Derimot: Sitter Trump med feilinformasjon om situasjonen ved fronten og om Russlands økonomi? Med feil informasjon om Russland vil det gå galt. – Derimot
derimot.no:
Posisjonerer Trump seg for ein «ingen-avtale» med Russland – eller ikkje?
av Larry C. Johnson

Eg stel tittelen på Alastair Crooke sitt nylege innlegg om Trump og Russland, fordi det var startpunktet i intervjuet mitt med han denne veka. Det ligg no ute på Counter Currents og er innebygd i dette stykket.
Her er opninga hans:
«Trump sin retorikk om at Russland har mista 1 million menn i Ukraina-konflikten, er ikkje berre nonsens – det reelle talet når ikkje ein gong opp i 100 000 – men det at han tyr til dette, understrekar at den vanlege oppfatninga av at Trump berre er smerteleg feilinformert, ser mindre og mindre plausibel ut.
Etter at han hadde ropa opp om dei 1 million russiske dødsfalla,
antyda Trump at Putin øydelegg Russland ved å ikkje inngå ein avtale. Han la til (tilsynelatande som ein digresjon) at Putin allereie kan ha bestemd seg for å ‘ikkje gjere ein avtale’.
I staden, på ein merkeleg uinteressert måte, seier Trump at forhandlingar er fullstendig avhengig av om Putin er interessert eller ikkje. Han hevdar vidare at Russlands økonomi ligg i ruinar, og at han vil vurdere å innføre nye sanksjonar eller toll mot Russland dersom ikkje Putin gjer ein avtale. I eit seinare innlegg på
Truth Social , skriv Trump: ‘Eg skal gjere Russland, som har ein økonomi som sviktar, og president Putin, ei veldig stor TENESTE’.»
Eg held fast på konklusjonen min om at ei hovudkjelde til Trump sine falske påstandar om massive russiske tap og ein elendig økonomi, er etterretningsvesenet – spesielt CIA og direktøren for nasjonal etterretning (DNI). Storparten av etterretning presentert for president Trump i den daglege presidensielle debrifinga kjem frå CIA. Men DNI har ansvaret med å førebu og levere debrifingsrapporten. Trump kom ikkje sjølv på denne unøyaktige informasjonen. Vi har no den tidlegare CIA-direktøren, Bill Burns, som til Washington Posts David Ignatius kjem med følgande påstand:
CIA estimerer at Russland har tapt fleire enn 700 000 i løpet av dei siste tre åra, 10 gongar det dei tapte i Afghanistan i løpet av eit tiår.
Væpna med falsk informasjon om at Russland lir forferdeleg, er det ikkje overraskande at Trump trur at Russland er interessert i ein avtale. Eg bearbeider visse kanalar for å få åtvara Trump om at han blir fõra med løgner. Om han gir akt på åtvaringa mi, er ei anna sak. Det vil ikkje vere første gong eg åtvarer Trump om forbryterske aktivitetar. Donald Trump tvitra dette den 24. april, 2019:

Eg hadde rett den gongen, og eg er på rett spor no og.
Det russiske utanriksdepartementet er veldig tydeleg på kva dei vil oppnå i ei forhandling med Donald Trump:
«Russland er imot ei frysing av den ukrainske konflikten; den vil berre bli brukt av Vesten til å væpne Kiev og prøve å ta hemn.
▪️Dersom USA under Trump tar omsyn til Russland sine interesser, vil dialogen mellom Moskva og Washington gradvis bli gjenoppretta. Viss ikkje, «blir alt som det er no,» sa Lavrov.
▪️ Trumps retur til Det kvite hus endrar det politiske landskapet alvorleg, men ingen bør forvente noka radikal endring.
▪️ Russland har ingen illusjonar om Trump-administrasjonen, og dei vil ikkje la seg narre av den nye presidenten, som har overgått sine forgjengarar når det gjeld sanksjonar.
▪️ Russland ser på Trump sitt ønske om å etablere direkte kommunikasjon med Moskva som ‘rosverdig’.
▪️ NATOs hyklerske og provoserande politikk har ført til auka eskalering risiko for ein direkte samanstøyt mellom Russland og alliansen.
▪️ Russland ser ikkje på Italia som ein mogleg deltakar i fredsprosessen i Ukraina; dersom Roma ønsker bidra, bør dei slutte å væpne Kiev.
Vi hadde Minsk til å løyse problem som Ukraina nekta å rette seg etter, og som Tyskland/Frankrike var part i, men utan å tvinge Ukraina til å oppfylle sine forpliktingar. Kva gjorde Ukraina, USA, Canada, Storbritannia og EU i staden? Dei trente og væpna Ukraina.
Likevel høyrer vi i Vest-media det synet at det er Russland som vil bruke tida til gjenopprusting og starte krigen på nytt. Men om dét var sant, korfor prøver dei då å overtale Russland til å stoppe framrykkinga og kome til forhandlingsbordet? Eit militær som rykkar fram, er ikkje den parten som treng å gjenoppbygge sitt militær.»
Enten det var med hensikt eller ikkje, var gambit-opninga til Trump mot Moskva og Putin ein blindveg. Putin vil tale med Trump, men han vil ikkje bøye seg for truslar eller bølleri. Trump bør heller kome med blomar og konfekt. Putin er ikkje interessert i nokon eingongsaffære.
Her er samtalen min med bror Crooke: https://youtu.be/9u2UdNESpm4.
Her er ein ekstra bonus – samtalen min med Wu Wenqing. Vi møttest under St. Petersburg Internasjonale økonomiske forum. Ho var nyfiken på tilstanden til USAs relasjonar med Kina: https://youtu.be/FKkhfTr484Y.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/is-trump-positioning-for-a-no-deal-with-russia-or-not/
Forsidebildet er KI-generert