølga til dei store endetidshendingane alltid så klar i Koranen og Hadith, og i islamsk tradisjon blir dei difor plasserte i ulike kronologiske rekkefølger.
Og — som med kristendommen — seier også islam at berre Gud veit når endetidshendingane skal skje. Men det finst teikn å sjå etter som vil indikere sesongen. Det er både store og små teikn.
Mange av dei små teikna har å gjere med generelle trendar i samfunnet. Andre er relaterte til spesifikke hendingar som vil skje før Antikrist dukkar opp. Dei store teikna handlar om spesifikke profetiar som vil skje i tidsrommet etter at Antikrist har vist seg og før «Timen» for gjenoppstanden og dommen. Listene på både små og store teikn varierer veldig.
Medan Russland held fram med å pulverisere ukrainske styrkar langs heile kontaktlinja, startar Ukraina – no væpna med eit nytt parti ATACM-missiles — angrep som er svært farlege og truleg vil provosere fram ein kraftigare og meir dødeleg russisk respons. Simplicius the Thinker er ute med eit stykke i kveld som er litt alarmistisk, etter mitt syn, og hevdar at russisk luftvern sviktar. Eg trur ikkje det finst nok fakta for å rettferdiggjere ein slik konklusjon. Men eg trur han har rett i vurderinga si om at Zelensky, som blir meir desperat for kvar dag som går, er ivrig etter å prøve å provosere fram ein kjernefysisk respons frå Russland i håp om at dét ville tvinge NATO til å bidra og gå med full kraft inn i kampen.
Ukraina, med assistanse frå Vesten, kryssa ei raud linje i dag som eg trur vil bli følgd av ein svært kraftig, brei russisk respons.
Ukraina har tydelegvis angripe eit russisk radaranlegg for tidlegvarsling av ballistiske missil i Armavir, Russland. Denne øydelegginga av dette spesiell radar-knutepunktet har avgrensa direkte militær nytte for Ukraina, utifrå området som radaren dekkar. Eg trur det er nokon som veldig gjerne vil teste stabiliteten.
Denne ICBM-varselsradaren er lokalisert i Den føderale republikken Voronezh, som ligg 25 mil aust for Belgorod. Radaren er skadd, men ikkje øydelagd. Ikkje desto mindre markerer dette eit direkte angrep på Russlands tidlegvarslingssystem som skal oppdage eit kjernefysisk angrep. Ukraina og Vesten har kryssa ei definitiv raud linje for Russland, og dei vil verkeleg få betale for det. Angrepet skadar ikkje Russlands taktiske stilling på slagmarka ein tøddel. Men det representerer ei klar eskalering frå Vesten si side når dei angrip Russlands kjernefysiske avskrekkingskapasitet. Rubicon er kryssa, og denne krigen vil gå over i eit nytt nivå av fare, særleg for Ukraina og Vesten.
I det aller minste kan ein forvente at Russland vil intensivere innsatsen sin for å lokalisere og øydelegge ATACM-utskytingsramper og missilforsyningar. Dette betyr at fleire NATO-soldatar truleg vil døy i vekene som kjem. Galskapen rår i Washington, London, Paris, Berlin og Kiev. Den kjernefysiske ånda er kanskje ute av flaska, og viss det kjem eit nytt angrep av dette slaget kan Russland kome til å ta ei avgjerd om å bruke taktiske atomvåpen mot ukrainske basar. Her er eg einig med Simplicius, dette er eit fordømt dårleg gjennomtenkt trekk frå Vesten.