Derimot: Skipet som ble kapret i Rødehavet. Tilhørte en person i Israel med tilknytning til Mossad og det israelske forsvaret.
derimot.no:
Israelske milliardar, Mossad og Houthi-hemn: Korfor vart eit lasteskip kapra i Raudehavet?
Kven er Rami Ungar – millidæren som eig skipet som nyleg vart kapra – og kva har israelsk etterretning med han å gjere?
Denne veka opna det seg ein ny ‘front’ i Israels krig med Gaza, då Jemens Ansar Allah-rørsle kapra eit israelsk-eigd kargoskip i Raudehavet. Før det skjedde, hadde brigadegeneral Yahya Saree åtvara om at jemenittane ville angripe skip som segla under israelsk flagg og farty som er eigd eller drivne av israelske selskap. Saree oppmoda alle statar til å trekke ut sine tilsette ved slike skip.
“Avoid shipping on or handling these vessels. Inform your ships to stay away from these ships,”sa Saree.
Det israelske forsvarsdepartementet kalla beslaget av fartyet for “ei hending av global skala.”Statsminister Benjamin Netanyahu gav Iran skulda for hendinga.
Det viste seg at ein av eigarane av kargoskipet, Galaxy Leader med 25 crew-medlemmar frå Bulgaria, Filippinane, Ukraina og Mexico ombord, var den israelske forretningsmannen Rami Ungar.
Kven er Rami Ungar?
Abraham “Rami” Ungar, ein av dei rikaste israelarane, er ein forretningsmann med omfattande interesser innan import av bilar og fast eigedom, og styreleiar for selskapet Ray Shipping. Ungar har til og med fått ei utmerking frå den koreanske regjeringa på grunn av sitt bidrag til å styrke bilhandelen mellom Seoul og Israel.
Rami vart fødd i nord-Tel Aviv i 1947. Han kjem frå ein svært rik familie, og fekk utdanning i Storbritannia. Han gjorde teneste i signal-korpset til Israels forsvarsstyrkar (IDF), og studerte deretter jus ved Oxford University. I 1971 vart han uteksaminert frå Juridisk fakultet ved Tel Aviv University, og i 2014 fekk han tittelen æresdoktor (Doctor Honoris Causa) frå marineakademiet Nikola Vaptsarov i Bulgaria.
Seint på 1960-talet grunnla Ungar eit lite selskap som spesialiserte seg på import av aircondition-anlegg til trailerar og varebilar. Seinare vart han landets første importør av bilmerka Autobianchi og, deretter, Lancia. I 1972 grunnla han Ungar Holdings Ltd, eit leiande israelsk selskap som driv med bygging av bustads- og kontorbygg, samt utleige av luftfarty.
Selskapet hans, Ray Shipping Ltd., eig fleire dusin bil- og bulkfrakteskip. På desse arbeider det over 1000 bulgararar, og 80% av dei er utdanna ved Nikola Vaptsarov Naval Academy.
Mektige venner og band til Mossad
I 2019 kom Rami Ungar på lista over dei 30 rikaste i Israel, med ein estimert formue på 2 milliardar dollar. Haaretz skrev at forretningsmannen hadde omfattande band til israelske politikarar. Avisa nemnde også ein skandale relatert til eks-president Ezer Weizman, som gjekk av i juli 2000 etter korrupsjonsskuldingar. Weizman skal ha mottatt $27 000 frå Ungar på midten av 1980-talet.
Yoav Gallant
Det er kjent at Ungar er nær ven med forsvarsministeren i Israel, Yoav Gallant. Forretningsmannen kjøpte billettar til han til finalen i FIFA World Cup i juli 2018.
Ein annan skandale involverer band mellom Ungar og etterretningsbyrået Mossads eks-direktør, Yossi Cohen. Den israelske forretningsmannen donerte 1,1 millionar shekel ($341 000, ca 3,2 millionar norske kroner etter dagens kroneverdi) til konstruksjonen av ein synagoge rett ved huset til Cohen. Donasjonen vart betalt ut direkte til Cohen. Kort tid etterpå vart det kjent at Cohen hjelpte Ungar å løyse ein disputt med den israelske forretningsmannen Michael Levy om retten til å representere det sør-koreanske bilselskapet Kia i Israel.
Rami Ungar sine band til Mossad gjeld ikkje berre korrupsjon. Til dømes var entreprenøren involvert i ei mykje omtalt historie om den anti-iranske organisasjonen ‘United Against Nuclear Iran’, som New York Times dekka i 2014. Ungar fungerte som mellommann, som kontakta selskap som samarbeidde med Iran, og overtalte dei til å avslutte handelssambanda med Teheran.
Men det fins dei som meiner at hovudoppgåva til Ungar var å rekruttere leiarskapet i selskapa som var tilknytte Iran. Slutningen er at Ungar arbeidde som Mossad-agent. For byrået er slike selskap verdt si vekt i gull, fordi iranarane stolar på dei, og Israel kan bruke den tilliten til sabotasje og spionasjeføremål.
Dette er berre litt av det den israelske milliardæren direkte eller indirekte har vore involvert i. Men det er nok til å skjøne korfor dette skipet vart tatt av dei jemenittiske houthiane i Raudehavet.
av Abbas Juma, internasjonal journalist, politisk kommentator, spesialist på Midtausten og Afrika
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst