Derimot: Skyldes det koranavaksinering? Er apekoppar ei dekkhistorie for covid-vaksineindusert helveteseld, autoimmune blemmer og herpes?

Derimot.no

derimot.no:

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Ei av dei mange uventa hendingane tilknytt Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar» er reaktivering av varicella-zoster-viruset, som kan manifestere seg som herpes, kyllingkoppar, autoimmune blemmer og apekoppar.

Faktisk er apekoppar ofte ikkje moglege å skilje frå kyllingkoppar som, når dei manifesterer seg hjå vaksne, blir kalla helveteseld. Ein studie frå 1988 om apekoppar forklarer at «hovudproblemet når det gjeld klinisk diagnose er å differensiere menneskelege apekoppar frå kyllingkoppar».

Med andre ord, det som enkelte no opplever at media kallar apekoppar, kan faktisk vere kyllingkoppar eller helveteseld, avhengig av personens alder. Og årsaka kan vere Fauci-influensasprøyter [covid-«vaksinar], som tilfeldigvis vart innførde under Operasjon Warp Speed like før det nye påståtte utbrotet av apekoppar.

Ifølgje styresmaktene og media ser apekoppar – kalla «pride-koppar» – ut til å spreie seg primært innåt i LGBT-samfunnet. Derimot kan den reelle kjelda faktisk vere Pfizers mRNA-covid-injeksjonar, som LGBT-arar tok i breitt omfang.

«Kyllingkoppe-viruset er teknisk kjent som varicella-zoster-viruset, og akkurat som sin nære slektning herpes simplex-viruset, blir det ein livsvarig bebuar i kroppen,» forklarer Exposé News.

«Og som sitt andre søskenbarn, genital herpes, kan varicella vere stille i fleire år, og gøymer seg inni nerveceller og kan reaktiverast seinare, noko som skaper kaos i form av smertefulle hudsjukdommar, helveteseld, som er eit blemmefylt, brennande hudutslett.»

«Uheldigvis, eller heldigvis; avhengig av om du vel å ta Covud-19-injeksjon, antydar statlege data og konfidensielle Pfizer-dokument sterkt at Covid-19-injeksjonen kan reaktivere det latente kyllingkoppe-viruset eller herpes-viruset på grunn av den skremmande skaden den gjer på immunforsvaret.»

Pfizer-dokument viser at Covid-sprøytene reaktiverer varicella-zoster-viruset, som resulterer i det som dei no kallar apekoppar

Dersom denne hypotesen er korrekt, ser vi no gjennom Vesten eit utbrot av covid-sprøyte-indusert helveteseld kombinert med andre symptom assosierte med reaktivering av varicella-zoster-viruset.

FDA (US Food and Drug Administration) skal visstnok vete om dette, som er grunnen til at dei prøvde å dekkje for Pfizer ved å låse vekk selskapet sine covid-vaksinetryggleiks- og forsøksdokument i 75 år, berre for å bli beordra av domstolane til å offentleggjere dei seinare.

Ein av seksjonane i dokumenta dekkjer uventa verknader av «spesiell interesse», og listar opp herpes-infeksjonar som eit potensielt utfall av covid-sprøyta, saman med betennelse.

«Ifølgje dokumentet hadde Pfizer innan slutten av februar 2021, berre to månader etter Pfizer-vaksinen vart gjeven naudgodkjenning i både USA og Storbritannia, motteke 8152 rapportar relatert til herpes-infeksjon, og 18 av desse hadde allereie ført til multippel organsvikt-syndrom,» seier Exposé News.

«Multippel organsviktsyndrom (MODS) er ein systemisk, dysfunksjonell betennelsesrespons som krev eit langt opphald på intensivavdeling. Det er karakterisert av høg dødelegheitsrate avhengig av kor mange organ som er involvert. Det kan bli forårsaka av herpes-infeksjon.»

Andre dokument publisert av Centers for Disease Control and Prevention (CDC) viser at tilfelle av herpes, helveteseld og MODS eksploderte i USA etter utrullinga av Operasjon Warp Speed.

På grunn av skaden dei gjer på immunforsvaret, er covid-sprøyter essensielt ein utløysar av latent herpes og reaktiveringa av varicella-zoster-virus. Eit covid-sprøyteskadd immunforsvar senkar forsvaret sitt, noko som lèt desse skjulte sjukdommane dukke opp igjen og øydeleggje.

«Det er ikkje fullstendig forstått, men ‘ekspertar’ trur at det blir utløyst når ein person som har ein genetisk tendens til å få denne tilstanden kjem i kontakt med ein utløysar i miljøet. Dette kan vere ein kjemikalie eller eit legemiddel. Slik som Pfizers Covid-19-injeksjon?»

Kommentar frå saksyndig: Natural News har no i enkelte artiklar byrja å kalle apekoppar «pride-koppar», på grunn av overrepresentasjonen av pasientar blant menn som har sex med menn. Utnamnet antydar sterkt tilknytninga til seksuelt overførbare sjukdommar som førekjem meir i LGBT-miljøet enn hjå andre. Artikkelen sluttar seg til hypotesen om at apekoppar («pride-koppar»?) er oppblomstringa av latente herpes-virus i kroppen på grunn av covid-sprøyte-indusert immunsvikt.

Forsidebilde: Jamie Haughton

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 17

Les artikkelen direkte på derimot.no