Derimot.no

Derimot: Skylder på budsjettkutt. Norske myndigheter vil ikke lenger publisere dødelighetstall. – Derimot

derimot.no:

USA, UK, Danmark, Finland, Noreg: kumulert overdød har halde fram med å stige sidan utrullinga av skota (vaksinene).

Eg fekk eit tips frå ein kollega om at Danmark, Finland og Noreg hadde veldig lik vaksinepolitikk. Mortaliteten gjekk stadig oppover etter skota.

Steve Kirsch, 27. august, 2024

Danmark, Finland og Noreg fører upåklageleg statistikk.

Eg fekk høyre av ein vitskapsperson i Danmark at dødsstatistikkane var flate fram til skota (vaksinene) rulla ut.

Ho sa og at Danmark slutta å rapportere om daglege dødsfall, og har svitsja over til å rapportere dødsfall kvartalsvis. Fører det å ha mindre informasjon til betre helseutfall? Eller er det noko dei skjuler?

Sameleis i Noreg. Dei stoppa å rapportere COVID-statistikk på grunn av budsjett-kutt; det hadde absolutt ingenting å gjere med tala som berre vart verre og verre (14X meir COVID, 3X meir innlegging på sjukehus, 3X fleire dødsfall).

Her er tala. Bestem sjølv. Eg tenker tala er temmeleg inkriminerande.

Diagrammet

Overdødelegheita er beregna i forhold til perioden 2017-2019, som utgjer grunnlinja. Viss det dei gjer fungerer, så bør overdødstala vende om og returnere til null. Men det skjer ikkje. Dødstala aukar monotont. Det betyr at det dei gjorde enten ikkje hadde nokon effekt, eller at det gjorde ting verre. Korleis dei, med slike tal som dette, i det heile tatt kan hevde at det var ein suksess, er eit mysterium for meg.

Dødsfalla starta å bli verre etter at COVID-skota rulla ut. Om det ikkje var COVID-skota, kva var det då som dreiv fram denne monotone auken i overskytande dødsfall?

Det kan ikkje vere at «dette skjedde på grunn av manglade tilgang til helsetenester under nedstengingane», for det starta etter at skota vart rulla ut,det vil seie: tala burde ha byrja gå nedover etter at skota rulla ut. Det er derfor dei aldri viser oss tal og korrelasjonskoeffisientar for «forklaringa» si.

Her er den originale grafen eg fekk frå venen min. Legg merke til kor like dei er i forma, og at dei flatar ut samtidig. Det er berre ikkje slik naturen fungerer i ulike land. Dette er essensielt menneskeskapte effektar.

Det desse diagramma i grunnen seir, er at vi starta i 2021 med å gjer ting verre, og vi stagga ikkje opp før på slutten av 2022.

Noreg sine post-vaksineresultat har vore forferdelege. Styresmaktene kan ikkje forklare det, så dei publiserer ikkje statistikk lenger.

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar