Derimot: Selv når dei taper. I USAs medier (og i norske) er Ukraina alltid vinneren.
derimot.no:
Korfor Ukraina alltid vinn krigen
av Ramin Mazaheri for bloggen the Saker
I USA er det éin ting redaktør-policy’en til media aldri har tvilt på: Ukraina vinn alltid krigen.
Frå første veke av, då Ukrainas luftvåpen og marina vart smadra, til førre vekes smadring av elektrisitetsnettet – dette er tydelegvis kva «siger» er på ukrainsk. Russarane kan ved val inkorporere det eine territoriet etter det andre, men å antyde at den ukrainske sigeren ikkje allereie er i boks, er verboten å seie høgt i USA.
Kva er poenget med å lese USAs dekning av ufreden i Ukraina, når den er så veldig absurd?
Poenget er: å lære kva USA tenker, sjølvsagt. Om det er aldri så mykje langt ut på viddene, så – like det eller ei – er det det historia er, og historia skriv seg alltid sjølv i ærleg jouralistikk.
Eg snakka med ein polsk drosjesjåfør som er tykte var ekstremt intelligent, og ikkje berre fordi han har ein iransk svoger og såleis kjenner og respekterer den iranske kulturen. Denne sjåføren, som hadde vore immigrant lenge, var svært pro-Ukraina og anti-russisk, noko som er hans rett og ikkje uventa, og han var ein typisk polakk med det at han var brennande pro-amerikansk. Men han fortalte meg at han fann at amerikanarane var det mest effektivt propagandiserte folket i verda – han sa dei ufråvikeleg berre gjentok det dei høyrde på TV-nyheitene.
Éin ting er det å avvise kritikken til fiendane dine, men kritikken til vennane dine fortener litt merksemd.
Eg har og sjølv funne den same jern-kjeva dogme-bevaringa: amerikanarar fortel meg at dei berre dei aller siste vekene har høyrt nokon ymte frampå om at krigen ikkje går så bra for ukrainarane. Eg er einig, for eg har sjølv enno til gode (bortsett frå intervju med politiske analytikarar i arbeidet mitt for PressTV) å høyre slike kommentarar, og eg har fått mange rare blikk når eg har bragt idéen på bane.
Og det er jo gladnytt for amerikanarane, som dei kan snakke om: «Hei, har du høyrt? Ukrainarane vinn krigen! Framleis!» Men, beklagelegvis er det mi rolle i USA å vere ein festbrems når diskusjonane dreier inn på politikk.
Når emnet Ukraina kjem opp, startar eg med det faktum at eg har budd i Frankrike i over eit halvt tiår og – ettersom Frankrike vanlegvis sit midt i smørauget av europeisk diplomati – har rapportert om ufreden i Ukraina sidan 2014. Når eg nemner at Ukraina eksisterte før februar 2022, kjem det eit glasaktig uttrykk i auga deira.
På liknande vis var det ein som nyleg gratulerte meg med den iranske revolusjonen. Så hyggeleg å høyre, takk! Men dessverre refererte denne personen til den siste ufreden rundt anti-hijab, og ikkje 1979. Nett slik Ukraina vinn krigen, var denne personen overbevist om at desse protestane hadde fått i stand ein (kontra-) revolusjon. Når det gjeld Iran, får amerikanarane enno raskare opp «denne informasjonen kan eg ikkje ein gong midlertidig la penetrere sinnet mitt»-sløret for auga – det dukkar opp allereie ved første motstridande ord eg ytrar.
Eg tar opp Iran for å vise mønsteret: Ukraina har alltid vore den sigrande parten, dei vinn no, og dei vil vinne i framtida, fordi USA alltid vinn alle krigar dei innlét seg på.
For USA var jo alltid sigrande i Afghanistan. Den einaste indre usemja som var lov, handla om den totale tilbaketrekkinga deira i august 2020 – var den dårleg planlagt, eller ikkje? Dersom den var det, så fekk den totale US-amerikanske sigeren seg ei skammeleg ripe i lakken (om enn berre ei lita stripe) av den totale tilbaketrekkinga.
USA vann alltid krigen i Irak óg. Shock and awe-taktikken dominerte frå start til slutt, med slutten eit totalt sjokk over kor lite godt den USA-leidde krigen hadde skapt både for irakarane og amerikanarane. Men det udiskutable faktum om den amerikanske sigeren: totalt fantastisk, sjølvsagt.
Den balkaniserte katastrofen Libya? Endå ein siger. Assad framleis ståande i Syria? Likevel ein siger, men ikkje be om forklaring. Kalde krigar i Iran, på Cuba, i Venezuela, Nord-Korea, Nicaragua og andre revolusjonære land? Sigeren er så nær at media i USA kan sjå den, insisterer dei.
Desse dåraktige politiske vrangførestillingane kan ein ikkje skulde på gjennomsnittsamerikanaren for: alle desse plassane er så langt unna det totalt vaklande daglege rotte-racet/skytebana som er det amerikanske livet, og den informasjonen dei kan finne er så utruleg einsidig.
Forsømming kan vere eit brotsverk, men vi må forstå at det her ikkje er snakk om forbryters hensikt: eg vart ikkje sjokkert då eg laga ein reportasje om ei meiningsmåling om USAs utanrikspolitikk som viste at 79% av amerikanarane ønska fred med Iran. Dette er til og med den utanrikspolitiske saka som det var størst semje om, utanom éi: med eitt prosentpoeng meir ønsker amerikanarane meir juridisk kontroll med den utøvande greina sine avgjerder om å gå til krig – d.v.s. dei ønsker seg meir fred.
Brotsverket til gjennomsnittsamerikanaren er ikkje verken vondskap eller forsømming, men naivitet – at dei ventar at eit medium som er dominert av privat, og ikkje offentleg, eigarskap nokon gong vil produsere journalistikk som er til gagn for folket, og ikkje for dei rike eigarane. Enten du kallar det Vestleg liberalt demokrati eller The American way eller neoliberalisme: historia viser at det alltid har feila, feilar og alltid berre vil feile for dei 99%.
Dei US-amerikanske media og politikarane veit kva knappar dei skal trykke på for å produsere naivitet: legg merke til korleis det alltid er «det ukrainske folket» mot «Putin» – der er ikkje noko russisk folk. Og Putin er sjølvsagt heller ikkje nokon verkeleg person – han er eit monster.
Kva side kan ei travel fotball-mor forventast å ta, særleg når ho prøver å ha ein hyggeleg småprat med andre fotball-mødre? Den einaste amerikanske tingen å gjere, er å kjøpe det pro-ukrainske duftlyset til $25 og vise det stolt fram, så andre kan bli misunnelege…
I USA vil Ukraina alltid vinne krigen, same kva som faktisk skjer i krigen. Når det destruktive tapet deira blir udiskutabelt, blir det uviktig – då vil USA heilt sikkert vere fullt i sving med å vinne ein ny krig.
*
Omsett av Monica Sortland
Ramin Mazaheri er hovudkorrespondenten til PressTV i Paris, og har budd i Frankrike sidan 2009. Han har vore reportar for aviser i USA, og har rapportert frå Iran, Cuba, Egypt, Tunisia, Sør-Korea og andre stadar. Den siste boka hans har tittelen ‘France’s Yellow Vests: Western Repression of the West’s Best Values’. Han er også forfattaren av ‘Socialism’s Ignored Success: Iranian Islamic Socialism’ og ‘I’ll Ruin Everything You Are: Ending Western Propaganda on Red China’.
Forsidebilde: Giorgio Trovato
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 10